Vokterhund og kadaversøkjande hunder!
Møte om hald og bruk av voktarhund og kadaversøkjande hundar i rovviltområder.
Tid og Stad: Skarstua ved Molde, laurdag 13. november 2010 kl. 10.30
Voktarhundar har vore i bruk i Møre og Romsdal sidan eit prosjekt vart starta i Ulvådalen i 1998. Dei siste åra har det vore gitt støtte til innkjøp av slike hundar, og fleire saueeigarar i rovviltområde har nytta dette tilbodet. Dette er ein hundetype som gjennom sine instinkt kan vere med å redusere lammetapa der den blir brukt på rette måten. Tiltaket i Ulvådalen synast å vere eit godt eksempel på dette.
Vi ønskjer å invitere til eit møte der vi samlar voktarhundeigarane i fylket for nettverksbygging, samtidig som vi vil informere om hald og bruk av slike hundar til nye interesserte. Det vil også bli lagt vekt på erfaringar med voktarhundar som kadaversøkjande hundar, der også andre hundetypar kan vere aktuelle. Kurs om opplæring av hundar (uansett type!) og førarar i kadaversøk kan arrangerast til våren, dersom det er ønskje om det. Aktuell instruktør, Kjell Smedstad, vil vere innleiar på møtet. Inger Hansen frå Bioforsk Nord har i fleire år forska på voktarhundar, og Astrid Brenne Moe frå Korvereid i Nord- Trøndelag er oppdrettar av dei fleste voktarhundane som er nytta her i fylket.
Program (med innlagte pauser):
10:30: Oppmøte, kaffe, rundstykke
10:40: Innleiing v/ Åshild Melkeraaen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal
11:00: Erfaringar med bruk av voktarhundar i innland og utland v/ Inger Hansen, Bioforsk Nord Tjøtta
12:00: Oppdrett og sosialisering av voktarhundar v/ Astrid Brenne Moe, oppdrettar, Kolvereid i Nord- Trøndelag
13:00: Lunsj
14:00: Erfaringer så langt i Møre og Romsdal, med spesiell vekt på Ulvådalen v/ Atle Bakken (leiar, Ulvådalen sausankarlag) og Kjetil Bakken, (voktarhundførar) også erfaringar frå Vermedalen, Isfjorden og Eresfjorden.
15:00: Vokterhund og andre hundar brukt i kadaversøk v/ Kjell Smedstad, Oppland
16:00: Kor går vegen vidare? Framtidige satsingar v/ Inger Hansen
16:30: Slutt og vel heim!
Vi vonar mange har anledning til å møte. Grunna servering må vi ha påmelding innan 9. november til Åshild Melkeraaen, tlf. 71 25 81 48/ 901 22 742 , e-post: ashild.melkeraaen@fmmr.no
Med helsing
Anne Berit Løset
landbruksdirektør og
Åshild Melkeraaen