- Vi hadde ein gjennomgang av situasjonen, og det som har vore gjordt til no. Det vart diskutert kva vi gjer vidare, og kvar vi kan søke hjelp i den svært vanskelege jakta på ulven, opplyser Arnt Ove. - Vi veit at sauebøndene etter kvart er i ein vanskeleg situasjon, der spørmålet er kan vi sleppe dyra på utmarksbeite eller må vi vente. Vi rår ikkje til å sleppe enda, men har full forståing for det dersom nokon føler at dei må grunna beitesituasjonen. Det vert no undersøkt vidare om vi kan få hjelp frå SNO(Statens Naturoppsyn).
Desse deltok i møtet: Karl Johan Stadsnes, Sykkylven ¨kommune, Mandy Hager, Sykkylven kommune, Asle Konnerth, Skogbrukssjef indre Sunnmøre (representerte Stranda Kommune), Kjell P. Drotninghaug, leiar i Sykkylven viltnemnd, Leif Andre Grimstad, nestleiar i Sykkylven Viltnemnd, og jaktleiar i eit av jaktlaga, Odd Kristian Kulseth, jaktleiar i det andre jaktlaget, Odd Bjarne Bjørdal, fylkesleiar i Møre og Romsdal sau og Geit, Lillian Sylte Gjerde,leiar i Stranda Sau og Geit, Hege Viddal , Stranda Sau og Geit, Anfrid Kulseth, Sykkylven Beitelag (organisert beitebruk), John Arne Langeland, sauebonde og tidlegare rovviltkontakt Sunnylven, Astrid Tronstad Dyrkorn, styremedlem i M og R Sau og Geit, og leiar i Sunnylven S og G, Else Bjørdal Velle, styremedlem i Sykkylven Sau og Geit, Arnt Ove Aure, leiar i Sykkylven Sau og Geit, og Grebstad og Aure Beitelag.
Sistnemnde skal prøve å informere meir etter kvart, opplyser han.
- Dersom de har epostaddresser til andre sauebønder enn dei på utsendelselista mi, så gjer vel å gi meg dei. Viktig at alle får info, oppmodar han.