Det var i området ved Sessvatnet ulven vart skoten i 23-tida fredag 5. juni. Tidlegare var ulven observert i området. Jegerar frå det kommunale jaktlaget vart utplassert på ulike postar i området. Ein og ein halv time seinare vart ulven felt.
Ulven vert no sendt til Statens naturoppsyn i Trondheim, der den skal obduserast.
Dermed kan sauebøndene i distriktet endeleg puste letta ut og sleppe sauene på fjellbeite utan å vere redd for at ulven skal herje i flokkane. Stor takk til alle som har vore med og gjort ein innsats i samband med problemet vi har stått over for siste 14 dagane.