Gjeterhundrådet

Leder: Atle Arnesen Tlf. 976 54 902 E-post: atle.arnesen@tussa.com Sekretær: Cathinka Kjelstrup Tlf. 941 77 580 E-post: gjeterhund@nsg.no

HØYRING DOMMARORDNINGA.

Gjeterhundrådet syner til signala om å høyre organisasjonen om utdanning og organiseringa av gjetarhunddommarar. Vedlagt er "Mal for dommaropplæring" som også seier noko om ansvarsforhold, organisering og arbeidsfordeling slik det er i dag. NSG får innspel på ynskjelege endringar. Dei går i ulike retningar – sterkare sentral styring eller motsett - frislepp. Dersom vi kunne gå vidare med ei omforeint ordning ville det kunne medføre nødvendig ro og respekt. Miljøet vårt er gjerne ikkje tent med anna.

Fram til no har gjeldande -, og tidlegare ordningar, hatt nokre grunntankar i seg:

- NSG rekrutterer aspirantar og utdannar, godkjenner og fasar ut dommarar. Det innebèr eit krav om bakgrunn i bruk av hund i praktisk arbeid og det å stå for NSG sine verdiar med omsyn til etikk og respekt for dyra vi arbeider med.

- Det er eit felles ansvar for heile gjetarhundmiljøet å medverke til at godkjende dommarar får nødvendig dommarerfaring til å vedlikehalde og utvide ferdigheitene som dommar.

- Dommarane dømmer mest mogeleg einsarta og etter vedtekne reglar.

- Som hovudregel skal ein dommar ikkje dømme prøver der han sjølv konkurrerer. Spesielt gjeld dette kvalifiseringsprøver, norgesseriane og viktige cup-ar.

- Seniordommarordninga har hatt intensjon om desentraliserte kurs, nærheit for oppfylging og fordeling av dommaroppdrag, og det at nokre dommarar skulle få opplæring og større erfaring i å dømme større prøver og nye element. Utvalde utanlandske dommarar er nytta til å styrke våre i det sistnemnde.

Ein del av innspela siste åra har gått på større fridom til å kunne stille som dommar. Til dømes: Har du gått nokre gode prøver er det sannsynleg at du også veit korleis ei prøve skal gåast. Då kan du også dømme. Det er hevda at det er uproblematisk at vi dømmer kvarandre på same prøva/ serien. Det vil heller ikkje føre til "skitprat". Det er også føreslått at marknaden må styre kven som skal dømme. Det gjeld også fullt fritak frå det solidariske ansvaret for å halde ein oppegåande dommarstand i NSG, og såleis også til fritt å nytte utanlandske dommarar. Vi høyrer og forslag om at ein dommar ikkje kan dømme prøver i anna klasse enn den han sjølv meistrar med eigen hund.

Gjeterhundrådet ynskjer at høyringssvara drøftar og konkluderer i dei fem strekpunkta nemnde ovanfor, og elles supplerer med synspunkt på forhold som ikkje er nemnde der.

Høyringsfrist 15. februar 2013. Svara bør gå gjennom fylket si gjetarhundnemnd/ gjetarhundlag.

Frist for innspill til Nord Trøndelag sin utalelse er 10 Feb. Innspil sendes Stefan Skulstad.

For Gjeterhundrådet

Atle Arnesen, leiar.