Den 4. og 5. november 2011 var kring 200 bønder frå heile nordvestlandet samla på Alexsandra hotell i Loen. Det var samvirkeorganisasjonane og faglaga i landbruket som saman med bondelaget hadde samordna sine aktivitetar i storsamlinga Agro NordVest 2011. Laurdag den 5. var satt av til fagmøter der ulike tema gjekk parallelt. Sogn og Fjordane sau- og geitalslag hadde ansvar for to av møta: " Avl på bruksbuskapar sau og geit" v/ regionkonsulent Kjell Steinar Løland, NSG og  "Avl på pelssau. Pelssau, den mest lønsame sauen i dag?" v/ Liv Astrid Nordheim Kusslid og Leif Arne Nordheim. Det siste temaet samla over 40 aktive tilhøyrarar. Liv Astrid presenterte rasen norsk pelssau og orienterte om resultata frå beiteforsøket som ho gjennomførte som hovudfagsoppgåve. Her fann ho m.a. at pelssauen beitar vesentleg meir skog enn NKS. Leif Arne tok som mangeårig leiar av Sogn Pelssauring føre seg avlsarbedet på pelssau og viste også ved ein del utrekningar at pelssauen i dag, og med dei forventningar ein har til skinnmarkedet framover, er den mest lønsame sauerasen. Tilhøyrarene fekk også sjå og kjenna på flotte ferdigreidde skinn av pelssau. Både Liv Astrid og Leif Arne er medlemer i Norsk Pelssaulag og presentasjonen dei nytta finn du HER.