Me kan slå fast at weekenden vart ein suksess. Over 60 personar møtte fram, og det vart utveksla mange gode røynsler og synspunkt både i dei felles samlingane og elles. 

Fredagen opna leiaren i laget, Knut Sveinung Kleppa, med å ynskja alle vel møtt. Særskilt velkomne var søskenparet Katarina Ugrinovska og Filip Ugrinovski som hadde teke turen heilt frå Tranås i Sverige. Dei ga oss ei lærerik innføring i korleis selskapet deira, Donnia Skinn AB, handterte og bereidde pelssauskinn. Norsk Pelssaulag har nemleg ein gunstig avtale med selskapet om bereiing av skinn, som er open for alle medlemer av laget. Forrige sesong var 121 produsentar med på ordninga, med nesten 3800 skinn. Det var på førehand invitert til ein konkurranse om beste langulla og beste nedklipte skinn. Ekspertane frå Sverige var dommarar, og det vanka fine premiar til vinnarane (sjå bilete).

Vinnar langulla skinn Aslak Geir Skurdal, 2. plass Arnegarden ved Dagrunn Molvik og 3. plass til Irene Amundgård med dommerne Katarina Ugrinovska og Filip Ugrinovski.

Vinnar nedklippa skinn Vassleggen Gard, representert ved Rannei Hårstad, 2, plass Gjessfjell Pelssaugard ved Monica Svendson og 3. plass Elisabeth Faye og Tor Andreas Gaarder.

Om ettermiddagen var det busstur til Storli Gard, ein over 400 år gamal fjellgard i Lønset (pelsverringen på Oppdal har nemleg «eigen bussjåfør», Arne Rolvsjord). Wenche og Hallvard Storli tok vel imot oss, og fortalde om korleis dei kombinerte sauehaldet av pelssau med overnatting og servering av m.a. kjøt som var produsert og foredla på garden. Dei serverte oss nydeleg badsturøykt lam til middag.

Laurdag var det på med kjeledressane. Då var det tid for å sjå på pelslam. På Vassleggen Gard hjå Nils Erik Sandblost og Rannei Hårstad hadde dei samla pelsverlam som hadde vorte kåra tidlegare i veka. I grupper fekk me ein gjennomgang av kva ein skal sjå etter når ein skal vurdera pelsen på eit lam. Også her hadde styret fiksa ein konkurranse: Det var plukka ut tre lam, og oppgåva gjekk ut på å koma nærmast opp til ein «fasit» på pelsdømminga av desse tre lamma. Då det var heile 21 karakterar som skulle fastsetjast, var det ingen som trefte fasiten heilt, men det var tydeleg at deltakarane hadde mykje god kunnskap om temaet. Ringen i Oppdal hadde også samla alle dei vaksne verane, og her var såleis mykje gilde dyr å sjå.

Fjøset på Vassleggen Gard er nytt, og er stort og triveleg. Det vart ein ekstra spiss på samlinga i fjøsen då vertskapet serverte kaffi/jus med gjærbakst og platekake. Kårfolka på garden, May Britt og Jan Sandblost, hadde ytt gode bidrag.

Det var også noregsmeisterskap i klipping av sau og handtering av ull i Oppdal desse dagane. Dessutan vart den årlege fårikålfestivalen avvikla. Innimellom alt program som styret hadde lagt opp til, var det også gode pausar slik at me også kunne få med oss noko av alt det andre som skjedde.

Samlinga vart avslutta med ein felles middag på Skifer Hotell laurdag kveld. Dei gode orda og spøken sat laust hjå Hans Bøe, som losa oss gjennom ein flott middag med lammeskank som hovudrett. Takk for ei triveleg samling til styret og til dei lokale kreftene i Oppdal som hadde lagt alt så godt til rette!

Styret takker Leif Arne Nordheim for denne oppsummeringen av samlingen.