Mange har tatt i bruk fosterteljing i sin buskap, men det er og mange som ikkje får tak i eller vel å ikkje nytta dette.

Det er ikkje så mange personar som utfører dette arbeidet og kapasiteten kan vere begrensa. Er du interessert, ta kontakt med ein av oss i arbeidsgruppa for NyGiv eller ein du veit som har kontakt med ein slik operatør.

Korleis utfører ein fosterteling og kva kan ein oppnå?

  • Skanning utføres frå ca. 40 dagar etter siste paring
  • Sauen må ha så tom vom som mogeleg ikkje vara fora dei 10 siste timane før skanning
  • Gå saman med naboar for og få godt mannskap og god dyreflyt under skanninga
  • Planlegg god logistikk og stress sauen minst mogleg
  • Etter skanning kan du registrera opplysningane inn i Sauekontrollen
  • Når opplysningane ligg i sauekontrollen kan du ta ut lister med forventa lamming og tal foster
  • Skulle du ha sauer som ikkje er drektige kan du slakte dei nå
  • Du kan sortere sauene og fora etter lametal og hold
  • Det vert lettare å planlegge fordeling av overskotslam på andre søyer og dermed mindre kopplam

Er du i tvil om korleis du skal gruppera og fora etter skanning og fram mot lamming må du søke råd hos rådgjevar.

For å lukkast med fôringa fram til lamming er det viktig ta omsyn til grovfôrkvaliteten. Denne finn du ut med ein grovforanalyse.

Lukke til!