Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Kurs i sauekontrollen - påmelding

31.12.2014

NyGiv arrangerer kurs i sauekontrollen i desember og januar. Her finn du meir informasjon om kursa og lenke til påmelding.

For å kunne gje sauehaldarar i Hordaland eit best mogleg tilbod arrangerer NyGiv heile 11 kurs i sauekontrollen, dette i samarbeid med lokallaga i sau og geit. Du melder deg på det kurset som passar deg best i høve til stad og tidspukt. Sjå tabellen under for informasjon om kursa, trykk HER for å kome til elektronisk påmeldingsskjema.

Kursa vert lagt opp slik at både nybyrjarar og vidarekomne skal ha utbyte. Kursa er gratis for medlemer i sauekontrollen. Ta med eigen bærbar pc dersom du har dette. Vel møtt til påfyll om sauekontrollen, hyggeleg samvær og ein matbit!

Kurshaldarar er Grete Ringdal frå Animalia saman med Karluf Håkull og Hilde Håland frå slakteria.

Har du lyst til å bli medlem i sauekontrollen? NyGiv har kampanje på innmelding for nye medlemer. Melder du deg inn i sauekontrollen i løpet av prosjektperioden får du dei tre første åra gratis!! For innmelding, ta kontakt med din rådgjevar på slakteriet; Nortura - Karluf Håkull på tlf 971 65 537, Fatland - Hilde Håland på tlf 982 42 214.
NB! Det er også høve til å melde seg inn i sauekontrollen på sjølve kursdagen.

 

Sauekontrollkurs
Nr Dato Stad Kursplass Tidspunkt
1 Måndag 15. des, kveldskurs Odda Kulturhuset Meieriet kl 19-22:30
2 Tysdag 16. des, dagkurs Etne Kommunestyresalen kl 12-15:30
3 Tysdag 16. des, kveldskurs Kvinnherad Rådhuset i Rosendal kl 19-22:30
4 Onsdag 17. des, kveldskurs Stord Stord ungdomsskule kl 19-22:30
5 Måndag 19. jan, kveldskurs Bergen Stend jordbruksskule kl 19-22:30
6 Tysdag 20. jan, dagkurs Lindås Nordhordlandshallen, Knarvik kl 12-15:30
7 Tysdag 20. jan, kveldskurs Lindås Nordhordlandshallen, Knarvik kl 19-22:30
8 Onsdag 21. jan, dagkurs Fusa Brannstasjonen i Eikelandsosen kl 12-15:30
9 Onsdag 21. jan, kveldskurs Kvam Kvam ungdomsskule kl 19-22:30
10 Torsdag 22. jan, dagkurs Granvin Løo på Seim i Øvre Granvin kl 12-15:30
11 Torsdag 22. jan, kveldskurs Voss Voss kulturhus kl 19-22:30

 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no