I Hordaland har vi kapasitet for å produsere meir lammekjøt
Vi veit at marknaden vil ha meir sauekjøt, vi har ledig beitekapasitet og økonomien har bedra seg dei seinare åra. Det er venta ei befolkningsvekst på 20% dei neste 20 åra og det er eit mål å oppretthalde den norske andelen av matforbruket. Med Landbruksmeldinga til grunn ventar vi og at det skal vere lønsamt å produsere sauekjøt framover.

I regionalt næringsprogram for Hordaland er det sett mål for kva utvikling vi vil jobbe for i landbruket hjå oss. Programmet er utarbeidd i samarbeid mellom Fylkesmannen og landbrukets organisasjonar, deriblant Hordaland Sau og Geit. Det er sett opp følgande mål for sauehaldet:
Auke produksjonen av lammekjøtt med 10 %, tilsvarande 158 tonn, til 1 743 tonn årleg i 2017.
•Auke kvaliteten på lammekjøtt ved å auke til 89 % lam i slakteklasse O og betre.

Kan du levere 4-5 lam meir?
Talknusarane satte fort igang å rekne på kva 10% auke i lammekjøtproduksjonen eigentleg utgjer. Snittbuskapen i Hordaland er 52 sauer*. Det betyr at med 4-5 lam meir levert per sauebonde i Hordaland vil vi nå målet om 10% auke. Dette føreset sjølvsagt at lamma er av god kvalitet/vekt. På møtet i Knarvik var det absolutt stemning for at dette klarar vi!

Prosjektgruppa
Prosjektet er eigd av Hordaland Sau og Geit, med Reidar Kallestad som prosjektmedarbeidar. I arbeidsgruppa har vi og Karluf Håkull frå Nortura, Hilde K. Håland frå Fatland og Leif Trygve Berge frå landbruksrådgjevinga. Svanhild Aksnes frå Fylkesmannens landbruksavdeling jobbar som koordinator i prosjektet. Alle desse presenterte seg og fortalde litt om sine tankar på oppstartsmøtet i Knarvik.

Tilbod på sauekontrollen
I prosjektperioden har vi en tilbodskampanje på innmelding i sauekontrollen. I dette ligg det at dersom du melder deg inn i sauekontrollen i prosjektperioden, så vil du få dei tre første åra gratis. På møtet fekk vi og mykje god informasjon  om sauekontrollen og bruk av denne ved Animalia.

Aktivitetar
Det er sett opp ein aktivitetsplan for 2013 som blant anna består av fagmøter på bygg, lammetilvekst og avl. Aktivitetane vil bli marknadsført etterkvart. Det skal og setjast igang eit arbeid på forbetring av driftsopplegg, men dette vil vi kome attende med meir informasjon om ettekvart. Oppstartsmøta går av stabelen 11.feb i Knarvik, 12. feb i Øystese, 13. feb på Voss, 25. feb i Odda og 26. feb i Sveio. Neste aktivitet vert fagdag bygg den 16. mars i Meland.

 

Hovudmåla for prosjektet:

Få fleire lam til slakt!

Få meir levande lokallag i Hordaland Sau og Geit!

 


 

På biletet har Reidar Kallestad ein oppsummering av møtet og fortel om tankar om vidare arbeid.

* Sum sau og lam i over og under eitt år per 1.januar 2011, kjelde produksjonstilskot.