Tarjei Aalvik, leiar i Kvam sau og geit, ynskte velkommen. Ein god gjeng møtte for å høyre om prosjektet og treffe kolleger. Det møtte også fleire bønder som skal byggje om og gå over frå storfe til sau.

Kontroll på sauen?
Av dei som møtte var dei aller fleste tilslutta sauekontrollen allereie. Mari Langaker frå Animalia synte ein god del av kva data ein kan få ut ved medlemsskap i kontrollen. Skal ein arbeide med forbetring av eigne resultat vil det vere ein veldig god støtte å ha medlemsskap i sauekontrollen. Det kan heller ikkje gjentakast for ofte at i prosjektperioden får du dei tre første åra i sauekontrollen gratis ved innmelding. Snakk med din fagkontakt på slakteriet for å få hjelp med innmelding (Karluf Håkull i Nortura eller Hilde Håland i Fatland).

Takk til Kvam sau og geit for tilrettelegging med lokaler og møtemat!

For å lese meir info om prosjektet klikk her!
 

 

 


Foto: Karluf Håkull frå Nortura orienterer.