Banner Banner Banner Banner

Kalender

  August 2020
Ma Ti On To Fr
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31      

Siste publiserte artikler

Siste kommenterte artikler

Årsmøte og seminarhelg 2020

24.02.2020 | Skrevet av Pål Kjorstad

Da er nok eit kapittel i historia til Oppland Sau og Geit skrive. Årsmøte og seminarhelg saman med Hedmark Sau og Geit  i Øyer 21. til 23. februar er over. Skal eg sjølv si noko om dette, så var vel dette fagmessig sett eit av dei beste seminara vi har hatt i mi tid.

For å nemne noko, så sette vi svært stor pris på å dela ut prisar og spesielt diplom åt trufaste hjelpesmenn og kvinner i mange år:

Sidsel Røhnebæk hos FMOP, og no FMIN, beitelagas beste venn i Oppland

Erling Skurdal frå Nortura, før NSG og FMOP, småfebondens talsperson og beste venn i Nortura SA

Per Nyhus og Bjørnar Bakken, klippere, klippeinstruktører - rekruttering- og motivasjonskapere i ull og klippefaget

Anne Terningen, småfebondens motivasjon- og framsnakkingsperson i Nordre Land og Oppland

Stein Myhrsveen, småfebondens service- og hjelpesmann i Furuseth AS

Æresmedlemmane Gudmund Skotte, Hans Hjelstuen, Sigurd Krekke, Anders Svare og underteikna var der. Gudmund kunne ikkje fullrosa kor stort eit sllikt arrangement var for han, den likaste helga i året!! Sigurd og Hans selde jubileumsboka til Fåvang Sau og Geit under arrangementet, og Anders bidrog som vanleg både fagleg og sosialt, medan underteikna organiserte.

Vi sette òg pris på å dela ut premier til:

Bente og Andres Wangensteen for beste pelsvær i Norge 2019

Kari og Lars Olav Leirdal for beste vær i Oppland 2019

Anton Myhrmoen for beste spælvær i Oppland 2019

Malin Tungen som fylkesmester i bruk av gjeterhund med hunden Noah i 2019

Ragnhild og Øyvind Krogsveen for beste bukk i Oppland i 2019

Fåvang, Nordre Land og Ringebu som dei 3 beste lokallaga i 2019

Takk for stor innsats til Ellen M. Syse som slutta av som nestleder i fylkesstyre, og lykke til åt Ola Hareland som tok over vervet.

Takk til Marthe Lang-Ree, som ordna åpning, var ordstyrer i generaldebatten og toastmaster på årsmøtemiddagen

Takk for fine songar ved åpninga frå kulturskulen i Øyer

Takk til Ingvild Arneng for den fine solosangen ved utdelinga av beste bukk

Takk til Hedmark Sau og Geit som hadde årsmøtet sitt saman med oss

Takk til alle saman som kom og bidro både organisasjonsmessig, fagmessig og sosialt

Takk til alle utstillere og foredragshaldarar under helga, klikk på lenkene og sjå kva dei prata om:

Avlsarbeid i bruksbesetning, Kjetil Lien, Øyer

Avlsarbeid i værholdslag, Pål Egil Rønn, Sør-Fron

Avlsarbeid og organisasjonsarbeid i avlsbesetning/Ring 41 Oppland, Peder Leirdal, leder i Ring 41 og medlem av Avlsrådet for Sau i NSG

Orientering om beitebruk i Hedmark og Oppland, Sidsel Røhnebæk, FMIN

Marked for sau og lam, Erling Skurdal, Nortura SA

Info frå NSG, Kjell Erik Berntsen, NSG

Info og nyheter frå Findmy, Arnstein Solem, Findmy AS

Info og nyheter frå Telespor, Nicolay Boberg Jansen, Telespor AS

Norske kadaverhunder, Jonny Mathisen, styremedlem i OSG og styremedlem og fagansvarleg i Norske Kadaverhunder

Elektronisk overvaking i praksis, Pål Kjorstad, sekretær i OSG og dagleg leder i Oppland Radiobjøllelag

Korleis auka aktiviteten i lokallaga, Fåvang Sau og Geit, Knut Evensen, leder i OSG og Fåvang Sau og Geit

Korleis auka aktiviteten i lokallaga, Nordre Land Sau og Geit, Marianne Hamre, leder Nordre Land Sau og Geit

Korleis auka aktiviteten i lokallaga, Lesja Sau og Geit, Irene Amundgård, leder Lesja Sau og Geit

Info og nyheter frå Husdyrsystemer, Olaf Larshaugen, Fron Traktorservice AS

Info og nyheter frå Felleskjøpet, Rune Lostuen, produktsjef drøvtygger Felleskjøpet Agri

 

Bente og Ardres Wangensteen fekk premie for beste pelsvær i 2019 av NSG. Terje Bakken stod for utdelinga, foto: Pål Kjorstad

 

 

 

 

 

Erling Skurdal i midten med diplomet frå Oppland Sau og Geit han fekk for sin store og lange arbeidsinnsats for småfehaldet. Knut Evensen til venstre og Pål Kjorstad til høgre er gratulanter! Foto: Nicolay B. Jansen

Takk for samværet til alle!  Pål Kjorstad

For meire stoff for dere som er på facebook, les her

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com