Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2020
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Dommarsamling 2018

20.07.2018 | Skrevet av Oddmund Hildal

Dommarsamlinga vert iår ilag med Sogn og Fjordane hos Ove og Randi. Me er og på jakt etter nye aspirantar.

Dagane går fort og hausten/kåringssjåa nærmar seg raskt. Hald av TIRSDAG 28 AUGUST i 2018,  for  dommarsamling   

 

Dommarsamlinga vert heime hos Randi Undertun og Ove Holmås, Sævråsvegen 118, 5955 Lindås kl.10.00

Samlinga dette året vert i saman med Sogn og Fjordane sine kåringsdommarar.

 

Me gjennomgår regelverk,oppsummerar fjoråret som da var mykje nytt/ny lupe å forholda seg til.

Erfaringane me hadde  med dei nye lupene og satsar på at alle dommarane tar med  si eiga lupe som me fekk utdelt i fjor og  som dei «låner» hos HSG medan dei er med og dømmer

 

Me gjennomgår teori/praktisk dømming, me prøver kvart år og bli meir samkøyrde i dømminga og då er denne dommarsamlinga svært nyttig.

Og me prøver skaffa på plass lam i  (ulike raser) som jo er ei stor utfordring å dømma.

 

Eg håpar ALLE kan væra med på denne dommarsamlinga og me trenge evaluera og samkøyra oss meir for å gje ei meir einsarta dømming og

Me  MÅ me ha eit krav om at ein deltar på kurset.

 

Alle tar med seg kjeladress og støvlar til samlinga Husk å væra presis kl 10.00 og dommarar som er aktiv må delta på desse kursa/samlingane då det for tida er mykje nytt ( i fjor,litt mindre i år)

 

Påmelding snarast og innan onsdag 22 august til underteikna .

 

Er det nokon som av ulike grunnar ikkje kan væra med på kåringssjåa som dommar denne hausten eller på dommarsamlinga , lyt eg få beskjed om da snarast (men da er da sjølvsagt IKKJE)

Me er og på jakt etter nye aspirantar. Husk at dei må utnemnast av lokallaget til underteikna.

 

GOD Sommar til dåke alle………

Mvh

Avlsutvalet for Sau i Hordaland

 

Tore Atle Sørheim

90620154

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no