Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Fellingsløyve på jerv

19.08.2017 | Skrevet av Oddmund Hildal

Det vart gåve fellingsløyve på jerv i Hordalang og Rogaland, då det vart dokumentert fleire drepne lam av jerv.

Det vart søkt om fellingsløyve på jerv då fleire lam vart funne drept. Dette har statens naturoppsyn slått fast. Det er drepe 3 lam i Mælen, Suldal, eit i Bråtveit og 3 ved Kaldavatne i Røldal. 

Løyve i Hordaland gjeld frå 18. august til og med 31. august. Fellingsforsøket skal koordinerast med fellingslaget i Rogaland. I Telemark skal søknaden vurderast på mandag.

Søknaden er gåve på bakgrunn av funn av eitt lam antatt drepen av jerv i Suldal den 14. august 2017. Det har i delar av det aktuelle området vore store tap av sau til jerv dei siste åra. Søkjar skriv at ein jerv med individnummer 3597 er antatt skadegjerar, og nyttar eit leveområde frå RV 7 i nord og til Åseral i sør. Det aktuelle området er skildra som eit viktig og prioritert utmarksbeite for sau med stor konsentrasjon av beitedyr. Erfaring har vist at jerv i området kan gjere stor skade på bufe. Det er difor søkt om løyve til felling av jerven for å redusere potensialet for vidare tap denne sesongen.

Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland erstatta til saman ti sauer og 221 lam som tap til jerv i området i 2016.

 

 

 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no