Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Flott resultat i Sogndal og Leikanger Verring!

20.11.2011 | Skrevet av Johannes Gunvordal

Steinar Eikevik melder seg på i kampen om beste veren i fylket. Dette året ligg han kun 1 indekspoeng bak den beste, som nådde 142 i O indeks. Andreplassen delar han med Kåre Kastet på Årdalstangen.

Flott resultat i Sogndal og Leikanger Verring!

 

Steinar Eikevik melder seg på i kampen om beste veren i fylket. Dette året ligg han kun 1 indekspoeng bak den beste, som nådde 142 i O indeks. Andreplassen delar han med Kåre Kastet på Årdalstangen.

 

Steinar Eikevik har ale 201057072 Gogut, som kom ut med 141 i O indeks dette året. Goguten fekk namnet sitt lenge før han fekk så høg indeks, han er utruleg snill både med folk, og med andre sauer kan Steinar fortelja. Mora hans var ein god sau, brei og flott bygd, men uheldigvis enda ho sine dagar i bugnande håeng på Lærheim, eg lura på om ho rett og slett åt seg i hel also seier Steinar. Goguten er det einaste avkommet Steinar har sett på etter ho, men han har til gjengjeld teke oppgåva, med å føra gode gener vidare, på alvor.

 

Steinar, som og er nestleiar i Sogndal Sau og Geit, er utruleg interessert i saueavl. Han har hatt ein enorm stigning i Indeks nivå på buskapen sin på kort tid.

Kva er årsaka til at du har nådd så gode resultat på så kort tid Steinar?

  • Eg melde meg inn i ringen i 2005, og starta med inseminering i 2008. Eg har ein veldig stor andel semin, inseminerer alt utanom det eg må bruka prøvever på. I tillegg set eg på ca 15 livlam kvart år, flokken min er rundt 45 lamsauer, og det seier seg sjølv då at utskiftingsprosenten vert høg.

Steinar har soleis «avla etter boka» noko som viser att i godt resultat på kort tid.

I tillegg til Goguten hadde Steinar ein ver til som kom svert godt ut i år, 201057067, han nådde ein indeks på 133. Berre so sørjele at han daua på sommarbeite…

Død eller levande, resultatet etter fjorårssesongen viser at Steinar har greie på saueavl, og lukkast med det han driv med!

Sogndal Sau og Geit gratulerar so mykje!

 

 

 

 

 

Foto: Johannes Gunvordal, Tekst: Lise Elvagjeng

 
Sogndal Sau og Geit
Org. nr.:
Postadresse
 6856 SOGNDAL
Kontakt
Tlf.:  91763761