Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2020
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Husk flåttbehandling av verlam som skal kårast

12.09.2013 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Verlam som i desse dagar kjem heim frå fjellbeite er utsett for flått

 

Flåtten er mest aktiv tidleg sommar og tidleg haust. Verlam som no kjem heim frå fjellbeite er difor svært utsett for flått. Flått kan vera berar av sjodoggbakterien. Sjodogg vil gje lamma høg feber i inntil 10 dagar. For verlam som er kjønsmodne vil dette føra til sæd av dårleg kvalitet i perioden 14 dagar etter sjukdomsutbrotet og i inntil åtte veker.

For verlam som skal inn i avlen vil såleis sjodogg vera øydeleggande då veren ikkje vil "virka" i heile, eller delar av paringstida. Set difor verlamma inn og gje dei behandling mot flått, før dei vert sleppte på heimebeite.

For meir info om flått, sjodogg og tilstandar som påverkar veren i paringstida gå inn på:  Veterinærinstituttet.

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no