Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2020
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Invitasjon til informasjonsmøte, Odda rådhus

Fra 11.05.2017 kl. 18:30, til 11.05.2017 kl. 20:30

Jerv og beitedyr i Valldalen og kringliggjande området 2017

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til eit ope informasjonsmøte om jervesituasjonen i Valldalen og kringliggjande område. Målgruppa for møtet er beitelag med dyr i det aktuelle området. 

Tema for møtet er regelverk og beredskap gjennom beitesesongen. Det vert ein gjennomgong av situasjonen dei siste to år, observasjonar av jerv og handlingsmåte når ein finn kadaver. 

Det vert innlegg av:

  • Rovviltnemnda region 1 v/ leiar Alexander Heen
  • Statens Naturoppsyn v/regionalt rovviltansvarleg Rein-Arne Golf
  • Fellingsleiar i det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland v/fellingsleiar Arne Sangolt
  • Fylkesmannen i Hordaland v/Jørgen Aarø og Kari Elsa des Bouvrie

Det vert høve til å stille spørsmål og det vert servert ein matbit i løpet av kvelden. 

Velkomen!

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no