Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Siste publiserte artikler

Kåring av verlam

24.09.2014 | Skrevet av Ole Jostein Fet

Laurdag 4. oktober klokka 10 startar den årlege verakåringa på utstillingsplassen ved Ødegård på Stranda.

Som tidlegare er det Stranda Sau og Geit som arrangerer årets kåring. Dei som har lam til kåring, må melde dette til PC kårar Jørund Ringset på mobil 95127025 eller epost j-ringset@mimer.no, seinast torsdag 2. oktober. Dersom haustvekta er innmeldt  er det nok å oppgi nummeret på lammet og namnet på eigaren. 

 

Viktige endringar i kåringsreglane for 2014:

Eigar av lam som vert stilt til kåring må vere medlem i NSG. Verlammet som skal stillast må vere registrert i Sauekontrollen, med korrekte opplysningar om øyrenr, rase, kjønn, fødselsdato, mor (øyrenr og rase), far (kåringsnr eller øyrenr og rase), haustvekt og haustvegedato. Når det gjeld NKS-lam er O-indekskravet heva frå 110 til 115. For fullstendige kåringsreglar sjå www.nsg.no/kaaring

Kåringsavgifta er i år 100 kroner per kåra verlam. Avgifta skal betalast kontant på Stranda.

Kåra verlam: grunnpris 3100 kroner. Tillegget for kvart poeng over 150 i sum kåringspoeng, er 40 kroner.

Stranda Sau og Geit legg vekt på at dette skal bli ein hyggeleg og sosial dag, med premieutdeling til slutt. Det vert også sløyfemønstring.

Kiosksal med kaffi og enkel servering.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Lillian Sylte Gjerde på tlf 90083336.

Vel møtt!

 

 
Sykkylven Sau og Geit
Epost: sykkylven.lokallag@sauoggeit.no
 
Leder
Arnt Ove Aure
 
Telefon
(+47)99711251
 
Sekretær
Ole Jostein Fet