Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Kva gjer ein viss ein mistenkjer tap til freda rovvilt?

06.07.2017 | Skrevet av Silje Anette Lyhammer

Det viktigaste ein må tenkje på når ein mistenkjer tap husdyr til freda rovvilt er dokumentasjon. Det er heilt sentralt for utmåling av erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt. Statens naturoppsyn (SNO) utførar dokumentasjonsarbeid, medan Fylkesmannen handsamar erstatnings- og skadefellingssøknadar.

Det er eit vilkår for å få full erstatning at dyreeigar melder inn til Statens naturoppsyn straks eit tap- eller skadetilfelle vert oppdaga. Dei lokale rovviltkontaktane utfører kadaver-undersøkingane utan kostnad for dyreeigar.

Finn du sau som du mistenkjer er drepen av rovdyr:

  • Ta bilete.
  • Dekk til kadaveret og noter posisjonen/funnstaden.
  • Kontakt din lokale rovviltkontakt så snart som mogleg.

Ser du spor som du mistenkjer er av freda rovvilt?

  • Legg ein gjenstand som kan brukast til målestokk ved sidan av sporet.
  • Ta bilete av sporet/sporrekkja.
  • Send biletet til regionalt rovviltansvarleg i SNO, Rein-Arne Golf.

 

Rovviltkontaktar:

Navn og adresse

Telefonnummer

Ansvarsområde

Andersen, Harald N. 

902 13 685

Hardanger m/ omland

Dunkley, Andreas 
Jonas Liesgt. 11, 5529 Haugesund

480 25 444

Nord i Rogaland og Sør i Hordaland.

Haugen, Hartvig 
5645 Sævareid

56 58 31 96

970 13 594

Ytre deler av Hordaland

Slettemark, Ingmar 
Grove, 5700 Voss

56 51 54 07

957 09 271

Voss, Nordhordland

 

Regionalt rovviltansvarleg i SNO:

  • Rein Arne Golf, tlf. 480 94 364, rein-arne.golf@miljodir.no

 

Sakshandsamar hos Fylkesmannen:

 

Rovviltobservasjonar og tapsdata på nett:

 

 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no