Banner Banner Banner Banner

Kalender

  April 2020
Ma Ti On To Fr
  1 2345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930   
       

Siste publiserte artikler

Siste kommenterte artikler

Møter for alle beitebrukere i haust - rovvilterstatninger

04.10.2016 | Skrevet av Pål Kjorstad

Styret i Oppland Sau og Geit inviterer alle beitebrukere til regionale møter rundt om i fylket i etterkant av beitesesongen 2016. Fokuset på desse møte vil bli at dei som har krav på det skal søkja om rovvilterstatning i haust. Her får ein både info og råd om dette frå OSG og FMOP.

Møterunden vil foregå på 4 stader i fylket, der representanter frå styret i OSG, FM i Oppland og dei 2 faglaga i Oppland vil vera til stades på alle 4 møta.

Møterunden:

11/10, kl. 19:00: Valdres Folkemuseum, Fagernes

12/10, kl. 19:00: Lygnasæter Hotell, Gran

13/10: kl. 19:00: Norsk Vegmuseum (auditoriet), Hunderfossen

14/10: kl. 19:00: Otta vidaregåande skule (autitoriet), Otta

Saklister vert grovt skissert slik:

Råd og hjelp til søknad om erstatning av dyr skada eller drepe av freda rovvilt 2016

- Velkome og info om korleis eit beitelag kan eller skal fungera i denne samanhengen v/OSG

- Dokumentasjonskrav og utfylling av søknaden v/FMOP

- Servering - kaffispleis

- Erfaringar og spørsmål ved alle.

Vi håper med dette å setja fokus på at så mange vel og ikkje søkja om erstatningar kvart år. Beitenæringa er ikkje tent med dette, noko alle andre grupperingar i samfunnet brukar mot oss. Ved at alle som har rett til det søkjer vil beitebrukerene få erstatta det reelle tapet samtidig som statistikkane vil syna det reellle bildet av kva freda rovvilt gjer av skade i beitesesongen.

For at dette målet skal verta nådd er vi avhengige av at minst ein representant frå alle beitelag og alle lokallag av "Sau og Geit" i Oppland møter på eit av desse møta. Da er det viktig at alle ledere varsler om dette i eigne lag, og at dei frammøtte lokallags- og beitelagslederne informer dette til alle sine medlemmar.

Da møtene skal ha servering ynskjer vi påmelding. Denne sendes som tekstmelding til Pål Kjorstad til 99034406 eller pr. mail til Pål Kjorstad til pkjorstad@outlook.com snarast råd er eller seinast fyrst på dagen dagen før møtet dere meldar dere på.

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com