Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Ny søknadsrunde for investeringsmidlar til tiltak i beiteområde.

13.09.2018 | Skrevet av Silje Anette Lyhammer

Fylkesmannen lyser ut resterande investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2018, med søknadsfrist 15. oktober. Alle beitelag er velkomne til å søkje, sjølv om laget har fått løyvd midlar tidlegare i år.  

Meir Investeringsmidlar att til tiltak i beiteområde 2018 

 

Fylkesmannen i Hordaland lyser med dette ut noko meir investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2018. Hordaland hadde i 2018 ei totalt ramme på kring 750 000,-. Ikkje alle midlar vart løyvd i vår og difor opnar vi for ei ny runde. Frist for søknad er 15. oktober.

 

Om tilskot til tiltak i beiteområde

 

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. Det er berre organiserte beitelag som kan søkje på dette tilskotet. Beitelag må bestå av minst to medlemmer som har dyr på utmarksbeite. Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Tiltaka vert for det meste prioritert som før. Her nemner vi nokre tiltak som kan vere aktuelle for tilskot.

  •  Sanke- og skiljeanlegg
  •  Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sikring av skårfeste 
  • Gjetarhytter/sankehytter 
  • Diverse andre investeringar som saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til sin beitekommune. Søknadsfrist 15. oktober 2018. Du finn søknadsskjema her. Hugs naudsynte vedlegg, som kart mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 15. november. Fylkesmannen handsamar søknadene snarleg i samråd med Beiteutvalet, og svar kan ventast i før årsskiftet

Epost

Vi ber om at leiaren i beitelaget gjev beskjed om kva epost adresse som vert brukt, slik at viktig informasjon lett kan distrubuerast elektronisk. 

Med venleg helsing,

Kari Elsa A. des Bouvrie

Rådgjevar husdyr

Fylkesmannen i Hordaland

Landbruksavdelinga

Tlf: +4755572022

fmhokdb@fylkesmannen.no 

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no