Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Raudrev som drep lam.

Tida for å sleppe lamma ut nærmar seg. Det er mykje raudrev i Gloppen denne våren så det er viktig å følge med no når lamma skal ut på beite. Dersom nokon oppdagar rev som drep lam no i frdingstida så skal utmarksforvaltar i Gloppen kommune kontaktast. Gloppen kommune på 57883800 eller å direkte ta kontakt med utmarksforvaltar Lindis Vinje Bergland på mobil 97 99 10 49. Kommunen skal då møte fram straks og undersøke skaden. Vi er no i fredingstida så her skal vi formelt ha løyve. Regelen er då at hiet skal takast ut før eventuelt mora skal avlivast. Nytt av året er at vi ikkje søker kvart år til kommunen men får direkteløyve om skade vert påvist. 

Vi minner samtidig på at når jakta startar på seinsommaren og ut over vinteren så er det viktig at kommunen fortsatt løyver midlar for å felle rev i jakttida. Det er viktig at breimningane melder frå til Stian Hjelle tel. 95027007 slik at felling vert dokumentert og at vi viser at det er behov og at desse midlane vert nytta.

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201