Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Tilskot til drift av beitelag i Organisert Beitebruk - viktig info

23.10.2017 | Skrevet av Silje Anette Lyhammer

Fylkesmannen vil med dette minne beitelaga på at det snart er frist for å søkje om tilskot til drift av beitelaget; 15. november 2017.

 

 

Tilskotet er meint som bidrag til organisert tilsyn og sanking ved fellesbeiting av utmarksareal. Det er kun godkjende beitelag som kan søkje på ordninga. Tilskotet vert utmålt etter tal heimsanka sau, geit og storfe. Den som er registrert som leiar av beitelaget har tilgong til Altinn for å legge inn søknaden.

Førebels satsar er:

  • Storfe: kr. 40,- per dyr
  • Sau og lam: kr. 10,- per dyr
  • Geit og kje: kr. 10,- per dyr

 

Nokre tips:

  • Beitelaget skal søkje til den kommunen hovuddelen av beiteområdet ligg i.
  • Pass på at du registrerer for beitelaget og ikkje deg sjølv når du er inne i Altinn.
  • Medlemmene i eit beitelag må ikkje vere PT søkjarar, men dei må ha eit organisasjonsnummer for å vere medlem (frist for å søkje om godkjenning av beitelag er 1. mai.)

Teknisk:

  • Det har vore litt problem med å sende inn søknadene i frå andre Fylker der beitelaga frå melding om teknisk feil på send-knappen. Dette skyldast at systemet ikkje taklar enkelte teikn i namnet på medlemmene, som t.d. bindestrek, æ, ø, å. Ein må unngå å nytte desse teikna viss ein ikkje får send inn. Samstundes kuttast namnet etter 25 teikn, så prøv å ikkje bruk fleire teikn enn det.
  • Og viss de har skifta leiar i laget gje meg gjerne ei melding om dette slik at eg kan oppdatere adresselista mi. Viktigast er namn og e-post adresse.

 

Ta kontakt med kommunen de beiter i om de har spørsmål.

 
Hordaland Sau og Geit Org. nr.: 992 113 189
Leder: Reidar Magne Kallestad
Mob.: 41 56 00 48
E-post: reidar.kallestad@online.no