Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Siste publiserte artikler

Ulven tok livet av fem lam og ein sau

01.06.2014 | Skrevet av Ole Jostein Fet

Då er det konstatert at ulven som har vore observert fleire stadar i bygda siste tida har teke livet av fem lam og ein vaksen sau på Erstadsætra sist fredag kveld.

- Då har,  som dei fleste av dokke har fått med seg, ulven teke sau og lam i Sykkylven. De skjedde fredag kveld på Erstadsætra, skriv  Arnt Ove Aure i ein epost til saueeigarane i Sykkylven..
-  Det var 5 lam og ein vaksen som måtte bøte med livet. Resten av flokken vart jaga ned til Erstadbakkane, og sleppt på innmarksbeite. Også denne gongen var dyreeigaren raskt ute og varsla Viltnemnda då han oppdaga kva som hadde skjedd. Det kommunale jaktlaget kom til, men ulven vart ikkje funnen, opplyser han.
Han opplyser at rask informasjon er svært viktig, det er det som skal til for at ulven kan takast ut.
- Det kommunale jaktlaget ynskjer seg ei oversikt over kvar det beiter sauer i kommunen vår no, både på innmark og utmark. Eg har rimeleg god oversikt, men meld gjerne tilbake, slik at vi får med mest mogleg info. Igjen: Ha tilsyn med dyra, og meld frå raskt, oppmodar Arnt Ove.
  Leiaren i lokallaget har via epost halde saueeigarne i Sykkylven løpande orienterte om ulven sine rørsler i Sykkylven siste dagane. Han er sjølv med i det kommunale jaktlaget som har hatt fellingsløyve på ulven.

 
Sykkylven Sau og Geit
Epost: sykkylven.lokallag@sauoggeit.no
 
Leder
Arnt Ove Aure
 
Telefon
(+47)99711251
 
Sekretær
Ole Jostein Fet