Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2020
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930     
       

Viktig I N F O !!!

29.09.2013 | Skrevet av Håvard Øyrehagen

Viktig informasjon frå styret

Medlemsinformasjon hausten 2013.

http://nsg.no/sfsg/sogndal/

 

Kåring på Leikanger laurdag 5.Oktober kl 10:00

Me oppfordrar alle som har fine værelam til å stille med dei til kåring!

Krav til værer som skal stillast til kåring:

  • Må vere medlem i Sauekontrollen, Sau og Geit og vere registrert to dagar før kåring
  • Lammet må ha eigen O-indeks (lammeindeks) på minst 110
  • 2 testiklar, og normalt bitt på lammet
  • Ikkje kopplam

Påmelding av lam kan gjerast på eige skjema som de finn på heimesida til NSG og sendast pr post

til Per Henjum  per.henjum@gmail.com. eller 908 27 350 Seinast to dagar før kåringa.

 

Mattilsynet gjev dispensasjon frå forbodet mot utstilling av småfe på vilkår av at me oppfyljer visse vilkår for å forebyggja smitte. Arrangør vil fylja krava til utstillingsplassen. De som dyreeigarar må vera klar over at det ikkje skal vera kontakt mellom buskapar ved transport til og frå kåringssjået, dyra skal drivast rett frå hengaren og inn i kåringsbingen, og ingen verken publikum, dommarar eller eigarar, skal opp i kåringsbingane utan reine eingongs sko overtrekk.

 

Felles ettersank i heile Sogndal kommune vert søndag 6. oktober 2013

Alle som slepper sauer på fjellbeite pliktar og vere med på felles ettersank!

 

Klippekurs

Er det nokon som har/veit om nokon som er villige til å lære å klippe sau, for klipping for andre? Dersom det er nokre få seriøst interesserte, kan ein klare å lage eit opplegg for desse. Dei som er interesserte kan ta direkte kontakt med Inge Erikstad tlf. 952 38 267 eller J. Gunvordal 909 19 229

 

Kurs i eigarinseminering på sau torsdag 24. oktober 2013

NSG semin skal ha kurs i Sogndal ved veterinær Asle Bjørgås., om me får 5 deltakarar som ikkje har vore eigarinseminør tidlegare blir det kurs. Kurset kostar 1000 kr, og viss det blir kurs så får dei som har inseiminert sjølv tidlegare delta på kurset, så sant det er att plassar.

Påmelding innan 10. oktober  til Johannes Gunvordal tlf: 90 91 92 29 / epost: gunvordal@online.no.

 

Ullinsamling, kjem tilbake med datoar på heimesida og på SMS.

 

Medlemsoppdatering  

Styret ønsker å bruke e-post og SMS for å sende ut informasjon til medlemmane, dette for å spare arbeid og kostnader. Har du fåt brev i posten ver vennleg og send meg e-post adressa di.

   gunvordal@online.no eller 90 91 92 29

For styret i Sogndal Sau og Geit,

Johannes Gunvordal

 
Sogndal Sau og Geit
Org. nr.:
Postadresse
 6856 SOGNDAL
Kontakt
Tlf.:  91763761