Prøven har etterkvart blitt eit fast innslag siste helga i august. Det er ein populær prøve og alle 55 plassane var fort oppfylte. Det var startande frå nord til sør i landet dette året.

Banen er litt kupert og hentet er på rett under 300 meter. Det vert brukt villsau som er godt vandt med å bli handtert av hund, flokkane besto av vaksne sauer og gav jevne forhold for deltakarane,  men villsau stiller klare krav til både hund og førar om presisjon og avstand når dei skal flyttast. Dei som gjorde dette best iår var far og son frå Karmøy, dei vann kvar sin dag, lørdag Erlend Kvinnesland med hunden Megg og søndag Sverre Kvinnesland med hunden Beth.

Fullstendig resultatliste lørdag finn du her: http://lindholtdata.no/bikjer/resultat/Res_2015-35_0.html

og søndag her: http://lindholtdata.no/bikjer/resultat/Res_2015-36_0.html

 

Samarbeidet med Radøy Sau og Geit er avgjerande for å få gjennomført eit så stort arrangement over to dagar, dei sto for velsmakande grillmat, kaffi og kaker begge dagane.