Møtereferat styremøte 17.12.2014

 

Deltakere: Torstein Ytre, Oddgeir Fodnes, Svein Haugset, Mette Berg, Tor Romsås.

 

 

Telefonstyremøte OGL

 

 

 

1)  Mail frå Hadeland gjetarhundlag om pengestøtte til FM, kr.8.500,-. Vi var innom bidragstanken i forkant. Summen var vel ikkje tenkt så stor i utgangspunktet. Vi har kasseraren i båe laga på styremøtet vårt, så dette finn vi ut!

 

Vedtak: Styret innvilgar søknaden og dekkjer underskotet til Hadeland for FM 2014. 2014 var eit prøveår, og styret poenterar at for framtida er arrangørar av FM sjølve ansvarlege for den totale økonomien.

 

2)  Styret i Oppland sau og geit vil bruke ei økt, etter lunsj, ein dag på årsmøtet til gjetarhund. Vi har tenkt:

  • ei orientering om gjetarhund-organiseringa og arbeidet som vert gjort i fylket.
  • Ein liten sekvens om nytten og hyggen med gjetarhund i praksis.
  • Ei økt ute med praktisk bruk av gjetarhund, om veret tillet det.

 

Vedtak:  Styret er einige i opplegget, og leiaren saman med Anne Kari gjennomfører opplegget. Brukar om dei ynskjer andre til å hjelpe til med gjennomføringa, fortrinnsvis frå Oppland.

 

3)  Det er lagt opp til, frå gjetarhundrådet, ei voldsom overadministrering av gjetarhundarbeidet i Norge nå, der alt i utgangspunktet skal gå om sau og geit, gjerne på fylkesnivå.

  • I Oppland har vi heilt frå staten hatt full støtte og tillit frå Oppland sau og geit.
  • Eg vurderte ein henvendelse til dei om at vi forsette som før, med at vi tok oss av gjetarhundarbeidet. Det vart sakte ikkje nødvendig, for iflg.Anne Kari har dei gjedd beskjed om dette sjølve til rådet.
  • Likevel er det forespørsel til OSG om kven som kan  arrangere gjetarhundprøver i fylket. Det er semje i miljøet, trur eg at vi her forset som før, der fylkeslaget og lokallag arrangerer og at enkeltpersonar med medlemsskap i NSG kan arrangere prøver i samråd med lokallag/ fylkeslag.

 

Vedtak: Vi foreslår at fylkes- og lokale gjetarhundlag kan arrangere gjetarhundprøver i Oppland, samt enkeltpersonar med medlemsskap i NSG etter godkjenning frå OGL.  Årsmøtet kan for eksempel gje leiaren i fylkeslaget myndigheit til å godkjenne private prøver og ettersjå at dei følgjer regelverket.

 

4)   Ynskje frå sau og geit om samtidig og samstedig årsmøte for båe fylkeslag. Kan det vera ein ide, når sau og geit har årsmøte i Lillehammerområdet?

 

Vedtak: Styret anbefaler for årsmøte at vårt årsmøte i 2016 arrangerast saman med årsmøtet i OSG. Oppfordrar sau og geit til å leggje sitt årsmøte Lillehammer-regionen.

 

5)   Det er tid for å søkje arrangering av norgesserie for 2015. På grunn av helgeknappheit kan det vert vanskeleg å arrangere FM i år. Fleire har tenkt på moglegheita å ta berre fylkesmeisterskapet på ei norgesserieprøve i fylket. Vert det aktuelt, vil vel den beste hunden frå fylket dei to dagane bli fylkesmeister.

 

 

Vedtak: Vi foreslår for årsmøtet at det vert forsøkt med atskilt norgesserie og FM også i år, dei to siste helgene i september. Dersom det ikkje let seg gjera, kårar vi til fylkesmester den opplandshunden som har høgaste poengsummen samanlagt dei to dagane på Norgesserieprøva i Oppland. Ved same poengsum følgjer vanleg rangering.

 

6)   NM kvalifisering.

  • Oppland har i årevis hatt det beste opplegget for dette i heil Norge!
  • Vi har plukka ut dei beste hundane med minst mogleg diskusjon og misnøye.
  • Det er viktig at dei beste kjem til NM, bl.a.for seinare kvoter.
  • I år var det nok fleire førarar som kunne ha vurdert ein annan hund som betre ein den nm-kvalifiserte hunden sin. Ein har gjerne ein følelse av kven hund som er best der og da.  Er tida moden for at vi kan velje hund, om dei objektive kriteria er til stades?

 

Vedtak: Styret var einige om å ta ei lita runde om dette på årsmøtet, utan forhåndsanbefaling.

 

7)   Dommar NM. Aled Owen kan sannsynlegvis dømme. Han skal i tilfelle ha £250 pr dag, det vert vel 3000 kr.pr.dag med dagens kurs. Det er sikkert mogleg å få rimelegare dommar. Tor er leder i NM komiteen, han kan ta dette opp med komiteen sin. Vi luftar dette litt på styremøte også.

 

Vedtak: Anser det som kun orientering.

 

8)   Dommarsamling på Gardermoen ei av to helger i månadsskiftet jan./ feb. Fylkeslaga er tenkt dekkje opphald/ reise for deltakarane.

Det er også tid for å ta opp nye aspirantar til å starte der og da. For meg synest som Valdres absolutt burde hatt ein dommar, elles er vel dekninga tilfredsstillande.

 

Vedtak: Henning Andersen er førespurt, sagt ja, og er ynskt frå styret og Valdres som dommaraspirant.

OGL kostar reise og opphald på dommarsamlinga 2015 for dommarar/ aspirantar frå Oppland.

 

9) Årsmøte for OGL kolliderer med dommarsamlinga på Gardermoen. Einigheit frå styret om å flytte årsmøtet til kl.19.00 same dag (31.jan.2015) og sted ( FK Lillehammer).

 

 

 

Styret i OGL.