2015:

11/12: GD melder at ein jerv er teke i felle på Lesja 9/12. Dette er den 3. av kvota på 21 som er felt i Oppland hittil.

07/12: SNO har varsla om at enkelte saker på denne nettsida er spekulative og ikkje alltid er rette. Redaktøren oppfordrar SNO til å fortsatt følgja med på sida og koma med rettingar dersom dei har sikre fakta på at det er direkte feil. Elles er sida oppretta med tanke på at alle kan koma med sine opservasjonar, og det er redaktøren som tek ansvaret for det som vert lagt ut. Utrykket "udokumenterte opservasjonar" er ein av hovudgrunane til at sida vart oppretta, kjelde redaktøren.

17/11: Jerv nr. 2 er teke i fella i Visdalen, kjelde Trond Dalseg og Torkjel Solbakken.

09/11: Fjuken meldar om at 1 hannjerv er teke i felle i Visdalen natt til søndag 08/11, kjelde Trond Dalsegg

08/11: Spor etter ulv sett i Skåbu mot Storhøliseter, kjelde Ole-Petter Berget. Bilde til høgre.

30/10: Invitasjon til jerv-møte på Otta 2/11 2015 med bl.a Tine Sundtoft på talerstolen, kjelde NJJF.

26/10: I dag har Animalia lansert rapport for døkk som søkjer om erstatning av dyr tapt eller skada av freda rovvilt. Gå til "rapporter", så til "analyser og andre" og deretter til "grunnlag erstatningsøknad". Dette er som før nemnt ein spesifikk rapport, som omhandlar berre det som søkjar treng å visa til frå sauekontrollen. Det er frivillig å bruka den, men for døkk som har oppdatert sauekontrollen er den til stor og god hjelp, lykke til!! Kjelde: redaktøren.

26/10: Videresendes til beitelag/beitebrukere i Oppland: Siste frist for å søke om erstatning for rovviltskader på sau er 1. november 2015. Søknadsfristen må overholdes og det er søkers selvstendige ansvar å søke innen fristen. Søknad om erstatning for tap av rovvilt må leveres elektronisk gjennom Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Dersom du ikke har tilgang på internett, kontakt kommunen for bistand. Også i 2015 stilles det krav om oppfølging og dokumentasjon på besetningsnivå. Som vedlegg til søknaden må det dermed gis individspesifikke data over alle dyr i besetningen. Se nyhetssak på Fylkesmannens nettside, FM HKL.

26/10: Ulv teke ut i Fyresdal, kjelde facebook

20/10: Ulv teke ut i Gol i Hallingsdal, kjelde NRK Buskerud

20/10: Lam teke av jerv på innmarksbeite på Kvarvet i Sør-Fron, kjelde Lars Ole Auglestad

16/10: Synsobservasjon av jerv gjort av elgjeger i Børkdalsfjelet i Sør-Fron, kjelde Therese Rudi

15/10: Klima og Miljøminister Sundtoft møtte på Lesja møtet i tillegg til over 200 andre, kjelde redaktøren. Gav løfte om tettare dialog. Skremande at dei nå hevdar at det er færre jerv pr. yngling. Talet 6,4 har vore brukt og annerkjent i mage år. Nå da antall ynglingar er så mange i Oppland vil Sundtoft nå forska på nytt om talet eigentleg er mindre for å dokumentera  kvotene er sett høge nok og at eit hi-uttak pr. definisjon tek ut ei yngling.

13/10: Ny rapport som vedlegg til søknad om rovvilterstatning vert i desse dagane lagt ut av Animalia for døkk som er medlemmer i sauekontrollen, kjelde redaktøren via Animalia. Rapporten (frivillig å leggja ved) skal visa berre det mest nødvendige, men det er også her sjølvsagt viktig at sauekontrollen er oppdatert hos den enkelte søkjar på søketidspunktet.

13/10: Nytt program Lesja møtet.

13/10: Buss til Lesja-møtet. Send SMS til Arnfinn Beito på 99037525 innan 14/10 kl. 16.00. Buss-ruta: Lillehammer (Felleskjøpet kl. 15.00, Ringebu Skysstasjon kl. 15.45, Sødorp Gjestgivergård Vinstra kl. 16.00, Otta Skysstasjon kl. 16.30 og Lesja kulturhus kl. 17.40.

13/10: Vokterhundene i Sollia vart som vi visste ein fiasko, kjelde nrk.no/ho

02/10: Program Lesja-møtet 15/10 kl. 18.00, kjelde Arnfinn Beito

29/09: Med bakgrunn i ei fersk skade iverksettes skadefelling på ei gaupe på vestsida i Bøverdalen med varighet til 05/10 kl. 12, kjelde FMOP VMK.

27/09: Konklusjon av SNO etter kadaverfunn ved Grua et ikkje overraskande "antatt ulv", kjelde Sondre Imsgard. Saka har rulla sidan ein tilfeldig bilførar varsla om observasjon av ulv 24/09, noko som visar kor viktig det er å varsle i frå, redaktørens anmerking.

26/09: Elgjeger meldar om å ha sett bjørn på 20 m hold (i 3 sekunder) i lia opp for øvre Børkdalsvatnet i Sør-Fron. Kadaver av lam funne på stedet, det var ikkje nokon stor bjørn, kjelde Stian Forr. Observasjonen kan sjåast i samanheng med spor etter og observasjon av bjørn i Skåbu og det er mogleg at denne har halde til i området (vestsida av Fron) i sommar, redaktørens anmerking. SNO ved rovviltkontakt er varsla pr. SMS i kveld og SNO ved Bø og Steinset er varsla med telefon 27/09. Men kvar er hjelpa? Jau hjelpa ligg i frivillig arbeid, satsar på at ein tilfeldig jeger kan få has på bjørnen under lisensjakta.... - styresmaktene tek heller ikkje nå ansvar. 

26/09: Det er i løpet av dagen funnet kadaver av både sau og lam ved Nysetergruvene på Grua. Kadaverhund søker i området. SNO vil undersøke funnene søndag. Skadegjører ikke fastslått, kjelde Jon Harald Snellingen og Sondre Imsgard. (Skadene kan ha sammenheng med observasjon av ulv i området, redaktørens anmerking).

25/09: Stein Glømmi såg spor av bjørn ved Strålsetrin i Skåbu 20/09, Ole-Petter Berget har varsla SNO. Meldinga kan sjås i samanheng med oppdatering 20/09 nedanfor, kjelde Ole-Petter Berget, som i dag tidleg merka at kua på Vestad hadde samla seg i eit hjørne av jordet og var urolege.

24/09: Bilfører meldar om at ulv gjekk langs gjerdet på østsida av vegen ved Hanekne mellom Harestua og Grua i dag omlag kl. 16.30, kjelde Knut Berget via Ole-Petter Berget. SNO er varsla, kjelde Svein Erik Rasmussen

22/09: SNO meldar om at 3 lam er dokumentert drepne av jerv på Åsen, Dovre, ferske skadar, kjelde FMOP LCR

20/09: Synsobservasjon av bjørn i Skåbu, kjelde Ole-Petter Berget

19/09: 1 søye og 1 lam er teke av bjørn i Åsdalen i Ringebu, fersk skade, kjelde FMOP SGR

19/09: 2 lam er dokumentert drepe av jerv i Finndalen i Lom,1-2 dagar gamle skadar, kjelde FMOP SGR

17/09: 1 skada lam avliva i Finndalen i Lom, dokumentert jerv, kjelde FMOP SGR

17/09: 7 lam antatt drepe av jerv på Sandflågån i Stor-Elvdal utanfor jervsona, kjelde Ola Rudi

16/09: Det er sett av 2 kveldar til møte om jerv og jervjakt. Det eine møtet er på  Otta 02/11 og det andre i Lærdal 03/11. Fagkonsulent i Jakt og Fiskesenteret Eivind Lurås er iniativtakar. Innleiarar er frå SNO, NJJF, jervjegere og beitenæringa (Arnfinn Beito).Det er planlagt at statsråden kjem til Otta. Detaljert program kjem seinare, kjelde Arnfinn Beito.

15/09: Bemanningen av rovvilttelefonen i Midt-Gudbrandsdalen nå over, kjelde SKS MGL.

15/09: 1 lam funne på innmark i Skåbu i går, SNO meiner det er drepe av hund, tvilsomt seier kjelde Ole-Petter Berget

14/09: Jerveskada lam funne og avliva ved Saukampen i Stor-Elvdal, kjelde Ola Rudi

14/09: 1 lam teke av gaupe på Liasetring i Lom, fersk skade, kjelde FMOP SGR

10/09: Detaljert info om lisensjakta på jerv i Oppland, kjelde FMOP.

09/09: Lisensjakta på jerv startar i morgon 10/09, og det er tilsaman vorte gjeve løyve til å ta ut 141 jerver på landsplan, kjelde Miljødirektoratet.

09/09: Det meldest generellt om store skader forårsaka av jerv rundt om. SNO meldar i dag om 1 jerveskade ved Netoseter i Lom og 7 skader i Finndalen, kjelde FMOP HKL.

07/09: Rapport frå Ramshytta Gjeterlag: 3 lam og 1 søye drepe av jerv og 3 lam skada og avliva. Alle funnet i Vuludalsområdet under sanking i helga. Alle dyra tilhørte kjelda til denne informasjonen Ola Rudi.

07/09: Samarbeidsrådet for helseteneste og sauekontrollen bestemte på siste møtet at Miljødirektoratet ikkje lenger skal ha tilgang til sauekontrollen i forhold til søknad om erstatning av tap av sau og lam til freda rovvilt. Animalia vil i staden oppretta ein eigen rapport, som er basert på kva forskrifta seier kva søkarane må visa til om dyrehaldet sitt, til dette føremålet. Elles kan sjølvsagt alle medlemmar av sauekontrollen senda inn fleire rapportar om dyrehaldet sitt om dei sjølve vil. Bakgrunnen til vedtaket i samarbeidsrådet er at FM/Miljødirektorat med dagens adgang har brukt eller misbrukt opplysningar dei ikkje har nok fagkunnskap om, kjelde redaktøren.  

06/09: Laurdag såg vi jerv som jaga ein saueflokk i nedre Vuludalen. Vi fant både døde og skadde dyr som laut avlivast. Antageleg er det både jerv og kongeørn som har vore på ferde, kjelde Therese Rudi. Sjå forøvrig rapport over den 07/09 - redaktøren.

06/09: Under sauesankinga i går, 05/09, vart det observert jerv innanfor Voøøumsætra, Stor-Elvdal, kjelde SKS MGL.

06/09: Det er betydelege skader på sau fra i dag tidleg på Stange almenning i område Bergsjøen/Svartputten. Ulv er sansynleg skadegjerar. Det skal prøvast eit fellingsforsøk i kveld, kjelde Kaj Teppen.

04/09: Og så skjer det som må skje når bjørn kjem inn i saueflokken, jmf. meldinga i går: 2 søyer og 1 lam er dokumentert teke av bjørn i Samdalen i Ringebu, ferske skadar, kjelde FMOP SGR

03/09: Det er meldt om at lam er teke av bjørn ved Samtjønna ved Bjørnbekkbrua i natt. Det er lisensfelling på bjørn 21/08-15/10, kjelde MGL SKS. Kommentar frå redaktør: Som vanleg vert det ikkje gjeve fellingsløyve i lisensjakta. M.a.o. skal uttak av skadegjerar foregå på dugnad, noko som sjølvsagt ikkje vert freista ein gong - eg gremmes!!

03/09: Skadefellingsløyve på ein jerv i Sør- og Nord-Fron østside vert forlenga til 09/09 kl. 12.00 grunna fortsatte skader , derav fersk skade meldt av SNO 01/09, kjlede FMOP HKL

02/09: Det iverksettes skadefellingsløyve på ein jerv på Lesja sørside på bakgrunn av skadetilfeller av jerv påvist siden 22/08, varighet til og med 09/09, kl.12.00, kjelde FMOP HKL

02/09: SNO meldar om 2 jervedrepne lam på Kjølen. Lesja, omlag 2-4 døgn gamle skadar, kjelde FMOP HKL.

01/09: SNO meldar om at søya i Samdalen i Ringebu, som det tidlegare var meldt om, er dokumentert drepe av bjørn, 3-4 døgn gamal skade. Øyer fjellstyre meldar om funn av bjørnemøkk ved Nordre Veslesetra i Øyer (Tretten), førebels ikkje stadfesta av SNO, kjelde FMOP HKL.

31/08: SNO har registrert eit spor av bjørn i Samdalen/Ringebu. Det er meldt om ei drepe søye i nærliggjande område, men denne vert undersøkt fyrst i morgon, kjelde FMOP HKL.

31/08: Skadefellingsløyve på ein jerv i Dovre/Sel østside er forlenga til 07/09 kl. 12.00, kjelde FMOP HKL.

30/08: Eit lam er teke av gaupe i Helgedalen på Gran, fersk skade, kjelde FMOP ESA.

30/08: I samband med sauesankinga i går vart to kongeørner observerte rett nord for Saltstut i Saltstutlia i Nordre Land. De var svært nærgående og satte seg i en kjempestor tørrgran begge to. De er dokumentert på video. Området ligger på et hogstfelt 300 m nord for en av mine saltkveer. På dette feltet er det i år funnet 5-6 kadaver, kjelde Hans Erling Ringvold.

30/08: Lesjamøtet med bl.a. besøk av Tine Sundtoft vert arrangert som eit kveldsmøte 15/10, kjelde Arnfinn Beito.

29/08: Vagverane sankar nå sauen sin grunna jervplagen, kjelde Helen Svare.

27/08: SNO meldar om fersk skade på lam i Liafjellet, Lom og skadefellingsløyve forlenges til 03/08 kl. 12.00, kjelde FMOP ESA.

27/08: 1 lam antatt teke av jerv i Vuludalen i Sør-Fron. Vurdert i gårkveld som fersk skade. Skadefellingsløyve i Nord og Sør-Fron forlenges til 03/09 kl. 12.00, kjelde FMOP ESA.

26/08: Det er i kveld spora med hunder etter observasjon av det som antas å være bjørn i dag på Sør-Fron, utan resultat, kjelde OJS MGL.

26/08: 1 lam tilhøyrande Ola Rudi drepe av jerv ved Styggskardet, UTM 32V 0557174/6850742, fersk skade, kjelde OJS MGL og Ole-Petter Berget.

26/08: Skadefellingsløyvet på ein jerv i Sør-Fron og Nord-Fron østside er forlenga til 31/08 kl. 12.00, kjelde OJS MGL.

26/08: FM forlengar skadefellingsløyve på ein jerv på østsida i Sel/Dovre til måndag 31/08 kl. 12.00, kjelde FMOP ESA.

26/08: Synsobservasjon av uroleg og stressa sau i Kilevegen mellom Lillesæter og Tagestad på Sør-Fron i dag tidleg kl. 06.00. Like etter observasjonen vart eit mørkt dyr observert som kryssa vegen på veg mot nord/øst. Vitnet trur det var bjørn, men det var skumt enda og vanskeleg å sjå. Vakttelefon og SNO er varsla, kjelde Kristian Nordølum og redaktøren.

24/08: FMOP minner om frist for søknader om tidlegsank. Tilskot blir prioritert i områder med nylige påviste jerveskader. Tiltaket er tilskuddberettiget dersom beitelaget i samarbeid med kommunen søker FMOP i forkant før 01/09. Vi viser til brosjyre 2015, s. 13, kjelde FMOP.

23/08: SNO har travelt på Liafjellet og på Skårvangensfjellet med å dokumentere lam teke av jerv. Jerveskadene har begynt for fullt i norddalen nå, kjelde Helen Svare.

23/08: 2 lam dokumentert drepe av jerv på Lesja, eit i Lordalen og eit i N. Vigga, det siste fersk skade, kjelde FMOP SGR.

22/08: Dølen har dette referatet frå møtet på Sør-Fron med statssekretær Lunde.

22/08: 1 lam er teke av jerv i Vuludalen i Nord-Fron, fersk skade, kjelde FMOP SGR

22/08: 1 lam drepe av jerv ved Rundhø, Sårvangen i går, kjelde Helen Svare.

21/08: Lesja-møtet 07/09 2015 er utsett og ny dato vert sett seinare. Grunnen er at den største attraksjonen på møtet statsråd Sundtoft ikkje kjem. Etter rykteflom om dette nokre dagar har Hanne Velure bekrefta at rykta er sanne, kjelde Karl Øygarden.

21/08: Jervetispe med 2 unger vart observert rundt Blåknappen i går, kjelde Jonny Mathisen.

20/08: Statssekretær fekk med seg klar beskjed frå Oppland, kjelde GD

20/08: 1 lam drepe av jerv ved Midthaug på Skårvangen i dag, kjelde Helen Svare

19/08: 2 sauer dokumentert drepe av jerv i Grimsalen, Dovre, 2-4 dagar gamle skadar, kjelde FMOP SGR. 

19/08: Lisensjakta på 2 bjørnar i Oppland startar 21/08, kjelde FMOP.

19/08: Med bakgrunn i 1-2 dagar gamle skadar av jerv i Finndalen påvist av SNO iverksettes på nytt skadefellingsløyve i same fellingsområde som tidlegare i Vågå/Lom/Skjåk fram til 27/08 kl. 12.00, kjelde FMOP HKL/SGR.

19/08: På spørsmål til Lars Bendik Austmo i Miljødirektoratet om dokumenteringa av jerveynglinga fekk eg nå dette svaret: "Det stemmer at SNO har fått 2 bilder fra et viltkamera i Lesja der det er 2 jerver i bildet. Det synes som det ene er en valp, og i så fall er det jo en yngling. SNO hadde frist til 15. august til å rapportere all virksomhet på jerv, herunder barmarkskontroller. Det er Rovdata som har ansvaret for å sammenstille dette og rapportere på antall ynglinger totalt i regionen. Dersom dette er en valp og det er langt nok unna andre kjente ynglinger, vil det gå inn som en ny yngling. Rovdata har frist til 1. oktober med å rapportere, men om du vil ha nærmere svar før dette, anbefaler jeg deg å ta kontakt med Henrik Brøseth i Rovdata."

19/08: Førre veke vart nok ei yngling av jerv godkjent i Lesja. 1 jervtispe med unge vart fotografert av eit viltkamera ved ein fôringsstasjon for fjellrev. Dette var i eit område som var under observasjon, men dei fekk ikkje nok observasjonar til at den gjekk inn i vår. Konklusjon: Oppland har 10 ynglingar av jerv i år, kjelde Ivar Odnes. Vi har da 6,4*10=64 jerv - hiuttak 12 dyr= 52 jerv. Vi skal ha 6,4*4=25 jerv. Konklusjon: Vi har 52-25=27 jerv for mange, kjelde redaktøren som matematiker.

18/08: Miniseminar om praktiske og psykiske utfordringar når rovvilt rammar, kjelde Tone Våg

18/08: SNO meldar om at 2 lam er dokumentert drepe av jerv i Finndalen i Lom, 1-2 dagar gamle skadar, kjelde FMOP SGR.

18/08: SNO meldar om at 1 lam er antatt drepe av gaupe ved Furuset i Nord-Aurdal, fersk skade, kjelde FMOP SGR.

17/08: Det følger ingen nye penger med i det nye fellingsløyve på 1 jerv i fronskommunane, men det er att kr. 7000,- frå førre løyve. Forsøket på skadefelling vert derfor basert på innsats frå villreinjegere, kjelde MGL v/Ole J Skjærli. Skadefellingsløyve er altså utlagt på dugnad!! kjelde redaktøren.

17/08: FM iverksetter skadefelling på jerv i Sør- og Nord-Fron østside med varighet til 27/08 kl. 12.00. kjelde FMOP SGR/HKL.

17/08: Statsekretær Lunde, som skulle koma på møtet på Sør-Fron 20/04 kl. 11.00, meldar om at han vert 1/2 time forseinka og kjem kl. 11.30, kjelde Ole Muriteigen

17/08: FM forlengar skafefellingsløyve på jerv på Sel/Dovre østside til onsdag 26/08 kl. 12.00. Bakgrunnen er 1-2 dagar gamle jerveskadar i Steindalen, kjelde FMOP SGR/HKL

17/08: SNO meldar om at 2 lam og 1 søye er dokumentert drepe av jerv i Steinsdalen ved Høvringen, 1-2 dagar gamal skade, kjelde FMOP LCR

16/08: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert drepe av gaupe på Danebu i Nord-Aurdal, fersk skade, kjelde FMOP LCR

15/08: Invitasjon og agenda for møtet torsdag 20/08 kl. 11.00 på Storsalen i Sør-Fron kommune, kjelde redaktøren.

15/08: SNO meldar at søye er teke av jerv i Grisungdalen, på Dovre, omlag 2 dagar gamal skade, kjelde FMOP LCR.

14/08: 1 kopplam er av SNO antatt drept av gaupe heime ved husa hos Ola Rudi, Ringebu, Ola Rudi. 

12/08: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert drepe av jerv ved Høvringen, onlag 2 dagar gamal skade, kjelde FMOP LCR.

12/08: Måtte berre svara på lesarbrev i avisa GD idag, kjelde redaktøren.

12/08: Da er det bestemt at møtet (omtalt under) skal vera på Storsalen i Sør-Fron kommune torsdag 20/08 kl. 11.00. Rovviltnemnda i Oppland flytter nemndsmøtet sitt til denne dagen og tek det i forkant. Frå kl. 11.00 er det eit ope møte for beitenæringa, der ordførere, landbrukskontor, beitebrukere, landbruksorganisasjoner og rovviltnemnda vil innleia. Etterpå vil utpeikte folk vera med på eit dialogmøte med statsekretær Lunde. Meire detaljar seinare, kjelde redaktøren

11/08: Klima og Miljødepartementet vil møta beitenæringa i Oppland torsdag 20/08. Det er statsekretær Lunde som kjem. Ordføraren i Sør-Fron har òg invitert og dermed ligg det i korta at møtet vert halde på kommunehuset på Sør-Fron. Siste er at ordføraren er oppteke den dagen, så vi satsar på ny dato 25-26/08, kjelde redaktøren.

10/08: Påstander om at folk ikkje er drepe av bjørn eller ulv i Norge vert tilbakevist, kjelde Adressavisa

10/08: 1 lam drepe av jerv på Storflågån i Sør-Fron. kjelde Ola Rudi.

10/08: Det iverksettes skadefellingsløyve på ein jerv i Dovre/Sel på bakgrunn av ferske jerveskadar på sau. Tillete område for felling er Sel og Dovre kommuner aust for Laugen fram til måndag 17/08 kl. 12.00, kjelde FMOP HKL.

10/08: Lesja kommune har i dag søkt om fellingsløyve på ein jerv i Jora og Reindøl sine beiteomåder på bakgrunn av 4 kadaverfunn i Grønseterhø, kjelde Endre Amundgård.

09/08: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert drepe av jerv ved Sletthø på Dovre - fersk skade, kjelde FMOP HKL.

08/08: Mykje dårleg journalist-arbeid kring årsaken til at faglaga og Oppland Sau og Geit ikkje møtte på møtet på Stav på Tretten. I avisa Dølen er det referert nærast opptil sanninga, sjå her, kjelde redaktøren og avisa Dølen. Sanninga i stikkordform: torsdag 06/08, kl. 09.15: Ivar Odnes fortel at Miljøminister kjem til Vinstra i morgon omlag kl. 12.00, han veit ingenting om agenda eller kven som er beden, kl. 11.30: FM i Oppland prøver å innhente opplysningar og får vita at både Listhaug og Sundtoft kjem og at rovviltnemnda skal møta dei, kl. 12.30: Vi får vita av dei 2 beitebrukarane at Listhaug vil møta dei heime på ein av gardane deira i morgon, 13.00: På spørsmål om ikkje organisasjonane kan få vera med på møtet får vi nei, 13.57; På 2. tlf og spørsmål til Klima og Miljødepartementet veit dei enda ingenting om kven som er beden, og beitenæringa med OBS/OB og OSG bestemmer seg for i samråd med dei 2 beitebrukarane at da vi ikkje veit noko nå og da vi ikkje er ønska eller bedne så kjem ingen på møtet, kl. 15.07: Ole Petter Berget fortel at Miljødepartementet vil møte på Vinstra og vil gjerne møte beitenæringa, kl. 15.32: Arnfinn Beito fortel at Listhaug ikkje vil møte organisasjonane og stadfestar at vi ikkje møter, kl. 18.13: Høgrepolitikar frå Lesja vil gjerne at vi skal møte og at møtet nå er fløtt til Øyer, 18.22: Terje Holen bekrefter at det ikkje blir møte, 18.26: Høgrepolitikar på Lesja vert ringt opp og forklart situasjonen frå organisasjonane si side, 19.16: Lokallagsleiarar i Oppland Sau og Geit i og rundt Øyer vert oppringt og forklart at vi ikkje stiller opp, 22.08: Sau og Geit medlemmar på Lesja har vorte bedne nedover av politikar og vurderer om dei skal reisa , men får vita at dei helst ikkje skal reisa, fredag 07/08: kl. 07.35: nrk ho radio meldar at møtet er fløtt til Tretten, 08.00: Øyer Beitelag vert kontakta og fråråda å møte, møtet: 2-3 beitebrukarar i heile Oppland møter da Statsrådane møter på Stav på Tretten (Dagen før møtte over 50 på rovviltnemndsmøte på Sør-Fron), Konklusjon: Vi har bedd Miljøminister Sundtoft på møte snarast i brevsform datert 24/07, vi har ringt og purra fredag 31/07, munnleg svar om at Statsråden var på ferie og at statssekretær Lunde skulle ta kontakt 10/08. Ingen i organisasjonane fekk vita om møtet, som vi fekk "vita om" på rovviltnemndsmøte og dermed sjølvsagt ikkje var bedd på - er det da rart at ikkje organisasjonane i Oppland møtte?, kjelde redaktøren.

07/08: SNO meldar om at 1 lam er drepe av jerv i Gravdalen mellom Finndalen og Lesja - omlag 1 døgn gamal skade, kjelde FMOP HKL.

07/08: Dette skreiv GD om møtet i går, artikkel 1 og artikkel 2, kjelde GD

06/08: Møtet med Sundtoft & Co som var planlagt til Vinstra i morgon vert etter det vi veit nå arrangert på Stav på  Tretten utan offisielle representantar frå beitenæringa, kjelde redaktøren. 

06/08: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert drepe av jerv ved Gjerdinge i Finndalen, kjelde FMOP HKL.

06/08: Arbeiderpartia i Midtdalen og landbruksorganisasjonane i Oppland med felles opprop, kjelde avisa Dølen

05/08: I dag la Arbeiderpartilagene i Midt-Gudbrandsdalen fram fem krav til Stortinget for en bedre rovdyrpolitikk. Det skjer etter en sommer med mange angrep på husdyr i nettopp dette området. Vi var nødt til å ta noen grep nå, sier ordførerkandidat Rune Støstad fra Nord-Fron. Krava er her.

05/08: Ørn jager sau i Skredalsfjellet i Øystre Slidre, kjelde Sverre Skaret.

04/08: SNO meldar om at 4 lam er dokumentert drepe av jerv i Finndalen i Vågå, omlag 3 dagar gamle skadar, kjelde FMOP HKL.

04/08: Eit nytt kadaver er funne av kadaverhundekvipasje i Børkdalsfjellet i dag, kjelde redaktøren. I tillegg var etter det vi har fått visst kadavera på Rustkjølen for gamle til å dokumentera dødsårsak, men det er ingen tvil om at freda rovvilt, mest sansynleg bjørn, er årsaken til dødsfalla, redaktørens merknad.

04/08: Det går kadaverhundsøk på delar av vestsida i Nord- og Sør-Fron i dag, kjelde redaktøren.

04/08: SNO meldar om funn av eit lam i Vulufjell som går inn som antatt jerveskade ihht stikkprøveordning. Altså ikkje sett på av SNO, men tilsyn beskriv det som typisk jerveskade. Fersk i går, kjelde FMOP HKL.

03/08: 1 lam funne drepe av jerv i Skjerbekken på Sandflågån i Stor-Elvdal, kjelde Ola Rudi.

03/08: Tilsyn på Rustkjølen i Nord-Fron har alarmert med funn av 4 døde søyer i området toppen av Hestådalen mot Lomdalen på vestsida. SNO er varsla og kadaverhundekvipasjer er bestilt, kjelde Anne Kari Veikleenget, Hans P Solberg og redaktøren. Søket må sjås i sammenheng med kadaver i Bubekkedalen i går, kjelde Gudbrand Stokke og uroleg geit onsdag 29/07, kjelde Audun Søberg - hørt i dag av Hans Petter Solberg.

03/08: Kadaverhundekvipasjene i Midt-Dalen er i dag i Veslefjell/Samdalsomåde i Ringebu på dokumentering, kjelde Jonny Mathisen.

02/08: 1 død søye funne øvst i Bubekkedalen i Børkdalsfjellet på Sør-Fron, uklar dødsårsak, SNO er varsla, kjelde Gudbrand Stokke, Pål Egil Rønn.

01/08: 1 lam drepe av jerv ved Gråhø, Sør-Fron og 1 lam drepe av jerv ved Saukampen i Stor-Elvdal, kjelde Ola Rudi

31/07: NSG støtter kravet om løs, på drevet halsende hund til hjelp i skadefellingsjakt, kjelde Tone Våg

31/07: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert teke av gaupe  ved Enger i Søndre Land, kjelde FMOP SGR.

31/07: På møtet i Sør-Fron kom det fram at det i dei seinaste dagane hadde vore observert 2 jerver i lag ved Fisken og 1 jerv ved Furusæter, båe på Østsida på grensa mellom Nord- og Sør-Fron, kjelde Frank Christiansen og fleire.

31/07: Møte med beitenæringa på østsida i Midtdalen, søknad om fellinsgløyve, søknad om ekstraordinært utvida tilsyn og søknad om stadfesting av midlar til akutt tidleg-sanking ved behov blir sendt FM i Oppland, kjelde redaktøren.

30/07: Neste møte i Rovviltnemnda vert lagt til Sør-Fron kommunehus på møtesal Hundorp torsdag 06/08 kl. 09.00, kjelde Ivar Odnes

30/07: Statsråd Sundtoft svarer GD og Ivar Odnes på "politikar vis" og avvisar kritikken ho har fått, kjelde GD

30/07: Ordføreropprop mot rovviltforvaltninga, kjelde nrk.no/ho. Redaktøren av nettsida var med på pressekonferranse i Stange idag. Oppropet kan dere lesa her.  Hamar arbeiderblad skriv dette. Hedmark Sau og Geit skriv dette.

30/07: Det er gjeve skadefellingsløyve på ein bjørn i Ringebu. Bakgrunnen er ferske skadar på sau dokumentert av SNO, kjelde FMOP SGR

30/07: SNO meldar om at 3 sauer er dokumentert drepe av bjørn i Samdalen, Ringebu. Fleire skadar vert undersøkt i same område, kjelde FMOP SGR

29/07: Nye DNA spørsmål knytta til opphavet til ulven.

29/07: NSG har sendt denne uttala til bl.a. Klima og Miljødepartementet i forhold til årets beitesesong så langt, kjelde redaktøren

29/07: Observasjon av jerv ved Bøsætrin på Lesja i gårkveld og mykje uroleg sau i Slådalen (Grønhø), kjelde Helen Svare.

29/07: Det vart observert ein ulv kl. 23.30 i gårkveld i Døsvegen ved Åsen i Saksumdal, kjelde Odd Helge Ødegård

29/07: Det er bede inn til eit møte med inviterte beitebrukarar på austsida i Midt-Gudbrandsdalen på møterommet "Hundorp" ved sida av kantina i kommunelokalet på Sør-Fron, fredag 31/07 kl. 09.00, kjelde redaktøren.

29/07: SNO meldar om at 1 lam er dokumentert teke av gaupe ved Skjerva på Gran, omlag 1 døgn gamal skade, kjelde FMOP SGR.

28/07: Ordføraren i Lom trugar Staten med rettsak angåande forvaltninga av freda rovvilt, kjelde nrk.no/ho

28/07: Kl. 23.13 fekk vi melding om at FMOP har gjeve fellingsløyve på ein jerv etter fersk obsevasjon på Kvarvet i Sør-Fron, kjelde FMOP SGR. Meldinga vert stadfesta av Frank Christiansen MGL. Problema vil altså ikkje enda for beitebrukarane som sanka sauen sin heim, red. anmerking.

28/07: Til opplysning så har OBS, OB og OSG sendt invitasjon til Klima og Miljøminister Tine Sundtoft om eit snarleg møte. Vi er kjent med ar Rovviltnemnda i Oppland har gjort det same og håpar at Statsråden kjem til Oppland og møter oss, kjelde redaktøren

28/07: SNO meldar om at 1 lam er teke gaupe i Bagn vestås, Sør-Aurdal, fersk skade, kjelde FMOP SGR.

28/07: Det er registrert tap av 7 sau/lam pga ørn, ulv eller jerv hos Ola Rudi i Ramshytta Beitelag. Besetningen beiter i næromådet til dei 2 besetningane på Østkjølen i Sør-Fron som har akuttsanka 700 dyr, kjelde Ola Rudi.

28/07: Det vart funne eit kadaver av eit lam ved Galgumsetra, omlag 1 veke gamal skade. Dette heng saman med skader av bjørn i Stange-område, kjelde Kaj Teppen.

27/07: Ein erfaren jeger (Kurt Haugen) som har feriert i Norde Land i sommar har sett 3 faste kongeørner saman mange gonger i området Saltstutlia. Dette er det same som tilsynet har observert, kjelde Hans Erling Ringvold.

26/07: På bakgrunn av dei 2 jervedrepne lamma i Vågå nord for Finna vert fellingsområdet for jerv i Skjåk, Lom og Vågå slik at også området nord for Finna og vest for Skjerva vert innlemma, kjelde FMOP OH

26/07: SNO meldar om funn av 2 lam dokumentert drepe av jerv nord for Finna i Vågå, minimum 3 dagar gamle skadar, kjelde FMOP OH

25/07: Det ble felt ein bjørn på skadefellingsløyve i Stor-Elvdal i dag, kjelde Geir Johan Groven MGL

25/07: Det er ikkje meldt om nye observasjonar eller funn av kadaver in går eller i dag i Midtdalskommunane i Gudbrandsdalen, kjelde Geir Johan Groven MGL

24/07: Skadefellingsløyvet for bjørn i N-Fron, S-Fron og Ringebu vert forlenga til 27/07 og skadefellingsløyvet for ulv på Lesja vert forlenga til 31/07, kjelde FMOP ESA 

23/07: SNO meldar om mogleg observasjon av ulv v/Vetlstrålsjøen (Lesja) nå nyleg (omlag kl. 22,00). Ulven angrep ei søye. SNO er på veg for å utrede, kjelde FMOP ESA.

23/07: Beitebrukarane Krestian Scheie og Lars Ole Auglestad på Sør-Fron Østside, som har mista og funne skada fleire titals sauer, har i dag fått midlar til å starta akutt innsanking av omlag 700 sauer for å avklara skadeomfanget og avliva skada dyr. Desse besetningane har vore hardt råka i fleire år og søkjer om midlar til å halda sauene på heimebeite resten av beitesesongen, kjelde Lars Ole Auglestad. Redaktøren av nettsida støtter beitebrukarane og rettar ein advarande finger ut til politikarar og rovviltforvaltninga i Norge: Varsku her! Nå går det forvidt! Beitenæringa i Norge er ein saga blott snart, jmf. ulv i nesten alle fylker, jmf. situasjonen i Saltdalen med press frå MD - Freda rovvilt innvaderar heile landet - Gjer det det med politisk vilje?? 

23/07: SNO meldar om at ei søye og eit lam er drepe av bjørn i Samdalen i Ringebu, meldinga er frå i går, kjelde FMOP ESA.

23/07: FMOP har gjeve fellingsløyve på ein jerv i delar av Vågå, Lom og Skjåk fram til 30/07, kjelde FMOP ESA.

23/07: Eit lam drepe av jerv i området Skaihø ved grensa mellom Lom og Vågå. 2 til 3 dagar gamal skade, kjelde FMOP ESA.

23/07: Skadefellingstillatelsen på en bjørn i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu østside er forlenga til mandag 27. juli kl. 12.00. SNO har i dag dokumentert to skader fra bjørn i Samdalen i Ringebu, begge skader fra i går. I Fronskommunene og Sel er det ikke meldt om nye, ferske skader i går eller så langt i dag. Det er kommet en meget usikker melding om observasjon av mulig ulv ved Bålsetra i Sør-Fron sist natt, uten at dette kan verifiseres av SNO. kjelde: Geir Johan Groven MGL

23/07: Det er drepe ei kvige av bjørn ved Skjerdingen på Ringebu-sida, inntil 2 dagar gamal skade, kjelde Geir Johan Groven MGL.

22/07: Det er kome ein del spørsmål om antall skadar i området Nysteig - Eldåsetra. SNO har pr. i gårkveld registrert 30 dokumentert/antatt skadar fordelt på jerv, ulv og bjørn, dei fleste gjeld jerv, kjelde Geir Johan Groven. MGL.

22/07: Den vaksne ulvetispa som den felte ulven i Fron vart karakterisert som av rovviltkontaktene har nå endra status til ung tispe. Kva som er årsaken er det ingen som veit - det er ikkje alltid like stor tiltru til alt som skjer i dette "faget", redaktørens eige anmerking.

22/07: SNO meldar om at eit lam er teke av jerv  i Ruphovden i Skjåk, omlag 2 dagar gamal skade, kjelde FMOP ESA.

22/07: SNO meldar om at eit lam med omlag 2 dagar gamal jerveskade avliva i Liafjellet i Lom, kjelde FMOP ESA

22/07: Miljødirektoratet har bevilga kr. 300.000.- ekstra til skadefelling i Oppland. Rovviltnemnda søkte om kr. 650.000,-, kjelde Geir Johan Groven MGL.

22/07: Etter observasjon av bjørn i Samdalen i Ringebu i natt, vert fellingsområdet for bjørn utvida til å omfatta heile Ringebu.

22/07: Bjørn, som jaga sau, sett i Samdalen (Brekkom i Fåvang) seint i gårkveld, kjelde Simen Borgedal

21/07: Søye teke av hund i Gudbrandslia på Filefjell, stemmer godt med ulvemeldinga under.

21/07: FMOP har gjeve skadefellingsløyve på ein jerv på austsida i N- og S-Fron da 8 sau/lam er antatt drepe av jerv innanfor og utanfor forvaltningsområde. Løyve varer til 27/07, kjelde FMOP ESA.

21/07: Melding om synsobservasjon av ulv i Gudbrandslia på Filefjell i gårkveld. Dette er meldt til SNO og FM, kjelde Wenche via Arnfinn Beito.

21/07: 2 lam, eit ved Nyseterstyggeberget og eit ved Holbekken er dokumentert teke av ulv (Lesja), kjelde Ola Hareland. Desse 2 meldingane underbygger fellingsløyve på ulv som vart gjeve i dag, sjå fyrste medling 21/07.

21/07: Synsobservasjon av ulv i dag kl. 08.10 på Andbergshø på Lesja. 2 lam funne, kjelde Ola Hareland

21/07; Ulven, som vart teke ut i går, var ei vakse tispe i følgje GD.

21/07: Det er nå dokumentert omlag 90 kadaver til saman i Eidsvoll/Stange-området grunna ulv, mest på Eidsvoll-sida, kjelde Kaj Teppen via Ole-Petter Berget - Utmarksutvalget i NBS. 

21/07: Men det slutta ikkje med i går: FMOP har i dag gjeve fellingsløyve på 1 ulv på Lesja nord for Lågen fram til 24/07 kl. 12.00, kjelde FMOP ESA.

20/07: SNO meldar om at lam er teke av gaupe i Eidsand på Gran, fersk skade, kjelde FMOP ESA.

20/07: For orden skuld så stadfestar FMOP at ulv er felt på skadefelling i området Simmelhøa, kjelde FMOP ESA

20/07: Det er gjeve fellingsløyve på ein jerv i Sel og Dovre østside. Bakgrunnen er 4 dokumenterte skadar, kjelde FMOP ESA.

20/07: SNO meldar om at ei søye er teke av jerv ved Høvringen, 2-3 dagars gamal skade, kjelde FMOP ESA.

20/07: Det er felt ein ulv ved Simmelhøa for ei lita stund sidan, hard nøtt denne gongen, men god fellesinnsats frå fellingsmannskapa i Sel, N-Fron, S-Fron og Ringebu ga utteling til slutt, kjelde Geit Johan Groven MGL. Gratulere og takk frå redaktøren!!

20/07: Til informasjon: Det er dokumentert skader i dag fra både ulv, bjørn og jerv i området ved Eldåkampen, Glugga, Nysteig på Sør-Fron. Skadefellingsforsøk pågår, kjelde Geir Johan Groven MGL.

20/07: Det er i dei siste 2 dagane observert spor etter jervtispe med minst 1 kvalp i området Blåhøe (Jetta) i Vågå, kjelde Jürgen Löffler via Anders Svare. SNO nektar for at det har vore yngling i dette området.

20/07: Ulv observert i angrep på sau i området Søre Eldåkampen (Fron) i dag tidleg. Det er ikkje dokumentert, men SNO er på veg, kjelde FMOP ESA

19/07: I gårkveld på veien fra Vingrom og over til Dokka, ca en km før kommune skiltet til nordre Land, kom det et dyr i veien, og over mot sør,Dokka. Kan ikke skjønne annet en det måtte vært en ulv. Lange bein og den typiske gangen. Kom en bil i mot, som nesten fikk den på panseret. Han stoppet og tenkte samme som meg, og han fikk se den godt. Rett før sto det en saue flokk midt i veien, og så seg til alle kanter. Følte seg ikke komfortable. Ene var veldig rød i siden, men kan vært noe merke spray. Så ikke godt i bil lyset. Men dere som bor der oppe? Og kjenner sauebønder. Hvis de mangler sau, eller sauene er veldig stresset om dagen,så tror jeg at jeg vet grunnen.Uttrykksikonet wink skal ikke si det hundre prosent, kan vært en polarhund, men tror ikke det. Aldri sett disse hundeulvene til Wabakken, men vis jeg noen gang skulle mene å sett en måtte det vært nå. Hadde for liten fart, og kone bil Uttrykksikonet wink men dere som bor der, og kjenner de som eier husdyr, så kan dere jo gi dem et hint, vis dyra skulle begynne oppføre seg rart. Dro sør mot retning Dokka, kjelde Heidi Hansen via Trond Erik Dalbu på Facebook.

18/07: Til informasjon: SNO har dokumentert et lam tatt av bjørn ved Koltjønna i Nord-Fron i går natt. Det er også dokumentert ei søye tatt av jerv ved Dalsegsetra i Sør-Fron, skade minst ei uke gammel. Det skal undersøkes to andre kadaver i samme område i morgen. Det er gått med fire kadaverhundekvipasjer på Nord-Fron Østside i dag, men ikke funnet nye kadaver. Fylkesmannen har i dag også gitt tillatelse til felling av en ulv dersom denne dukker opp i samband med skadefelling på bjørn, kjelde Geir Johan Groven MGL

18/07: Skadefellingslaget som løser fellingsoppdrage på bjørn t i Fron og Ringebu gis tillatelse til å felle ulv. Det skal ikke iverksettes innstas rettet utelukkende mot ulv, kjelde FMOP ESA. (fellingsløyve er altså nå gjeve på 2 artar samtidig!!)

18/07: Det faste tilsynet på utmarksbeite i Øystre Slidre ser dagleg 1-2 ørner i beiteområdet og meiner at bestanden er større enn før om åra, kjelde Arnfinn Beito.

18/07: Det er gjort observasjon av kongeørn på 30 m hold i Skartlia, Norde Land i går. Det var kadaverhundekvipasje (Trine Rudstaden) og erfaren jeger, Ole Henrik Stensrud, som såg den. I området vart det funnet 1 kadaver frå 2015 og 4 eldre kadaver på ein liten flekk. Området på omlag 20 da kan dokumenteres med UTM32V 0556973/6771373 som sentrumskoordinat, kjelde Trine Rudstaden. 

18/07: SNO meldar om at 3 lam er tekne av gaupe i Sytjennsdalen på Gran, omlag 1 døgn gamle skader, kjelde FMOP ESA.

17/07: SNO meldar om at eit lam er antatt drepe av jerv i dag i Sletthøa i grenseområde mellom Sel og Dovre, kjelde FMOP ESA.

17/07: Skadefellingstillatelsen på en ulv i Nord-Fron, Sør-Fron og Sel gikk ut i dag. Det er ikke funnet nye kadaver eller meldt om obs. de siste dagene. Fellingstillatelsen på en jerv i Nord-Fron og Sør-Fron gikk ut i dag. Det er kun registrert et kadaver. Det er gitt fellingstillatelse i dag på en bjørn i Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu avgrensa av Friisvegen, øst for Lågen, gjeldende til fredag 24. juli. Dette etter at SNO har dokumentert ei drept søye i området ved Eldåsetra i Sør-Fron, kjelde Geir Johan Groven MGL.

17/07: FM har gjeve fellingsløyve på ein bjørn i delar av N- og S-Fron og Ringebu. Bakgrunnen er at sau er funne drept av bjørn i området Eldåsetra på Sør-Fron (østside). Skada er truleg skjedd natt til går, kjelde FMOP ESA.

16/07: Faglaga saman med NSG kjem med kritikk til Miljø- og Klimaminister Sundtoft om evalueringa av rovviltforliket og manglande uttak av rovvilt i forkant av beitesesongen og ber om eit møte.

15/07: Det er iverksett skadefellingsløyve på ei gaupe på vestsida i Sør-Fron med varighet 15/07-24/07. Grunnlaget er 2 gaupeskader undersøkt av SNO på Veslesetra natt til 14/07, kjelde FMOP HKL.

14/07: Til informasjon: Det er ikkje meldt om nokon nye kadaver eller observasjonar i dag. Det er sett ut lyttepostar i natt i området Kringensæter-Vålåsjøen i Sel i forhold til ulv, kjelde Geir Johan Groven MGL.

14/07: Sogningane får bruka alle midlar i jervjakta - ei god nyheit for oss i Oppland òg, kjelde Torgrim Rusten på Facebook.

14/07: Til informasjon: SNO har dokumentert ei søye teke av ulv i Solhjemlia i Sel (østsida). Søya er drept  natt til måndag 13/07, kjelde Geir Johan Groven, MGL.

14/07: SNO har dokumentert ei søya teke av ulv i Solhjemlia på Sel. Dette er på østsida der det har vore ulveskadar tidlegare. Søye er teke natt til måndag 13/07, kjelde FMOP HKL.

13/07: Til informasjon. Det er gått med kadaverhund i området ved Høgsætra i Sel i dag (tilgrensende beiteområde til Kvam vestside beitelag), ingen kadaver funnet. Det blei funnet et dødt lam i går kveld ved Høgsætra, lammet var sprengt, ingen bittmerker. Det er funnet ei død søye i dag ved Metunga (Rustkjølen beitelag), men denne var gammel og oppspist, ukjent dødsårsak. Ellers er det ikke meldt om andre funn av kadaver i dag, kjelde Geir Johan Groven, MGL

13/07: Ulv observert i dag på Gravåsen mellom Snertingsdal og Gjøvik, kjelde Anita Røste

11/07: Det er gått med kadaverhund i området Øldalen/Skjedalen i dag og funnet nye kadaver, men ingen helt ferske. Det er lytteposter ute i natt. Det har også i ettermiddag kommet melding om observasjon av søyer som mangler lam i området Lomsetra-Fagerli, samt mye korp i området, men så langt er det ikke funnet kadaver. Det blir gått med kadaverhund i området i morgen. Ellers er det ingen nye funn av kadaver på Kvamsfjellet i dag i forhold til jerv, kjelde Geir Johan Groven, MGL

11/07: 2 kongeørner observerte på tilsyn i dag i Slådalen i Vågå, rester av eit kadaver er funne, SNO er kontakta men ikkje vore der enda, kjelde Helen Svare.

10/07: Til info: Dei 2 lamma var drepe av ulv natt til i går i Kvamsbaksida, fellingsområdet er N-Fron og Sel kommuner og vert utvida raskt ved behov, kjelde Geir Johan Groven, MGL

10/07: På bakgrunn av at 2 lam er dokumentert drepe av ulv på vestsida i Kvam i N-Fron er det tildelt skadefellingsløyve på 1 ulv fram til fredag 17/07 kl. 12.00, kjelde FMOP LCR

10/07: Jerve-observasjon ved Sørre Vindin i Ø Slidre. SNO er varsla, kjelde Arnfinn Beito.

10.07: Til info: Skadefellingsløyve på 1 jerv gjeld i Fronskommunane aust for Laugen, FMOP har godkjendt bruk av 2 jervebåser i fellinga, kjelde Geir Johan Groven via Ole-Petter Berget.

09/07: På bakgrunn av 1 lam påvist drepe av jerv tildeler FMOP Nord-Fron kommune skadefellingsløyve på 1 jerv gyldig til fredag 17/07 kl. 12.00. Tispe m/kvalpar unnateke jakt, kjelde FMOP LCR.

09/07: Mykje bjørn kjem inn frå Sverige og heldigvis stryk mange tilbake til fosterlandet og vert skote der....

09/07: Rovviltnemnda i Oppland har klaga til Miljødirektoratet om manglende oppfølging av hiiuttak av ei jerveyngling i Haverdalslokaliteten i Dovre. Rovviltnemnda i Oppland vil ikkje vera ein jervbank for at det nasjonale bestandsmålet av jerv skal oppretthaldast da det i Oppland er påvist heile 9 ynglingar i vinter, kjelde Arnfinn Beito via brev av 08/07 frå Ivar Odnes.

09/07: Nytt frå ulven i Gausdal: Observasjon av ulv heime hos oss natt til 05/07. Sonen min stod 20 meter unna og stirra den inn i augo! Kjelde Klara H. Karlsen, Skinnerlia i Svingvoll.

09/07: Det ryktes om at ulven på østsida av Gudbrandsdalen er sist sett på Venabygdsfjellet, kjelde NN.

07/07: 1 lam drepe av kongeørn ved Rundhøa på grensa mellom Ringebu og Sør-Fron 07/07, kjelde Ola Rudi.

07/07: 1 søye og 3 lam er dokumentert drept av ulv på grensa mellom Akershus og Stange, heilt ferske skadar. Til nå er nærmere 70 dyr drept i området i 2015, kjelde Kaj Teppen.

07/07: SNO meldar om at eit lam er dokumentert drepe av kongeørn i Hedalen i Sør-Aurdal den 06/07, kjelde FMOP LCR.

06/07: FM i Hedmark forlengar skadefellingsløyve på 1 jerv i Stor-Elvdal og delar av Sør-Fron til 10/07 kl. 12.00, kjelde FMOP LCR.

04/07: Kongeørn sett på tilsyn 03/06 av familien Nybo. Den vart sett i Oddelia på vestsida av Dokka-elva rett overfor Nybrennlia i Nordre Land, den seilte vidare ut i dalen mot Skartlibygda, kjelde Hans Erling Ringvold.

04/07: Det vart meldt om synsobservasjon av ulv på Markaøvda rett nord for Beitostølen ved midnatt, SNO har vore på plassen - status usikker, kjelde Arnfinn Beito.

03/07: Det var Geir Haverstad som såg ulven jaga sau i Kollbergsholet på grensa mellom N- og S-Fron i dag tidleg. Han var på tilsyn etter å ha merka at sauen var uroleg. Det vart funne eit kadaver (oml. 1 dag gamalt). SNO har vore der, men vi kjenner ikkje til konklusjonen, kjelde Lars Ole Auglestad.

03/07: FM utvidar fellingsløyve på ein ulv i N-/S-Fron og Sel til fredag 10. juni kl. 12.00, kjelde FMOP ESA.

03/07: Uven vart observert på Kvarvet i Sør-Fron kl. 06.50 i dag tidleg, kjelde Lars Ole Auglestad

02/07: Frå Sverige tek vi med denne ulvehistoria, som gjev bevis på kva ulven kan gjera, kjelde Andris Kongslien.

01/07: Ulvejakt pågår, kjelde Odd Arne Myromslien.

01/07: Ulv er observert innanfor Gravdalen med retning mot Fjelltjønn, skadefellingsforsøk kan bli igangsett, kjelde Geir John Groven, MGL via Ole-Petter Berget.

30/06: Bjørn innanfor rovdyrgherde på Finnskogen er skote i følgje avisa Glåmdalen.

29/06: Det er gjort forsøk på både gaupejakt i Nordre Lia og ulvejakt i Kvam utan resultat. Ein jeger skal ha sett ulven, men ikkje fått den på godt nok hold til å skyta, kjelde Odd Arne Myromslien og Svein Rudland.

29/06: Det meldast om at 6 lam er drepe og 2 lam er avliva etter eit ulveangrep på østsida i Sel, SNO har undersøkt skadene, kjelde Per Otto Myrløkken.

28/06: SNO meldar om at 2 lam er antatt teke av gaupe ved Lamannshaugen på Jevnaker, ferske skader, kjelde FMOP ESA.

28/06: SNO meldar om at bjørn er observert ved Fokstugu på Dovre kl. 02.30 i natt. Den hadde retning mot Gardsenden, kjelde FMOP ESA. Redaktørens merknad: Bjørnen kan sikkert sjåas i samanheng med den påkjørte bjørnen omtrent på same staden 23/06.

27/06: SNO har konkludert med ukjendt dødsårsak på eit lam ved Elsevegen på Børkdalen i Sør.Fron, kjelde Pål Egil Rønn.

27/06: Det er påvist bjørn innanfor rovviltgjerdet på Finnskogen. Det vert ikkje gjeve fellingsløyve før kadaver er funnet.... SNO skal visstnok prøve å driva bjørnen ut av innhegninga, kjelde Ole-Petter Berget via Merete Furuberg.

27/06: På bakgrunn av 2 nylege skadar i område Nordre Lia i Sør-Fron er Sør-Fron kommune tildelt eit skadefellingsløyve på ei gaupe med varigheit fram til måndag 06/07 kl. 12.00. Hunngaupe m/unger er unnateke jakta, kjelde FMOP ESA.

26/06: FMOP ESA bekrefter meldinga frå MGL under. Bakgrunnen til at skadefellingsløyve vart gjeve er 8 dokumenterte tap i besetningen heimehøyrande i Stor-Elvdal.

26/06: FM i Hedmark ga i kveld Stor-Elvdal kommune skadefellingsløyve på ein jerv. Fellingsområdet omfatter delar av Oppland (vestsida av Atnsjøen), kjelde Lars Ole Auglestad via MGL v/Frank C.

26/06: Fellingsløyve på ein ulv i Sel, Nord- og Sør-Fron er forlenga fram til 03/07 kl. 12.00, bakgrunnen er ferske skader forårsaka av ulv ved Vålåsjøen i Sel, kjelde FMOP VMK.

26/06: SNO meldar om at 3 drepne sauer er undersøkt ved Vålåsjøen i Sel. 1 er dokumentert drepe av ulv, 1 er antatt drepe av ulv og 1 har ukjendt dødsårsak. Alle ligg på same plassen og skadane er omlag 1 døgn gamle, kjelde FMOP VMK.

25/06: Ved hiuttaket av jerveynglinga i Myssubytta i Skjåk vart 3 kvalpar utteke mens tispa gjekk fri. Denne tispa er nå i følgje Miljødirektoratet teke ut i Luster i Sogn, kjelde Arnfinn Beito - møte rovviltnemnda i Oppland.

25/06: 1 geit drepe og 4 skada i Øystre Slidre, usikker hund/ulv, kjelde Arnfinn Beito og Håkon Gjelstad på facebook.

25/06: Lam teke av gaupe i Nordre Lia, Sør-Fron, kjelde Jens Ove Isumhaugen

25/06: 24/06: SNO meldar om at eit lam er teke av kongeørn på Sæteråsen i Nordre Land, omlag 1 døgn gamal skade, kjelde FMOP VMK.

24/06: SNO er ikkje sikker på om det vert gjeve fellingsløyve på ulven som har herja sør i fylket dersom det vert søkt nå, bakgrunnen er som skrive før på denne sida - ulven er genetisk viktig (Galven-slekt), kjelde redaktøren frå møtet på Jevnaker i gårkveld.

24/06: Nytt frå rovviltnemnda: Lisenskvote for jerv 2015/16: 15 dyr, 6 utanfor sona. 5 innanfor sona og 4 tilleggsdyr (fordeles seinare). Utvida skadefellingskvote for ulv: 2 dyr og lisenskvote for ulv er vedteke til 3 dyr, kjelde Arnfinn Beito. Redaktørens anmerking: Kvota for jerv er sett slik at jervebestanden vil auka, vi ligg tross alt på 9 ynglingar 2015 og skal ha 4 - dette er trist.

23/06: Ulven som reiv sau i Vest-Torpa i mars, på Hadeland i påska, har herjet på Hadeland og i Nordmarka etter beiteslipp er "Genetisk viktig", fordi den er resultat av en "bestefar-barnebarn parring". Hans far er også hans oldefar, og han er onkel til sin mor, kjelde Roger Åsheim via Facebook/Rovdata

23/06: Var ute 6 mann i natt etter observasjon ulv i angrep på storfe (eller omvendt) ved Spitalsvangen rundt midnatt. Storfeflokken kom fra Mostue via Midtskogen. Funnet et par nye skader Litle-Reevangen og Weensvangvegen etter angrepene i helga, kjelde Kaj Teppen.

23/06: Omlag 50sau/lam er drepe hittil i år i området Stange/Eidsvoll, fellingsleder fryktar at 3 ulver herjer, kjelde Kaj Teppen og Hamar Arbeiderblad.

23/06: Frå nå av vert meldingar frå Hedmarksida av Oppland lagt inn på sida her, som hjelp og dokumentasjon for alle. Meldingar frå nabofylker kjem med blå skrift. 

23/06: Etter ny vurdering iverksetter FMOP eit eige fellingsløyve på ein ulv gjeldande for heile Gausdal, Øyer og Lillehammer kommuner, Bakgrunn er 2 dokumenterte obs. i Gausdal og på grensa mot Øyer 22/6, samt stort skadepotensiale i tilgrensa beiteområder. Løyve gjeld fram til 29/6 kl. 12,00, kjelde FMOP VMK.

23/06: Ei søye antatt teke av ulv, men kan vera bjørn på Kringsætrin i Sel vest for Furusjøen, omlag 1 døgn gamal skade, kjelde Anna MGL.

23/06: Bjørn påkjørt av nattoget ved Gardsenden vokterbolig på Joramo på grensa mellom Lesja og Dovre. Bjørnen forsvant etter påkjørselen. Foreløbig er jakta på dyret resultatlaus, kjelde Endre Amundgård. GD skriv dette.

22/06: Ulven i Gausdal vart observert ved Skogli i Øverbygda (Treahøgda) kl. 13.30 i dag. Her er både møkkprøve, bilete og spor dokumentert. Seinare kl. 14.20 vart ulven observert frå bil på baksida av Svingvoll på tur mot vest. Det kom òg fram at det vart observert ein ulv ved Nordseter på Lillehammer laurdagskvelden, så det kan vera denne som følgjer ein vestleg retning, kjelde Steinar Volden.

22/06: Dokumentert obsevasjon og spor av ulv i Musdalen og Svingvoll i dag. Fellingsområde på gjeldene løyve i Fron og Sel vert utvida med heile Gausdal kommune, kjelde FMOP VMK.

22/06: SNO meldar om at 1 søye er antatt drepe av ulv ved Hesstjønna på Sel østside, omlag 2 dagar gamal skade, kjelde FMOP VMK. Demed er vel dette ulven som gjorde skade på Sør-Fron og vart sett i Kvam kome minst til Sel. Dermed må vi vel desverre advare beitebrukarar i Dovre kommune, redaktørens anm.

21/06: Tek med gladmeldinga frå Åseral i Aust-Agder, der ulven som har drepe minst 40 lam i seinare tid, vart teke ut i gårkveld. Den vart forøvrig fotografert av eit viltkamera same stad i fjorhaust(!!). Vi gleder oss saman med beitebrukarane! Les meire her.

19/06: Mykje tyder på at det var spor etter hund i Hedalen, men ein utelukkar ikkje ulv enda, kjelde Arnfinn Beito.

19/06: Usikker ulvemelding frå i går i Hedalen like ved Vassfaret. Sporavtrykk funne i veg etter eit stort hundedyr. SNO sjekker området nå, kjelde Arnfinn Beito.

19/06: Fellingsløyve iverksett på ein ulv med fellingsområde Sør-Fron, Nord-Fron og Sel kommuner på bakrgrunn av skadar på sau i Sør-Fron. Varighet 1 veke, kjelde FMOP SGR

19/06: Skadefelling er gjeve på ein ulv i Sør-Fron, Nord-Fron og Sel kommuner, kjelde Ole Petter Berget via MGL

19/06: Skadene er sett til antatt ulv, og det er søkt om skadefelling, avventer svar frå FM, kjelde Pål Egil Rønn via MGL.

19/06: SNO meldar om 3-4 skader av ulv påvist i Sør-Fron østside. Ein synsobservasjon av ulv i Veikledalen , Nord-Fron, kjelde HKL FMOP

18/06: Det meldes om observasjon av ulv ved oppkjøringa til Lauvåsfeltet i Kvamsfjellet (østsida), kjelde Jonny Mathisen.

18/06: ! søye er teke av bjørn eller ulv (utypiske skader) natt til i går på Furuseter på Østkjølen i Sør-Fron. Aktuelt med tilsyn i nærliggande område, kjelde Pål Egil Rønn via MGL.

18/06: Skade på sau/lam på Østkjølen på Sør-Fron (bjørn/ulv), kjelde Stein Myhrsveen.

17/06: Bilete på viltkamera av jerv ved Tjønnsetra i Kvam i gårkveld kl. 22.02.26, kjelde Jonny Mathisen.

16/06: Frå Valdres vert det meldt om synsobservasjon av ulv ved Sølvsmia i Vestre Slidre i gårkveld. SNO er varsla og har sjekka utan å finna noko. Ulven var på veg mot Vang, kjelde Arnfinn Beito.

15/06: Det er i 2015 registrert 60,5 familiegrupper av gaupe i Norge, ein oppgang på 7 frå i fjor, men under bestandsmålet, kjelde Rovdata

14/06: SNO meldar om antatt ulv i natt ved Robru på Gol, kjelde Ole Knut Steinset via Arnfinn Beito.

14/06: FMBU og FMOP utvidar fellingsområde på ein ulv med Lier kommune. Det er i løpet av helga påvist skadar i Ringerike i retning Lier, kjelde HKL FMOP

14/06: Til opplysning så er det nå ulv fleire andre stader i Sør-Norge, Ole Øvrejorde meldar på facebook at ulv vart observert og lam er funne drepe øvst i Hallingdal, fleire meldar om ulv på østsida i Eidsvoll, Sigmund Slettbø meldar på facebook at 5 lam er drepe av ulv i Åseral i Aust-Agder tysdag og onsdag. I tillegg er som før nemnt fellingsløyve gjeve i Buskerud/Oppland. Nei, det er ikkje nådigt å driva i beitenæringa.

12/06: Kaos med ulv i Lunner/Jevnaker, beitebrukarar sliter, kjelde Sondre Imsgard.

11/06: FMBU og FMOP iverksetter skadefelling på ein ulv frå kl. 21.00 og ei veke framover. Fellingsområde er Lunner/Jevnaker og Hole/Ringerike kommuner. Totalt 3 skader er påvist av SNO, dei 2 siste og ferskaste er ved Svarten/Oppkuven i Ringerike. Oslo/Bærum er ikkje med i fellingsområdet fordi dette er innanfor ulvesona, kjelde FMOP HKL.

11/06: SNO meldar om en 2 dagar gamal antatt ulveskade, kjelde FMOP HKL

10/06: Det meldast om at det vart observert ein ulv på sørre Trollåsen i Øystre Slidre i gårkveld, kjelde Arnfinn Beito. Det vart teke eit bilete, men dette var av for dårleg kvalitet til å dokumentera observasjonen. I tillegg vart SNO varsla.

09/06: Det vart gjort synsobservasjon av ein jerv på jordet til Jonny Mathisen i Kvam i Nord-Fron omlag kl.16.00, kjelde Jonny Mathisen.

09/06: Det meldast om at dokumenterte skader og synsobservasjonar av gauper i Gudbrandsdalen ikkje vert sendt på sms-varsling frå FMOP, sjølv om SNO varslar FMOP om dette, kjelde Ole-Petter Berget. OSG vil sjå nærare på dette, da ingen visste om at regelverket eller praktiseringa var slik, redaktøren

05/06: Det vert i følgje GD bekrefta at ulven var ei tispe, kjelde GD

05/06: SNO meldar om at ulv er felt på skadefelling I Lillehammer/Øyer, kjelde FMOP HKL, Oppland Sau og Geit rettar ein stor takk til forvalting og jegere som stoppa denne drapmaskina, redaktørens ord.

05/06: SNO meldar om at 13 lam er dok/antatt drepe av ulv på Roverud gård i Lillehammer i dag, kjelde FMOP HKL. Artikkel i GD.

04/06: FM Hedmark har i samråd med FM Oppland utvida området for skadefellingsløyve av ulv med Øyer kommune, kjelde FMOP ESA.

04/06: FM Hedmark utvider området for skadefelling av ulv med Lillehammer kommune etter obs. av ulven på grensa Ringsaker/Lillehammer, kjelde FMOP ESA.

04/06: Det er nå bekrefta at ulv har teke minst 32 sauer i Furnesåsen i Hedmark, kjelde GD

02/06: Status frå ulveangrepet i Jevnaker etter angrep av antatt ulv er så langt 6 lam i manko, 5 kadaver funne. SNO har styrka mistanke om ulv som skadegjerar etter funn i går. Dyra som er teke tilhørte Sondre Imsgard alle saman. Kadaverhund og SNO samarbeidar bra, og FMOP ga fellingsløyve kjapt og jaktlag var raskt på plass. Vart ikkje lange beitesesongen, ikkje meir enn 40 timar fra slepp til skade har skjedd...., kjelde Sondre Imsgard

02/06: Mogleg observasjon av ulv i Olstad i Gausdal i dag, "grått dyr gjekk over vegen", kjelde Marte Stine Skålenget via Ola Borgemoen. SNO er kontakta for mogleg sjekking av spor.

01/06: FM i Hedmark har gjeve fellingsløyve på ein ulv med varigheit til 09/06 kl.12.00 i Ringsaker og Hamar kommuner på bakgrunn av fleire dokumenterte tap til ulv, det fyrste funnet vart gjort 31/05, kjelde FMOP ESA,

31/05: Det iverksettes skadefellingsløyve på ein ulv i Jevnaker og Lunner kommuner med varigheit til onsdag 3/6 kl. 12.00, kjelde FMOP HKL.

31/05: SNO meldar om at 2 lam er antatt drepe av ulv ved Skjennumsetra på Jevnaker, ikkje dei sikraste indisia men vurdert som antatt, kjelde FMOP HKL.

31/05: SNO meldar om at eit lam er dokumentert teke av gaupe i Åbjør, Nord-Aurdal i dag, kjelde FMOP HKL

31/05: 2 lam antatt drept av kongeørn i Leirskogen, Sør-Aurdal i går 30/05, kjelde FMOP HKL.

31/05: Anne Terningen meldar om at det var søya "Anne Nude" som vart funne sterkt skada bak låven hennar, søya måtte avlivast. Da er eit nytt kongeørnindivid på tur til å forårsaka store skadar att, sjå bilete under.

30/05: SNO meldar om at ei søye er dokumentert teke av kongeørn i Thomlebygda i Nordre Land, kjelde FMOP HKL.

29/05: På møte i rovviltnemndene fekk ikkje region 3 gehør for klaga om alt for store bestandar av gaupe og jerv i eigen region. Det er dei samla bestandane på landsplan som prinsipielt er prioriterte, og da dei er definert som låge må Oppland leva med dei høge bestandane, kjelde Arnfinn Beito via Ivar Odnes.

28/05: Kongeørn har teke livet av ein vaksen sau hos Camilla Frøshaug på Thomle gård i Nordre Land. I tillegg er 2 lam sakna, kjelde Anne Terningen.

27/05: Bjørn vart observert midt i ein veg på Kvamsfjellet, SNO er kontakta, kjelde Jonny Mathisen.

20/05: SNO meldar om at spor av det som antageleg er ulv er undersøkt ved Roåkervegen på vestsida av Tretten. Sporet er sett i natt eller i dag tidleg, kjelde FMOP ESA.

20/05: Kalv på Kvamme i Lom er antatt drepe av gaupe, kjelde Trond Dalsegg via Lars Eivind Sulheim.

18/05: Det vart om kvelden 16/05 søkt etter ulvespor utan resultat i Oddebygda i Torpa i Norde Land, da Trine Rudstaden frå kadaverhundmiljøet var sikker på å ha sett ulv, kjelde Hans Erling Ringvold

18/05: Gaupe tok lam på gardstunet åt Magnar Skurengslien i Kvam i Nord-Fron, kjelde GD

17/05: Ulv felt på skadefellingsløyve i Ringebu idag, kjelde FMOP HKL, takk til jegerne som gjorde jobben på nasjonaldagen!! GD skriv dette.

17/05: Det er gjort gjort nye funn av ulvespor i området ved Nordstulen i Ringebu i dag, skadefellingsforsøk vert sett i gang, kjelde Geir Johan Groven via Ole-Petter Berget.

17/05: Det vert påny meldt om observasjon av ulv på baksida av Olstappen i Skåbu, denne gongen er det ein turist som har meldt dette til kjelde mi, Ole-Petter Berget. 

15/05: Miljødirektoratet har gjeve fellingsløyve på ein bjørn i Øyer, Ringebu, Nord- og Sør-Fron kommuner fram til 18/05 kl. 12.00. kjelde FMOP HKL.

15/05: SNO meldar om dokumentert observasjon av bjørn i Øksendalen i Ringebu i går kveld, kjelde FMOP HKL via Astrid Olstad.

15/05: Ulven vart filma av forbipasserande bilist på Skjeggestad i Ringebu.kjelde nrk.no/ho.

15/05: Det er observert ein ulv i Øverbygdsvegen i Ringebu i dag. Fellingsområde er utvida til å gjelda Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron. Skadefellingsforsøket vil starta straks. (Melding kl. 09.01), kjelde Ole-Petter Berget via Geir Johan Groven.

14/05: Det er iverksett skadefeliing på ein ulv i Øyer kommune fram til ut 15.mai, kjelde FMOP HKL.

14/05: SNO meldar om dokumentert ulveobservasjon ved Glomstad på Tretten i Øyer i gårkveld, kjelde FMOP HKL..

13/05: Observasjon av jerv på Dypdalskvea på Sødorpfjellet i Nord-Fron, kjelde Trond Dahle via Ola Byrløkken. Berre lite grynete snø att på kvea, så spora kan sjåast på som berre nokre byks, kjelde Ola Byrløkken.

12/05: Rådyr teke av gaupe øvst i Toksefeltet i Sødorp i Nord-Fron i natt, SNO har sett det og konkludert med antatt, kjelde Anne Kari Veikleenget.

06/05: Rovviltnemnda ved Ivar Odnes gjev tilslutning til ein søknad frå Nord-Fron kommune og tilrår at Miljødirektoratet gjer eit ekstraordinært uttak av ein jerv i området inn mot Langsua, kjelde Arnfinn Beito via FMOP HKL.

05/05: Rovviltnemnda ved Ivar Odnes ber Miljødirektoratet om å utføra 2 nye hiuttak av jerv på bakgrunn av at Oppland alt no har heile 9 ynglingar. Odnes foreslår at hiuttaka vert gjort i Vuludalen, Sør-Fron og Haverdalen, Dovre, kjelde Arnfinn Beito via FMOP HKL.

05/05: Neste møte i rovviltnemnda er 11/05 kl. 09.00.

04/05: SNO meldar om at det nå er registrert 9 antatt/dokumenterte ynglingar av jerv i Oppland: Lordalen i Lesja, Visdalen i Lom, Lundadalen i Skjåk (hiuttak foretatt), Mysubytta i Skjåk, Musvoldalen i Sel/Fron, Samdalen i Ringebu (hiuttak foretatt), Åstdalen i Øyer (hiuttak foretatt), Finndalen i Lom (hiuttak foretatt), Haverdalen i Dovre, kjelde FMOP HKL.

03/05: Det går rykter om at det er sett ulv på Sødorpkjølen i Nord-Fron, kjelde Ole-Petter Berget.

29/04: Gladmelding frå Lom i dag: Ei jervtispe med 2 kvalpar vart teke ut i Finndalen i Lom, jmf. beskjed frå rovviltansvarleg i SNO, kjelde FMOP HKL og Trond Dalsegg.

29/04: I forhold til ulveobservasjonane i Skåbu har det kome fram at ein ulv vart sett da han kryssa Laugen i Kvam 24/04, kjelde Johnny Mathisen via Ole-Petter Berget.

28/04: Artikkel beviser at samfunnet lyg om DNA og avstamminga av ulven i Sør-Skandinavia, ulven er sett ut...

28/04: Arnfinn Grambo, nestleiar i det kommunale fellingslaget i Nord-Fron, har hatt både ein og to jervar på viltkamera ved Flekkfallet i Skåbu kvar natt dei siste 14 dagane, SNO er varsla, kjelde Ole-Petter Berget.

28/04: Sporhundekvipasjer v/Morten Bredal og Morten Mathisen har spora på ulven/ane i Skåbu i dag, hundane har reagert og det er funne tydelege spor av såkalla stort hundedyr, sporing v/Dalbakk fortsetter i morgon, kjelde Ole-Petter Berget.

28/04: Knut Berget observerte 1 ulv kl. 07.30 i dag ved kraftstasjonsboligane i Skåbu. I tillegg vart det observert 2 ulvar i same området fredag 24/04, kjelde Ole-Petter Berget.

24/04: Status yngleregistreringer jerv i Oppland: 7 ant/dok ynglinger: Lordalen i Lesja, Visdalen i Lom, Lundadalen i Skjåk, Mysubytta i Skjåk Musv/Vuludalen i Sel/Fron, Samdalen i Ringebu, Åstdalen i Øyer - hiuttak er foretatt ved de to sistnevnte lokalitetene - dette er foreløbige data fra Statens naturoppsyn,  følg med på rovdata.no for løpende oppdatering, kjelde FMOP HKL.

21/04: SNO har dokumentert at det var same ulven som drap tilsaman 13 søyer i Gran og Nordre Land, kjelde GD.

20/04: Jervespor vart observert av Olav Blekastad mellom Åkre og Sikkilsdalen i Nord-Fron, kjelde Erling Magnus Vaterland. 

18/04: Emil og Mathias Slettede såg 2 jervar, den eine ved brekanten til Storjuvbreen innan Elvesæter og den andre såg dei ved Ljoslia ned mot Raudbergstulen, kjelde avisa Fjuken via Torkjel Solbakken.

17/04: Bjørn dokumentert overvintra i Ringebu. Ved å etterspora bjørn i Storelvdal fann dei hiet. Kjelde GD.

17/04: Gaupe påkjørt ved Bergegaarda i Søndre Land, seinare skote. Dette er sansynleg gaupa som tok søye 31/3 2015, kjelde Øystein Stokke.

17/04: 2 jerver er tekne ut i Sogn i dag, den eine i Luster og den andre i Årdal, i følgje Nationen.

16/04: Kor mykje er jervregistreringa verd når SNO ikkje har kapasitet til å sjekke alle historiske hilokalitetane i Oppland, og sjølvsagt da langt frå har kapasitet til å sjekke eventuelle nye? Så stå på alle som er ute i fjellet og rapportèr mistenkelege spor etter jervyngling, redaktørens anmerking.

16/04: Det er alt registrert 6 jervynglingar i Oppland, 4 dokumentert og 2 antatt, les her, kjelde Rovdata.

15/04: 1 gaupe vart observert av Arne Uhlen ved Ungstad i Kvikne, Nord-Fron, kjelde Erling Magnus Vaterland.

15/04: 3 kongeørner observert i området Krøkla/Furuseterområdet på grensa mellom Nord- og Sør-Fron, kjelde Ola Byrløkken. Denne observasjonen og den under vart dokumentert under utkjøring av saltstein i dag.

15/04: Ingen spor etter jerv eller etter snøscooter/ SNO på Sødorpfjellet, kjelde Ola Byrløkken

15/04: 1 jervetispe m/2 kvalpar vart avliva i Samdalen i Fåvang i dag, kjelde Arnfinn Beito.

14/04: 1 jervetispe m/2 kvalpar vart avliva i Åstdalen i Øyer i dag, kjelde Arnfinn Beito.

09/04: Rapport frå Sogn: Viltkamera ved Fåbergstølen har teke bilete av jerv natt til 25/03, dag 25/03, natt til 29/03 og natt til 30/03. Spor av jerv funne 01/04 ved Bustein i Fardal i Årdal, 03/04 spor innover Ringsdalen ved Turtagrø på veg austover frå Årdalshalvøya, 06/04 spor ved Prestasteinsvatnet på Sognefjellet på veg sørover. Alle sporobservasjonane er dokumentert med bilete og lvert til rovviltkontakt. 06/04 var rovviltkontakt på Fåbergstølen i Jostedalen og dokumenterte spor (små spor) ned frå Båtedalen mot Øy og deretter fleire rundar på Fåbergstølsgrandane. SNO har òg dokumentert spor på sørsida av Lærdal i påskehelga, kjelde Arne R Ø via Torkjel Solbakken.

05/04: Ulven som var i Nordre Land, er truleg den som tok sau ved Moen,Gran, og som nå er sporet vidare frå der, kjelde Anne Terningen.

04/04: Kongeørn observert over Norgardene, Leppdalen  i Nordre Land, kjelde Anne Terningen.

03/04: Jerv observert på Kringlothøe på Dovrefjell, kjelde Ellen M. Syse.

03/04: To gauper er  spora ved Solli, Norde Land. Eit spor litt større enn det andre, kjelde Anne Terningen.

03/04: Spor etter ulven, som tok sau i Vest-Torpa, er funnet på Solli i Thomlebygda i Nordre Land. Spora stemmar ut fra tida med lisensjakten som føregjekk på denne tida, kjelde Anne Terningen. Spora her var nokre dagar gamle.

02/04: 2 familer stod på setra i Nybrennlia og såg på ei kongeørn som seilte opp og ned Dokkadalen nord for Skartlibygda i Nordre Land, kjelde Hans Erling Ringvold.

02/04: SNO meldar om at 1 søye er drepe og 6 søyer er skada på Moen i Gran. Skadegjerar er antatt hund, men ein kan ikkje utelukka ulv, kjelde FMOP ESA.

01/04: Det er gjeve skadefellingsløyve på ulven i Nordre Land frå Miljødirektoratet i dag, kjelde Målfrid Bølestrand.

31/03: Drektig søye dokumentert drepe av gaupe i fôrhekken(!) i Bergegaarda i Søndre Land, kjelde Øystein Stokke.

31/03: Ulvetispe teke ut ved Stai i Stor-Elvdal, kjelde Marius Larsen - facebook.Skikkeleg god nyheit!

31/03: Spor etter to jerver på Valdresflya aust for Ungdomsherberget. Dei hadde gravd seg ned på eit kadaver, SNO er varsla, kjelde Arnfinn Beito.

31/03: Miljødirektoratet ser ikkje ut til å gje skadefellingsløyve på ulven og seier at dei "vurderer ulven sin adferd og trekkmønster. Den kan like gjerne trekke bort frå tamreinområdet som inn i området, er deira vurdering.
Dei ser foreløpig ikkje skadepotensialet og avventar DNA-prøve som dei har sendt til testing." 
Dette er da ny praksis i forhold til tidlegare år, noko som vi har fått beskjed om ikkje skulle endrast, kjelde og tekst med unnatak av innanfor hermeteikna Ivar Odnes.

31/03: SNO meldar om at ei søye er teke av gaupe i Bergegarda i Søndre Land, nokså fersk skade, kjelde FMOP ESA.

30/03: Spor etter ulven kl. 09.00 ved Juvevegskillet mot Aurdal og kl, 23.00 ved Gjeilberget i Nordre Land på viltkamera, kjelde Anne Terningen.

29/03: 2 kongeørner sett i lag over Norgardene, Leppdalen  i Nordre Land, kjelde Anne Terningen.

29/03: Nå sporer de ulven i retning Gjærlia/Fellessætra i Torpa igjen etter å ha vært en runde i retning Leppdalen. Tragisk at det ikke er mulig å bruke snøscooter for å se etter spor, og raskt få ut poster. Sånn det fungerer nå vil ulven hele tiden ha for stort forsprang, kjelde Jarle Chr. Gjerdalen.

28/03: Miljødirektoratet v/Susanne Hansen har førebels svara slik på søknaden om skadefellingsløyve på ulven: Viser til telefonsamtale, og som jeg nevnte så har vi mottatt søknaden og den er under behandling men vi har foreløpig svart at vi avventer situasjonen. Det pågår lisensfelling, og det er ikke meldt om nye skader. Lisensfellingen pågår fram til tirsdag. Vi har bedt SNO om å holde oss løpende informert i saken, og det er sendt inn skit-prøver for DNA analyse som kan gi oss litt mer informasjon om ulven, kjelde Ivar Odnes/Arnfinn Beito

Konklusjon v/redaktør: Miljødirektoratet forventer at eventuelt uttak av ulv skal skje på dugnad av frivillige jegere i påska. Miljødirektoratet vil ta DNA av ulven i forkant. Miljødirektoratet har ingen respekt for kva ein ulv kan stella i stand for sau og tamrein i Oppland, og har ikkje lært noko av historia som opplendingane har av ulv i seinare år jmf. Kvam 2009, Lesja 2012, Nord-Fron/Øystre Slidre 2013, Langsua 2014. Miljødirektoratet handlar i strid med Klima og Miljøminister Sundtoft - alt er med andre ord som før - Miljødirektoratet har makta og brukar den urettferdig for beitebrukarar i Oppland.

28/03:  Kongeørn sett mot Leppsjøen og Norgardene, Leppdalen  i Nordre Land, kjelde Anne Terningen.

27/03: Det er sendt brev til Klima og Miljøminister Tine Sundtoft frå OB, OBS og OSG angåande uttak av ulv før beitesesongen 2015, kjelde Ola Råbøl.

27/03: Det er sendt brev til rovviltnemnda frå OB, OBS og OSG med krav tiltak i gaupeforvaltinga før beitesesongen, kjelde Terje Holen.

27/03: Det er sendt brev til rovviltnemnda frå OB, OBS og OSG med krav til tiltak i jervforvaltinga før beitesesongen, kjelde redaktøren

27/03: Det er i dag søkt om skadefelling av ulven i Vest-Torpa, Anette Jørstad tok seg av det, kjelde redaktøren

27/03: SNO har påvist ferske ulvespor i Vest-Torpa (natt til i dag 27/03). Dette til orientering med tanke på tilsyn av utegåande husdyr, kjelde FMOP. Redaktøren anmerker at det burde vel vore til orientering for dei som skal fella ulven...

26/03:SNO meldar om at natt til onsdag 25/03 vart 6 søyer antatt drepe av ulv i Vest-Torpa i Nordre Land, kjelde FMOP EPA. Veldig trist at slik kan skje, trist for beitenæringa, trist for den som vart råka og skamfult for dei ansvarlege som er Staten Norge, redaktørens anm.OA meldar dette her.

25/03: Færre bjørner i Norge i 2014, kjelde Rovdata. Etter litt sjekking ser det ut til at 3 bjørner med kjent id har vore innom Oppland i 2014: ST 19 og HE 88, som vart skote våren 2014 og ST20. Det er registrert ei positiv prøve i Ringebu hausten 2014 utan kjent id.

23/03: Førebels bestandsregisterering av jerv i Oppland 2015, kjelde Espen Bø

23/03: DNA spor av jerv i Oppland 2014, kjelde FMOP. Kommentar frå redaktøren: Det manglar DNA-funn frå 7 kvalpar som vart teke ut i ekstrordinære uttak våren 2014. Desse er ikkje med på rovdata grunna fare for at folk kan finna hi-lokaliten på kartet, kjelde Miljødirektoratet.

23/03: Mystiske spor sett i Sør-Fåvang hos Jo Amrud i går. SNO kontakta, men konklusjon var usikker. Sporet kan minna om bjørnespor, sjå bilete med fyrstikkask i, kjelde Siri Skamferseter.

22/03: Jerv fotografert 10/03 på viltkamera ved Augsætra i Øyer, sjå bilete til høgre.

16/03: "Reduserte rovviltskader 2014", kjelde Miljødirektoratet.

15/03: Det er gjort forsøk på jerv-uttak i Sogn, men 2 ferske spor går i retning av Oppland og der har ikkje MD gjeve fellingsløyve. Det arbeides nå for at fellingsløyve vert utvida til Oppland ved å bruka Ivar Odnes som talsmann, kjelde Arnfinn Beito.

12/03: Rovviltnemnda gjekk i dag inn for at ekstrauttak av jerv skal verta 1. prioritert i områda Øyer/Ringebu og Langsua/Fron Vestside, og 2. prioritert i områda Jøndalen, Vågå og Mysubytta Skjåk, kjelde Arnfinn Beito.

12/03: Rovviltnemnda bestemte i dag etter påtrykk frå beitenæringa å auke gaupekvota med 2 dyr i Land og Sør-Aurdal, kjelde Arnfinn Beito og Jarle Chr. Gjerdalen.

09/03: Det har nå over lang tid vorte fotografert jerv på viltkamera i Langsua, og dette dyret/desse dyra må reknas som stedbundne. Rovviltnemnda i Oppland har fått oversendt ei rekkje bilete som dokumentasjon, kjelde Arnfinn Beito.

08/03: Jervespor observert ved Nørdre Øya i Tverrbygda I Nord-Fron i går. SNO er forsøkt kontakta, men det er ikkje oppnådd kontakt i dag, kjelde: Kari Kvålen og Ole-Petter Berget.

02/03: 50 av ei kvote på 142 jerver vart felt i lisensjakta, kjelde Miljødirektoratet.

02/03: Jervespor observert fleire gonger siste tida på Kvam vestside, men SNO seier at det er gaupespor, kjelde Odd Arne Myromslien.

28/02: Jerv observert på Svarttjønn ved Mykkelsætra på Fåvang østside i dag kl. 15.40, kjelde Stein Myhrsveen.

21/02: Jerv observert ved Ny-Steig i Sør-Fron (øst) natt til i dag, kjelde Lars Ole Auglestad.

17/02: Og forskerne er betalt eller har ein egen agenda.... Mål: Mest mogleg ulv, kjelde Østlendingen

16/02: 9 av 12 jerver på lisenskvota vart dermed teke ut i lisensjaktperioda i Oppland. Talsmann for beitenæringa i Oppland, Terje Holen ber i brev til rovviltnemnda om ei forlenging av lisensjakta på 14 dagar. Rovviltnemnda skriv i svar at dei tek stilling til dette 17/02, kjelde Terje Holen og Ivar Odnes.

15/02: Jerv m/mistanke om 2 fotografert natt til 15/02 ved Tjønnsetra i N-Fron, kjelde Jonny Mathisen

15/02: 1 gaupe (hannunge) vart felt i Ryfoss i Vang i Valdres, kjelde Rovbase. 6 gauper er hittil felt i Oppland.

12/02: Nok ei gladmelding: 1 gaupe (vaksen ho) felt i Høre i Vang i Valdres 10/02, kjelde GD.

11/02: 1 hannjerv er teke ut i Reindøl, Lesja, kjelde Rovbase.

11/02: Gladmelding: 1 jerv er teke i bås i Visdalen i Lom i går, kjelde Torkjel Solbakken.

10/02: Styret i NSG diskuterte og vedtok i dag at det nå er på tide å få ein advokat til å sjå på om Staten kan fortsetja med "å ta frå oss beiteretten" med den meiningslause einsidige rovviltforvaltninga dei driv. 

10/02: Beitenæringa i Oppland og Sogn og Fjordane sendte i dag eit brev til Miljødirektoratet om hjelp tilk p ta ut lisenskvota av jerv. Da spørs det om gjengen i Trondheim synest dette er verdt å bruka pengar på.

08/02: Ein hannulv ble felt ved Mykleby i Stor-Elvdal i ettermiddag på lisensjakt, kjelde Rolf Larsen - facebook.

06/02: Ulv felt i Rendalen, kjelde Østlendingen

04/02: 1 hanngaupe vart felt i Sør-Fåvang i dag omlag kl. 16.00, kjelde Sire Skamferseter. Takk til ivrige og flinke jegere!

03/02: Nord-Fron kommune klager på at dei ikkje kan bruka snøscooter som praktisk og nødvendig hjelhttps://www.nsg.no/getfile.php/1372318-1422985196/Fylkeslag/Oppland/Dokumenter/Fagstoff/Krav%20om%20%C3%A5%20f%C3%A5%20bruka%20sn%C3%B8scooter%202015.pdfpemiddel i forsøket på å ta ut jervekvota innan 15/2 2015.

03/02: Styret i Langsua Nasjonalpark motarbeidar jervjakta, kjelde Arnfinn Beito

02/02: GD meldar dette om at 3 gauper vart felt fyrste jaktdagen i Oppland.

01/02: Forvaltning av jerv på dugnad fører som vi veit ikkje fram, GD meiner òg dette.

01/02: 1 hanngaupe felt i Søndre Land, kjelde Tormod Forr.

01/02: 1 hanngaupe på 21 kg felt i Svatsum, Gausdal, kjelde Tormod Forr.

01/02: 1 hanngaupe på 18,5 kg er felt i Ringebu, kjelde Rolf Larsen på facebook, sjå bilete

30/01: Da nærmer gaupejakta seg og vi ønsker jegerne lykke til! Vedtak om kvota i Oppland er her.

30/01: Påtalemakta i Gudbrandsdal vurderer å anka, kjelde avisa Dølen.

29/01: Nord-Fron Sau og Geit er frikjendt i den såkalla "skotpremiesaka", som var oppe i Nord-Gudbrandsdal Tingrett 21/01, kjelde dom avsagt i dag. GD skriv dette i kveld. Dølen dette.

29/01: I forhold til fellingsløyva på 4 jerver som er gjeve for kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Dovre, Ringebu, Sør-Fron, Nord-Fron, Gausdal og Øystre-Slidre så er det foreløbig roleg i Midt-dalen. Grunnen er at det desverre ikkje er gjeve rom for bruk av snøscooter i særleg stor grad. Det vert jobba adminstrativt og politisk i forhold til utvida bruk av snøscooter, kjeld Geir Johan Groven MGL. Meldinga visar at myndigheitene gjerne kan "hjelpa" til med fellingsløyve når dei veit at sjansen for å lykkast med felling er minimal, kommentar: Pål Kjorstad

28/01: 1 vaksen hannjerv er felt i Øyer, 7 jerver er dermed felt i Oppland av kvota på 12.

23/01: Jerv teke i bås på Lesja (same bås som den 19/01), kjelde Ellen M. Syse. Rovbase meldar om at det var ein vaksen hannjerv, Jerven den 19/01 var òg ein hannjerv.

23/01: Jerv fotografert på viltkamera i Ny-Steig, Østkjølen, Sør-Fron, sjå bilete.

23/01: Det er gjeve fellingsløyve på 4 jerver i tida 23/01-15/02 2014. 

21/01: "Skotpremiesaka" for retten i Nord-Fron. Vi krysser fingrane for at dommen går vår favør.

19/01: Jerv teke i bås på Lesja i dag tidleg i nærleiken av Grønsetra på Dovrefjell, rovviltnemnda har etter dette tildelt eit fridyr til jervesona, kjelde Ellen M. Syse.

18/01: Ein jerv vart felt i Søre Svaningsløypet på Lesjaskog i kveld, godt nytt i desse jervetidene! Kjelde Karl Øygarden.

16/01: Minner om foredrag om rovviltjakt og gevirdømming på Rudi Gard laurdag 24/1 kl. 18.00.

12/01: Det er bekrefta at jerven som vart felt i Lom under kvotejakta nå er attfunne og bekrefta død, kjelde Trond Dalseg.

09/01: 3 jerver av kvota på 12 er felt i Oppland. Beitenæringa hadde eit litt opprivande møte med Ivar Odnes i rovviltnemnda og Erik Sandberg hos FM i Oppland i dag. Vi ønskjer sterkt at reelle tiltak vert sett i gang NÅ for at vi vert sikre på at kvote vert teke ut. Da er det både trist og frustrerande at det i møte vert nemnt at jervekvota for Oppland kan vera sett for høgt.

05/01: Det vil bli prøvd å få til eit møte med rovviltnemnda i Oppland med det fyrste for enda ein gong og minna dei om at lisenskvota på jerv må takast ut snart, kjelde Arnfinn Beito

Godt Nyttår!!!