Miniatyrbilete i artikkelen viser Elin og Pål Grev med avlstatuetten for 2016 i Oppland, som dei fekk frå Ring 41 Oppland v/Hans Petter Vaberg.

Årsmøtet i Oppland Sau og Geit vart eit roleg møte valgmessig sett, da både Arnfinn Beito vart attvalgt til leiar, Ellen M. Syse vart attvalgt som nestleiar og Anne Kari Veikleenget og Bjørn Even Stenberg båe vart attvalgt som styremedlemmar. Dette etter at Anne Kari også da sjølvsagt vart attvalgt som styremedlem i Ring 41. I ring 41 hadde Kjell Ivar Bergehagen trekt seg som styreleiar og Hans Petter Vaberg vart valgt til ny leiar.

I årsmøtet i Ring 41 vart saka kring ny salgsmetode av verar i diskutert, da Hans Petter ville slutta med dette. I årsmøtet i Oppland Sau og Geit var det lang og konstruktiv debatt om investeringstøtte til driftbygningar og markedssituasjonen på lam- og sauekjøtt. Presentasjonen i årsmøtet i OSG ligg her.

Seminaret gjekk etter planen med unnatak av kjedenes fråvær i debatten kring markedssituasjonen kring salget av lammekjøtt.

Presentasjonane i seminaret ligg under her i rekkjefølge dei vart presentert:

Jerv i Hedmark og Oppland - framtidig forvaltning, v/Per Fossheim

Orientering frå Gudbrandsdal Uldvarefabrikk, v/Ragnvald Svarstad

Foredrag om ull, v/Sølvi Westvang, Norges Husflidlag

Informasjon om gjetarhundarbeid, v/Jo Agnar Hansen

Markedssituasjonen for lam- og sauekjøtt v/Erling Skurdal, Nortura og Jakob Simonhjell, Nortura Totalmarked

Presentasjon av ny app, Beitesnap v/Ivar Sylte

Kameraovervaking og info frå Grobakken Landmek, v/Knut Bergene

Elektronisk overvaking med Telespor, v/Egil Pettersen

Elektronisk overvaking med Findmysheep, v/Arnstein Solem og Fredrik Malvik Forbregd

Overføring av data mellom ulike system i LedSau, v/Per Lindholt

Sauekontrollen i forhold til ulike systemer, Animalia v/Mina Klaseie

Tekniske løysningar i fjøset, Fjøssystemer v/Knut Evensen

Lesetav og elektroniske merker, OSID v/Ole Michal Ryen

Andris Kongslien, Austvang Sau og Geit vart tildelt fylketslagets diplom for den store innsatsen han har gjort i lokallaget sitt, sjå bilde under. Hanne og Ivar Vesterås, Søndre Land Sau og Geit fekk gave for at dei har vore på 30 (!!) seminar på rad i Oppland Sau og Geit. Tor Romsås og Øyvind Myhrsveen fekk takk for deira engasjement i NM i bruk av gjetarhund 2015 og NM i saueklipping og ullhåndtering 2016.