Beitebrukere i Nord-Østerdal slit med erstatninga
NSG saman med faglaga sentralt har prøvd å få myndighetene med på same opplegg som Hurdal/Hadeland/Toten i fjor, der det i ettertid vart gjeve kompensasjon for ekstraarbeid, utmarkstilskot og anna i samband med ulveskader.
Faglaga var på møte med KLD og LMD, men fekk ikkje noko gehør for forslaget om at beitebrukere i Nord-Østerdalen skulle behandlas på same måte som Hurdal/Hadeland og Toten i fjor.
Bilde viser statssekretærene i LMD og KLD, der Atle Hamar fra KLD stod for 100% av "svar"/prat medan LMD v/Hanne Blåfjelldal var fullstendig passiv i møtet. Ingen av dei viste nokon form for forståing med våre synspunkt, og Hamar svara at det vart gjeve fellingsløyver raskt og at den enkelte beitebruker måtte søke om FKT-midlar og at FKT-potten antageleg skulle aukast i framtida. Men det er ikkje lett å søkja om FKT-midlar i januar 2018 da ein da ikkje veit at ulveskadene kjem om sommaren. Får ein innvilga fleire millionar på gjetting? Det trur eg ikkje.