Sidsel Røhnebæk ba inn heile styringsgruppa på privat middag med kaffe og kake for å markera avslutninga av prosjektet. Alle møtte med unnatak av Gudbrand Johannessen, som diverre måtte melda sjukdomsforfall.

Under middagen fekk Marthe Lang-Ree og Marie Skavnes utdelt kvar si gave av styringsgruppa. Terje Holen frå OBS heldt takketale og roste dei dyktige prosjektsleiarane for godt utført arbeid. Sidsel Røhnebæk fekk òg rosande ord for arbeidet ho har gjort, gjer og vil gjera for beitenæringa i Oppland.

Øvre bilete frå venstre ser vi Sidsel Røhnebæk, Ola Råbøl, Stig Horsberg, Kjell Joar Rognstad, og Marthe Lang-Ree.

Nedre bilete frå venstre ser vi Terje Holen, Marie Skavnes og Harald Klæbo.

Pål Kjorstad tok bileta.

Rapportar frå prosjektet:

Merkeavlesarar 2009

Beitebruksprosjektet 2010

Beitebruksprosjektet 2011

Beitebruksprosjektet 2012

Beitebruksprosjketet 2009-2012

Merkeavlesarar 2012

Radiobjøller 2012