Alle medlemmar av lokallag under Oppland Sau og Geit kan bestilla desse til sponsa pris for kr. 187,50 pr. stk. som i realiteten er kr.150,- + mva pr. stk.

Vesten er meint som eit overtrekk-plagg kombinert som uniform for å markere at beitenæringa er på tilsyn, for å syne kven vi er, for å markera oss på langt hold i terrenget og for å ha eit praktisk plagg med lettvint og god plass til gps, mobil, beitetilsynsbok, kikkert etc.

Hugs å gje opp størrelse (M, L XL, og XXL) og kva namn døkk vi ha i kortholderen på vesten, slik som Jonny har i bilete under. Vesten kan òg vera grei å kombinera i beitelaget for dei som vil det, gjerne da med 2 ulike størrelser tigjengelege.

Bestilling til Oppland Sau og Geit v/Pål Kjorstad på SMS til 99034406 eller mail til pkjorstad@outlook.com.

Døkk kan anten henta den hos Oppland Sau og Geit på Moarusta 13, 2647 Sør-Fron, eller så vert den utkjørt i samband med utlevering av elektronisk utstyr til person som er nærast for bestillaren i mai. Døkk får beskjed når den er klar til henting.