Samstundes som det er ei aktiv beitenæring i Fronskommunane så er det også rikeleg med forekomst av rovvilt. Det har alt i år vore innom alle typer her, både bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn. Ulven som vart felt på Gravdalen er den som har gjort mest kjent skade hittil. 

På møtet hadde desse innlegg: Eldri Siem frå Landbrukskontoret, Ann Jorunn Plassen og Nina B. Haugen frå psykiatritjenesten, Arnfinn Grambo frå det kommunale rovviltjaktlaget, Steinar Veslum som beitebrukar med erfaring av tap og Jonny Mathisen frå Norske kadaverhunder. Det vart servert kaffe og Ola M Sylte skreiv referat frå møtet.

I forkant av møtet og til slutt i møtet vart det diskutert om å ha ei eige beredskapsgruppe i Fronsbygdene, der forsamlinga hella til at dei ville ha ei for Nord-Fron og ei for Sør-Fron. I fyrste omgang er det tenkt at denne gruppa skal ta seg av informasjon innad i gruppa, mellom kvarandre, ut til MGL-telefonen, ut til berørte beitebrukarar og ut til rovviltartikkelen på heimesida til Oppland Sau og Geit. Informasjonen lokalt kan også sjølvsagt koma fort ut og kan vera både vanleg informasjon som vi sprer i dag, mindre dokumentert men høgst relevant informasjon og ikkje minst informasjon der det krevs at beitebrukarar skal stilla opp for kvarandre. I tillegg vil denne gruppa hjelpe berørte beitelag/medlemmar i beitelag både i pågåande skadetilfelle og i ettertid. Førebels har Nord-frøningane bestemt at rep. frå kadaverhund, jaktlag, beitelag, faglag og Sau og Geit skal vera med i gruppa. Gruppa vil møtes neste måndag for å leggja opp beredskapen, rutinene og føringene dei skal arbeida etter. Sør-Fron ventar til dette er gjort og gjer det nødvendige i ettertid for anten å laga eige gruppe eller å henge seg på denne. 

I denne samanhengen minnar vi også om at Oppland Sau og Geit har varsla gjennom styremøtevedtak at dei skal ha 4 regionale møter rundt om i fylket i haust, der agendaen er å hjelpa og oppfordra fleire beitebrukarar med å få søkt og sendt søknad om erstatning av rovvildrepne dyr. Her har FM i Oppland og Oppland Bonde- og Småbrukarlag meldt si interesse til å vera med. Oppland Sau og Geit har bestemt seg for også å invitera Oppland Bondelag til å vera med.