Radiobjøllene i Oppland for 2011 sesongen vart køyrt ut og fordelt søndag 15. mai. I dag ringde ein av brukarane Ola Borgemoen i Bødalen i Gausdal og meldte om at ei av søyene hans var drepe i løpet av natta. Han hadde oppdatering kl. 05.00 i natt og alarmen gjekk på eit av individa. Søya vart funne fort  ved hjelp av informasjon frå radiobjølla. Ola fortalte at det var ei trillingmor. som måtte bøte med livet. SNO har bekrefta bjørneskaden og søknad om skadefelling er sendt til DN. Dette var ein trist, men ikkje uventa start på beitesesongen. SNO meldar òg om bjørneaktivitet i Øyer.

Søya var svært stygt tilreidd med bitt i hals og uttak av juret, sjå bileta under.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nytt offer 7221 der alarmen gjekk kl. 00.51, den 20/5. "ikkje bevega seg siste 3 timer.  Denne var det ete mykje av.