SNO var på staden for å klarera og dokumentera. Rovviltnemnda ved Ivar Odnes og DN er varsla. Borgemoen og Bødalen, som i fleire år har vore plaga med bjørn, håper nå att sporinga kan resultera i dokumenterte funn, fellingsløyve og felling.

Sundag, 1/4 gjekk det  rykter om at det vart gjeve fellingsløyve på bjørnen i Gausdal laurdagskvelden, men spora var ikkje ferske. Rykta sa vidare at dei skulle ha kome over ferske spor og at jakta var i gang. Det er grunn tl å tru at denne bjørnen er den mest berømte bjørnen i Oppland, ST3. ST3 har som regel vore fyrst obsevert (DNA) i Skjåk og ligg nok i hi der ein stad. På sommarstid har den Gausdal som prioritert omåde. Etter samtale med DN v/Austmo 4/4 sa han det har vore spora bjørn i Skjåk  i år òg.

I samtale med Ola Borgemoen 1/4 og DN 4/4 så avviste dei at det hadde vore gjeve fellingsløyve på bjørnen i Gausdal. Men DN seier at dersom forholda ligg til rette og ferske spor vert funne, så gjev dei antageleg fellingsløyve der. Sist vi hørte om denne bjørnen var den på tur sør for Værskei mot Fåberg. Antageleg er den på tur etter kjent rute mot Valdres. Etter Ola Borgemoen har han bakspora bjørnen til Haukådalen sør for Espedalsvatnet, og på denne strekka har den vore i konstant bevegelse. Kanskje har SNO neste år bevis på at det var ST3. Det vert leitt etter spor i etterkant av bjørnen, og Valdres/Nordre Land-området er varsla slik at dei kan vera på vakt i kjente bjørnefar.

Det er òg sikre spor etter bjørn på Sel/Dovre. Denne bjørnen kryssa Høvringsvegen på tur frå Dovre til Sel og går i følge Austmo i DN sørover. Etter DN/Nationen er det for lite sau i dette området til at bjørnen vert forsøkt felt. I Ringebu derimot er det for mykje folk (turistar) til at dei kan gje fellingsløyve på bjørn, som har eit elgkadaver i Venabygden midt i ein veg mot Fron. Det er mykje kjøtt att på kadaveret den 4/4 seier Christen Bårdsløkken i SNO. Men fare for skadeskyting og med mykje folk i området gjer altså at ein unik sjanse til å ta bjørnen kan gå fløyten.

Det er ikkje lett å bli klok på. Dovre/Sel ligg i Oppland og har som oss alle beiteprioriterte områder i forhold til bjørn. Ringebu er eit kjent stad for bjørneinvasjon frå Østerdalen. Men av ulike grunnar vert beitedyra og vi svarteper i slike konfliktar.

I samtale med DN v/Austmo 4/4 har han vorte underretta om tilstanden i Oppland. Han skjønar problema, men seier at alle kan ikkje bli høyrt.....

Situasjonen er slik nå: SNO er i beredskap og skal sjølvsagt varslas så snart dere ser noko mistenkjeleg. Kva SNO gjer på eige initiativ veit vi ikkje. SNO har ståande instruks til å varsla DN umiddelbart etter at dei har funne bevis for at det er bjørn. DN tek ut frå dette og andre relevante opplysningar sjølve iniativ til kva som vert den vidare skjebnen. Det er dei som har makta.  

Relevante artiklar: GD og Nationen.