Det har vore ein enorm oppslutning om tiltaket att dette året også, og vi har nå passert 300 aktive brukere i Oppland. Vi ber om at alle studerer lista og kjem med attendemeldingar om feil etc i listene med omsyn til e-postadressar, tlf-nr. og manglar. Alle som har søkt har i teorien fått, men her er det mange namn så det kan ha skjedd ein klipp eller to.

Alle vil nå etterkvart få ein faktura på leiga, og betalinga av denne er grunnlaget for å seia ja til leigekontrakta. Ta kontakt med sekretær i OSG, Pål Kjorstad, dersom du vil ha retta noko, finn feil eller har spørsmål om noko.

Det vil som før bli utkjørt utstyr til lokale kontakter rundt om i Oppland. Ellers har eg nå fått tak i batterier og nye lokk til radiobjøllene, og desse kan dermed skaffast heime hos meg i Moarusta 13 på Harpefoss. 

Liste over brukere, antall og slag finn dere her.