Etter å ha vore i sentrum for rovviltproblematikken i Oppland hittil i år kan nå gausdølene dra eit letta sukk. Ein av bjørnane vart felt i natt kl. 01.53 ved Synstgardsetra på vegen mot Revsjøen. Bjørnen vart i går sett liggande i ein veg og det vart sendt bud til Trysil etter jegere og sporhund.. 2 timar seinare kom dei til Gausdal og kunne starta sporinga på ferske spor.

Bjørnen var mest truleg ein 3.5-4,5 åring med same sporavstand som den som var innom Sør-Fron fredag. Det vert fortalt om at bjørnen var "liten", berre 139 kg, men med eit uvanleg stort hovud.

For meire informasjon sjå bloggen til Kristian Kronberget.

Her ligg bamsen, men som vi alle veit er det desverre fleire slike der ute....