Dette vart sjølvsagt ein gledens dag for ei samla beitenæring i Gudbrandsdalen og Valdres. Ja det vart faktisk fyrste dagen sidan vi sleppte dyra på utmarksbeite, at vi kunne dra på smilet og senka skuldrane.

Bak oss ligg eit mareritt:

Vi tenkjer på og føler mest med dei fåe beitebrukarane som har mista så utruleg mange av dyra sine, anten ved at ulven drap dei eller at dei sjølve laut avliva dei som følgje av skadene dei fekk. Vi tenkjer òg på dei i området og områda rundt som har stått på mest kvar dag i 4 til 6 veker med tilsyn og leiting etter kadaver - noko som er eit psykisk nedbrytane arbeid.VI tenkjer på dei som har møtt veggen denne tida og gjeve opp, sjukmeldt seg, og har sagt og har hatt tankar om at dette er siste sesongen med beitedyr for dei. Vi vonar at oppturen i dag vil gjera at fleire av dei vil vurdera situasjonen på ny og halda fram i verden viktigaste yrke som matprodusent.

På ein slik dag er det òg naturleg med å koma med ein takk:

Vi takkar aller fyrst alle dei frivillige jegerane som har stått på natt og dag for å få til eit positivt resultat for oss. Spesiell takk for initiativet til han som kom på og poste jaktlaget på rett stad til rett tid natt til i dag, og takk til han som avfyrte det viktige fyrste skotet, som til slutt gav tellande resultat.

Vi takkar alle som har støtta og arbeida positivt for beitenæringa i denne tida, vi nemner spesielt Rovviltnemnda i Oppland, ordførarane i områda rundt her og ansatte på landbrukskontora. Sjølv om ikkje alt har gått like rett fram, så takkar vi òg sjølvsagt FM i Oppland og SNO for arbeidet dei har gjort. Vi vonar og trur at vi har nokonlunde same målet med dette.

Vi takkar òg sjølvsagt tillitsvalde og andre ildsjeler i næringa. Da eg,redaktøren, er ein av dei, vil eg spesielt nemna 3 andre namn som eg har vore nesten dagleg i kontakt med i denne perioda: Ole-Petter Berget, Arnfinn Beito og Terje Holen. Tusen takk for god hjelp og informasjon.

Den nå døde ulven i tillegg til andre episodar i Hedmark og Oppland, har resultert i framtidige møter i denne saka:

Hedmark Sau og Geit, Oppland Sau og Geit og Oppland Bonde- og Småbrukarlag kallar inn til møte på Lillehammer 31/07 med ulv som hovudtema, NSG kallar inn til ekstra Representantskapsmøte på Gardermoen 01/08 og NBS arrangerar rovviltseminar i Elverum 04/08. Desse arrangementa vil staka ut kursen beitenæringa skal ta for å påvirka politikarane til å 1. Følgja betre opp gjeldande rovviltforlik og 2. Endra dagens rovviltforvaltning på ymse punkt. 

Håpet er at politikarane nå vil skjøna at beitenæringa i Norge ikkje kan tola mange slike episodar som Oppland og Hedmark har hatt denne beitesesongen. Dermed må dei nok ein gong setja seg saman og staka ut eit nytt rovviltforlik. I fyrste omgang må eit nytt vedtak i ulveforvaltinga på plass, og i andre omgang må iallefall bestandmålet for bjørn vurderast på ny. Utan ny kurs vil beitenæringa gå til grunne og målet Stortinget sjølv har sett i "Matmeldinga" vera uråd og oppnå.

Tusen takk for ein dag med håp og glede i bringa!!

 

Presseomtaler:

GD

OA

NRK.no/ho