Fagmøte med fjosbesøk Vågå
Søndag 30 mars kl.11:00 er det ope fjos hjå Anette og Tore Brennsletten. Tema er "Før lamming"
Tor Ivar, veterinær, kjem for å svare på spørsmål vi måtte ha, og prate med oss om kva som er viktigt å ha fokus på i samband med lamminga.
Tore og Anette fortel om fjoset sitt, som er ombygd frå kufjos til sauefjos.
Møtet foregår i fjoset, og etterkvart blir det servering, kjøttkaku på gaffel, (sponsa av Nortura)
Det blir saft, kaffe og kake.
Serveringa foregår utafor fjoset, så ta med noko å sitja på og kle døkk etter vær og føre.
Alle er velkomne, ta med “bedre halvdel”, ungar og kårfolk.
Dersom nokon har lure løysniingar til hjelp under lamminga eller “kjekt å ha” patentar til hjelp, så ta det med slik at vi andre kan få sjå. (dette forutset at “tingen” er flyttbar)
Det blir loddsal. Dei som ynsjer å støtte Vågå Sau og Geit sin økonomi ved å ta lodd må ha med pengar. (har ikkje terminal)
Vi har mange fine premiar
Velkomen til eit triveleg og uformelt møte før lamminga.
Vågå Sau og Geit v/Synnøve Høijord