Hadde ein tur m/intervju og opptak med nrk på tilsaman omlag 3 timar. Planlagt og lagt opp til via ei pressemelding frå meg sjølv. Tilsyn m/full pakke, inn på data-radiobjøller-findmysheep-beitelag-utfordringar-fleire stopp m/fagprat og erfaringar frå eit langt liv m/organisasjonsarbeid m/rovvilt som fagstoff-delte matpakka mi-filma ein positiv avlsutningsfrekvens.

Resultat: Innslag på Østnytt og Norge i dag. BRA, men kva viste dei: Nokre setningar teke ut av samanhengen m/at vi skulle skyte ulven, som òg sjølvsagt vart overskrifta.

Tanken min var å informere folk om korleis ein tilsynstur foregår i dagens samfunn og kor stor frustrasjonen er blant matprodusentar/utmarksbeitebrukarar over eit Storting som ikkje klarer å setja vedtaka sine ut i praksis, og der ymse statsetatar brukar/tvingar oss til å godta og gjera nesten alt på dugnad, stikkordet var prioriterte beiteområder

1. Hadde politikarar med makt og interesse for beitedyr/norsk matproduksjon handla deretter hadde eg ikkje behøvd å takka ja til eit slik TV-opptak. I det minste kunne dei same maktpersonane svara på ein einaste telefon og svara med ja eller nei om dei meinte noko med matmeldinga og rovviltforliket.
2. Hadde nrk meint noko med dette hadde dei ikkje klippt bort det meste. Dei ser seg visst mest tent med å luka bort alt fagleg og egga til meire splid. Eg står sjølvsagt for det eg sa 100 % og er svært ærleg i svara mine, men saknar grunngjevingane mine både av agronomiske og forvaltningsmessige karakterar, som alle vart klippt bort.
3. Resultatet håpa eg skulle vera ein vekkjar for politikarar og samfunn, eit rop om hjelp.
4. Men resultatet vart som mange gonger før: Tap for beitebrukarane og ikkje minst skikaner og drapstruslar til meg sjølv. Kor lenge skal ein orka å driva med dette? Er det ingen annan enn oss sjølve som meiner at matproduksjon basert på utmarksbeite er bra?