2018 har ikkje vore på langt nær det beste året for småfehaldarane i Oppland og Norge. Men ved juletider får vi setja oss ned og gløyma kampane for småfehaldet ei lita stund og heller nytta høve til å tenkja attende på gode minner i organisasjonen 2018.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilete er eit av dei beste minna frå året. Det er Anders Svare som vart utnemnt til æresmedlem i Oppland Sau og Geit på årsmøte i vinter som var. På bilete er han saman med Lill Bente Lian og Ronny Smedsmo frå Vågå, som fekk premien for beste vær. Anders Svare vart både overraska, men ikkje minst svært glad for og rørt av denne tildelinga. Han har nemnt denne episoda nesten kvar gong vi har møtt kvarande seinare i 2018. Han omtalar det som ei stor ære, og da er det viktig å tenkja på alle slike som Anders, som har stått på og har eit stort hjerta som bankar for alle oss andre.

Det andre minne eg vil trekkja fram er NM i saueklipping og ullhåndtering i Kvam, som lokallaga i Midtdalen arrangerte i haust. Her vil eg spesielt nemna den fantastiske samhaldet i arrangørkomitèen, i klippemiljøet i Midtdalen og i Kvamsbygda og den gode støtta alle gode medhjelparar frå enkeltpersonar til sponsorar gav. Arbeidet i "Sau og Geit" vert ofte relatert til ein lang kamp i rovviltrelaterte saker, så positive saker som slike mesterskap dreg fram att den positive gløden i mange av oss.

 

 

Til slutt kjem eit kort frå Oppland Sau og Geit underskrive av Arnfinn og meg: