Vi minnar om at det kjem eit infoskriv til alle medlemmane rett på nyåret og at årsmeldinga som vanleg kjem litt seinare i månaden.

Det vert halde regionmøter på vertshuset Sinclair i Kvam 12/1 2015 og på Bjørnen Kro på Odnes 13/1 2015. Her vert 1 frå kvart lokallag og 1 frå kvart beitelag inviterte. Påmelding innan 5/1 2015 til Pål Kjorstad på mail/tlf.

Det vart halde årsmøte i OSG på Dombås Hotel 13/2 - 15/2 2015. Påmelding innan 15/1 2015 til Pål Kjorstad.

 

Program for årsmøtehelga:

 

Årsmøta i fylkeslaget og ringen er ope for alle som fagmøter.

 

Fredag 13. februar:

16.00: Årsmøte Ring 41 Oppland (ope for alle)

17.00: Drift av lokallag ved Arnfinn Beito og Anders Svare. Styret i OSG opplever mange lokallag som passive, og vil med dette innslaget setja fokus på kva aktivitetar og roller eit lokallag skal ha, bør ha og kan ha

19.30: Middag

 

Laurdag 14. februar:

09.00: Årsmøte i Oppland Sau og Geit (ope for alle)

11.00: Pause

11.15: Årsmøtet fortsetter

13.00: Lunch

Seminar: Tema: Gjetarhund

14.00: Tilbod og aktivitet i Oppland Gjetarhundlag i dag ved Torstein Ytre.

15.00: Praktisk trening og bruk av gjetarhund ved representantar frå Oppland Gjetarhund. Denne bolken vil gå føre seg ute og vil visa hundar som nybegynnar, som vanlege brukshundar, som konkurransehundar og som kadaverhundar.

17.00: Vi går inn og tek oppsummering og spørsmål.

19.00: Festmiddag med utdeling av ymse premiar og utmerkingar

 

Søndag 15. februar:

Seminar: Tema: Gjerder i beiteområder

09.00: Retten og plikta til gjerdehald ved advokat Heidi Anita Skjærvik. Dette er eit tema som har vore oppe på regionmøter og i organisasjonen i fleire år, og nå har vi fått tak i ein svært flink og kunnskapsrik person på dette området

11.00: Pause og utsjekking

Seminar: Tema: Geitehald

11.45: Drifta på ein geitegard i dag ved Tore Krogsveen

12.45: Evaluering og vel heim, ved Pål Kjorstad

13.00: Lunch.