Hans Hjelstuen fekk "Gromsauprisen" for 2013 under landsmøtet i NSG
Etter forslag frå Fåvang Sau og Geit og Oppland Sau og Geit vart Hans Hjelstuen heidra på landsmøtet i NSG på Gjøvik.
Ein stolt, glad og bevega fåvanging mottok den svært fortente prisen under festmiddagen av leiaren i NSG Ove Ommundsen.
Etterpå takka Hans for prisen ved at heile festlyden fekk høyra mange gode minner og historier frå det lange og innehaldsrike NSG-livet til Hans. Fleire vi tala ved etterpå tykkte det var svært interessant og høyra på.