1. Styret i OSG vil derfor i nær framtid gå ut med brev til rovviltnemnda/fylkeskommunen i Oppland med ei oppmoding om at dei snarast tek kontakt med sentrale myndigheiter for å klargjera kva dei vil gjera i saka. Dersom sentrale politikarar vil ha beitenæringa i Norge som ein matproduksjon, må dei ta att makta frå vernebyråkratane i Miljødirektoratet og Klima- og Miljødepartementet. Brevet må innehalda praktiske dokumentasjonar frå dei 21 beitebrukarane om kva som har skjedd, det må innehalda framtidsvyer som viser det alle veit: Dette er berre starten på problemet, næringa vil bukka under ved at nokon eventuelt sluttar/legg om fordi dei andre som enda ikkje har dette omfanget av tap vil bli dei neste.Det må understrekast at Oppland er det største og best organiserte beitefylket i Norge og at problemet i neste omgang vil radere ut beiteprioriterte områder på Vestlandet. Brevet må òg sjølvsagt peika på saker som er årsak til det aukande problemet, bestandstal/bestandsmål, ansvar med å faktisk ta ut vedtekne kvoter, ta ut viktige skadevoldarar osv.

2. OSG vil òg vurdera å ha eit ope møte der sentrale, regionale og lokale aktørar vert bedne inn, sjølvsagt med dei 21 som hovudaktørar.Vi veit at alle aktørar i Oppland er på lag og vil gjera sitt beste for saka vår.

3. Styret i OSG veit ikkje noko om kven dei 21 beitebrukarane er. Til dette treng vi hjelp frå dei sjølve eller andre som kjenner nokon av dei. Vi ber derfor om at dei kontakter OSG på mail tii pkjorstad@outlook.com eller på tlf til 99034406. 

Kom gjerne med innspel til styret! For ein ting er sikker: Står vi ikkje saman kjem vi heller ingen stad.