Infobrosjyra frå Oppland Sau og Geit
Den tradisjonelle brosjyra kjem i posten til alle medlemmar ein av dei fyrste dagane, og vi ber døkk lesa nøye, og gjera døkk klare til nytt år og nye moglegheiter!!
Av stoff i infoskrivet er dei planlagte regionmøtene, som blir arrangert slik:
7/2 kl. 19.00: Bjørnen Kro, Odnes
8/2 kl. 19.00: Sødorp Gjestgivergård, Vinstra
Ellers vert årsmøtehelga nemnt med spennande program på seminaret arrangert saman med Hedmark Sau og Geit 3.-5. mars på Spidsbergseter Resort Rondane. Hugs påmelding innan 1. februar. Påmeldinga ligg på heimesida her.
Hugs også å rapporter bruk av radiobjøller/findmysheep på nettsida her for døkk som enda ikkje har gjort det. Dette er samstundes ein søknad for å fortsetja med det døkk har eller endra antallet.