Jerv i Langsua er fellt
Sno meldar i dag om at ei jervetispe i Langsua er fellt.
Arnfinn Beito frå Øystre Slidre Sau og Geit ringde og var svært glad for denne nyheita. Jervetispa var stor, og det kan vera stor sjanse for at det er individ "264". Dette vil i såfall vera kjempgode nyheiter for beitebrukarane i dette området i 2013. Det vil grunna vidare forvaltning i området i vinter bli teke DNA av denne snarast råd er for å avklara identiteten.
Rovviltnemnda har bestemt at restkvota av jerv med unnatak av 1 dyr skal takast ut i dette området, dersom ikkje noko meire skjer i lisensjaktperioda.