Jula 2015
Oppland Sau og Geit vil ønskje alle sine medlemmar og samarbeidspartnarar ei god og fredfull jul!
Eit nytt småfeår går mot slutten. Enda heng dei største sakene i minnet, og desse minna minner enda ein gong om kor viktig det er å stå saman, både i organisasjonen sjølv og saman med dei samarbeidande faglaga. Det er viktig å tala med ei stemme og ha felles mål i rovviltpolitikken, i jordbruksforhandlingane og i enkeltsaker som t.d. sprayfo-saka. Det er viktigast av alt er å stå saman i eige organisasjon, for her er òg utfordringane til dels store. Vi må informera, koma med innspel og bruka organisasjonen med dei rette organisasjonsvegane til å gjera adminstrasjon, tillitsvalde og medlemmar betre og tryggare på at vi er ein samla familie.
For å trekkja fram eit positivt minne frå året som har gått vil vi i Oppland Sau og Geit gratulera Galstad Samdrift i Vågå med den beste veren i Oppland for 2015.
Under er bilete av "Toer´n" 201421626 m/O-indeks på 145 med stolte oppdrettere. Vi gjer merksam på at bilete inneheld "produktplassering".
Så vil vi ønskja alle saman eit godt nytt småfeår i 2016!!