BREVET:

Mattilsynet

Distriktskontoret Gudbrandsdal

Postboks 383

2381 Brumunddal

Klage på vedtak om pålegg om at 21 beitebrukarar i jervesona i Gudbrandsdalen må setja i verk tiltak i beitesesongen 2014, som gjer at dei totale tapa (søyer og lam) i besetningane deira skal koma under 10%.  

Dykkar referanse: Vedtaka i breva til dei 21 beitebrukarane (namna sløyfa i denne artikkelen)

Oppland Sau og Geit, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og Oppland Bondelag klagar hermed på at 21 beitebrukarar i Gudbrandsdalen har fått pålegg om å setja i verk tiltak for å sørgja for at tapa i besetningane deira skal koma under 10% i 2014. Dersom ikkje dette vert gjort eller om dei ikkje får tapa ned, vert dei truga med avgrensingar i bruk av utmarksbeite til sau i beitesesongen 2015.

Næringsorganisasjonane er sjølvsagt heilt samd i at tapa er altfor høge i desse besetningane og set pris på at Mattilsynet bryr seg, men vi meiner her at desse 21 beitebrukarane ikkje har noko skuld i at dette problemet har kome på dei, og at Mattilsynet her har gjort vedtak på feil grunnlag. Vi meiner at vedtaket vert svært urettferdig mot enkeltpartar i ei samla beitenæring, der forvaltninga av freda rovvilt i Norge, representert ved Miljødirektoratet og Klima- og Miljødepartementet, i desse åra har gjort grove forvaltningsmessige feil. Dei har ikkje forvalta etter intensjonane i rovviltforliket om den tosidige målsetjinga, og dermed vert beitenæringa taparen og i denne samanhengen stempla som syndebukken.

I slike saker før har Mattilsynet brukt 20% som ei grense for å innføra beiterestriksjonar. I fyrste omgang stiller vi oss undrande og spør kva som er grunnen til at denne grensa nå er sett til 10%?

I vedtaket vert det peikt på at beitebrukarane har store tap grunna jerv. Dette er vi einige i, men vi veit og påstår at tapa til beitebrukarane i tillegg er forårsaka av:

  1. Ein jervbestand, som er altfor høg. For denne saka starta det heile i 2011, da Oppland i følgje NINA fekk dokumentert 2 ynglingarar av jerv, noko alle inkludert forvaltningsorgana både da og i ettertid veit var basert på manglande registringar grunna vanskeleg vêr under bestandsregistreringa av jerv denne vinteren. Tapa til jerven i 2011 var på 2708 erstatta sau og lam i Oppland, medan 5 ynglingar i 2010 forårsaka at 1913 sau og lam vart erstatta. Rovviltnemnda i Oppland mista forvaltningsretten på jerv etter dette året, og sidan har rovviltforvaltninga m/Miljødirektoratet i spissen bygd opp ein enda større jervbestand i Oppland med bakgrunn i urette bestandstal i offentleg statistikk. Oppland fekk berre teke ut 3 av 8 dyr i siste lisensjaktperiode, dei har minimum 7 ynglingar i 2014 og derfor må bl.a. desse 21 beitebrukarane slita med dobbelt så mange jerv som dei eigentleg er pålagt å ha i denne beitesesongen. Attpåtil har dei altså i denne saka vorte pålagt å finna tiltak for å minska tapa sine på utmarksbeite, noko dei som beiteutøvarar ikkje kan gjera noko særleg med ved å utøva næringa si. Vi meiner at når forvaltninga av freda rovvilt gjer så grove feil i forhold til bestandsmålet på jerv, så kan ikkje Staten med eit anna organ, Mattilsynet, krevja at desse 21 beitebrukarane skal finna tiltak som minkar tapa deira dersom dei skal halda fram som beitebrukarar.
  2. Tapa til desse beitebrukarane er ikkje berre forårsaka av jerv. Eit aukande og vedvarande problem for desse beitebrukarane har vore streifande/revirsøkande ulv og bjørn. Dersom ein tek 2012, er det lett å visa til at fleire av desse beitebrukarane med adresse Lesja, fekk store tap og dermed høgt gjennomsnittstap dei siste åra grunna ulv. I 2013 fekk fleire på Dovre tap av ulv og bjørn, og vi har døme på at ein av dei 21 beitebrukarane hadde dokumentert 7 tap av sau/lam til ulv , og fekk erstatta 2 av dei til ulv og 5 til jerv. Dette viser at systemet som Mattilsynet tek opplysningane sine frå ikkje stemmer med verkelegheita, og at dermed fleire faktatal som støtter opp under vedtaket ikkje er korrekt utrekna. Ingen av desse 21 beitebrukarane kan klandras for at Staten v/forvaltninga veltar bjørn og ulv innover beitemarkene deira, og vi krev at Mattilsynet må leggja fram opplysningar om at freda rovvilt, som desse 21 beitebrukarane er beiteprioritert i forhold til, ikkje har vore skadevoldar i talmaterialet som har forårsaka vedtaka i sakene. I dette punktet høyrer òg eit diffust og fredingsretta forvaltningsregime på kongeørn med. For det er ingen tvil om at desse 21 òg har hatt eit auka tap til kongeørn desse åra, sjølv om forvaltninga ved Norsk Ornitologisk Forening som registratorar meiner at vi ikkje har fleire hekkande par enn før. Til slutt må vi ta med at alle desse 21 beitebrukarane beiter i beiteprioritert område i forhold til gaupe. Det er ingen tvil om at heller ikkje dette forvaltningsleddet verkar i praksis, og at alle desse òg kan ha eller har hatt skade/tap til gaupe. Når erstatningsregimet «fører over tap til jerv», fordi dette er mest sannsynleg og at det passar inn, kan reknestykket verta som det før nemnte punktet om ulv.

For dei 21 beitebrukarane og for beitenæringa i Oppland, vil vedtaket frå Mattilsynet verka meiningslaust, direkte øydeleggjande for beitenæringa og i strid med Stortingsmelding nr. 15.

  1. Mattilsynet vil med vedtaket starta eller rettare sagt setja større fart på avviklinga av beitebruken i Oppland. I fyrste omgang får desse 21 beitebrukarane skulda for å ha for store tap i forhold til resten av beitenæringa. Alle med nokre praktiske år på baken veit at kvar besetning har eit revir i beitemarka, og når dyr er på feil stad på feil tid i forhold til jervyngling, ulv, bjørn o.l. vil desse få eit større tap enn andre. Vi kjenner alle til beitelag med besetningar med store/middels tap og små/ingen tap, der forklaringa for det meste er rovviltaktivitetar. Samstundes har òg Mattilsynet sjølve gjort undersøkingar i tapsutsette besetningar og funne fine dyr, gode rutinar og konkludert med at dei aller fleste gjorde ein heilt ok jobb. Men kva vil dette vedtaket medføra? a) Dei 21 klarar ikkje å finna tiltak for å minka tapa, rett og slett grunna for store bestandar av freda rovvilt, b) Dei 21 sluttar. Ved mangel på eller ved restriksjonar på beite vil sjølvsagt ei næring som er avhengig av beite i inn- og utmark måtte slutte. c) Kva skjer så med resten av beitebrukarane i områda? Ja da aukar tapa i desse besetningane, og så må desse i neste omgang få beiterestriksjonar. Dersom dette scenarioet skjer, noko som er høgst sannsynleg vil vi hevda at dette vedtaket verkar i mot Stortingsmelding nr. 15 og det vil vera starten på slutten for beitenæringa her. Eit stuttsiktig vedtak vil verka katastrofalt for dei 21 beitebrukarane og på litt lenger sikt verka katastrofalt for resten av beitebrukarane i området. Vi spør: Har Mattilsynet tenkt på dette i vedtaket sitt? Vi krev at Mattilsynet ser nærare på dette og spør seg: Kva vil  Mattilsynet bidra med for å sikra framtida til beitenæringa i Oppland? Vi meiner at Mattilsynet må tenkja på lang sikt og retta saka mot dei som har skapt denne uhaldbare situasjonen.

Oppland Sau og Geit, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og Oppland Bondelag vil påstå at beitenæringa i Oppland har prøvd det meste for å unngå tap/skade av freda rovvilt. Det har aldri vore utført så mykje tilsyn som dei seinaste åra i Oppland. Ein kan nesten kjenna at aktiviteten aukast frå år til år, både kvantitativt og kvalitativt. Det har òg desse 21 beitebrukarane vore med på. I tillegg har 8 av dei personleg leigd elektronisk overvakingsutstyr av Oppland Sau og Geit til bruk i besetningane sine. Alle med unnatak av 1 har slikt utstyr i beitelaget sitt.

Organisatorisk er det stort fokus på tiltak for å minka skader/tap på beite. I tillegg til tilsyn har beitelaga i Oppland med dei 21 inkluderte: gode rutinar med at kopplam/svake lam ikkje vert sleppt, god og ny organisering av beitelaga oppbygging og vedlikehald av beredskapskveer, ledegjerder, sperregjerder og sankekveer, organisering av ordinært og ekstraordinært tilsyn – ofte med hund, organisering av fellessanking og ettersanking, gode rutinar med beredskapen i beite m/sms varslingar regionalt og lokalt. Det har òg vorte ein aukande bruk av kadaverhund for dokumentasjon desse 3 siste åra, og dette har ført til ein auke i antall dokumenterte skader/tap til freda rovvilt.

Beitenæringa og dei 21 beitebrukarane som har fått dette vedtaket har prøvd det meste for å utøva næringa si på ein tilfredstillande måte for samfunnet. Dei produserer mat på norske ressursar på den mest naturgjevne, rimelegaste og mest økologiske måten av alle matvareprodusentar vi har i landet. Rettsleg sett har dei som bønder eigedom med beiterett, som er ein svært gamal, tradisjonell og ikkje minst sterkt rettsbeskytta rett til å beita i utmarka. Vi meiner at Staten v/Mattilsynet ikkje kan vedta eit slikt pålegg som desse 21 beitebrukarane i Gudbrandsdalen har fått.

Lillehammer, Sel og Øystre Slidre 12/06 2014

Terje Holen (sign)                             Trond Ellingsbø (sign)                      Arnfinn Beito (sign)

Nye moment ettersendt i nytt brev av 17/06 etter råd frå advokat Tine Larsen:

I brev datert 12/06-2014, sendt pr. e-post 14/06-2014 klaga Oppland Sau og Geit, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og Oppland Bondelag på at 21 beitebrukarar i Gudbrandsdalen har fått pålegg om å setja i verk tiltak for å sørgja for at tapa i besetningane deira skal koma under 10% i 2014.

I ettertid har vi hatt kontakt med senioradvokat Tine Larsen i Advokatfirmaet Lund & Co DA. Larsen har råda oss til å oppretthalda klaga og i tillegg ettersenda desse tilføyingane til klaga for dei 21 beitebrukarane:

  1. Etter vurderinga vår er dette vedtaket med grunngjevingar i strid med dei grunnleggjande prinsippa i Rendalsdommen, jmf. sitat frå denne:

"Vår rovdyrpolitikk bygger på den oppfatning at den enkelte borger ikke skal påføres omkostninger ved påført skade eller ved tiltak for å forebygge skade. (..)

Rovdyr har til alle tider i større eller mindre grad representert  en fare for at husdyr blir påført lidelser. Like fullt synes det til nå å  ha vært en fremmed tanke at dyreeiere ut fra hensynet til vern mot  rovdyr over et langt tidsrom skulle kunne pålegges å avstå fra å  bruke sin utmarkseiendom som beite. (..)

I realiteten er det naturfredningshensyn og ikke dyrevernhensyn som har vært årsak til at beiteforbudet ble stående ved lag. Man er da utenfor dyrevernlovens ordning med offentlige pålegg for dyreeierens egen regning."

  1. Grensedragninga som vart trekt av Høgsterett mellom ansvaret til dyreeigar og ansvaret til statens/storsamfunnet vart stadfesta under handsaminga av ny dyrevelferdslov i 2009.

Vurderinga vår er at dette vedtaket med grunngjevingane sine står i klar motstrid til gjeldande rett, slik denne kjem til uttrykk i Rendalsdommen. Det er her ikkje snakk om ein forbigåande akuttsituasjon (ansvar til dyreeigar), men resultatet av ein fastsett og vedvarande forvaltning av jerv i området. Pålegg for dyreeigars rekning har her grunngjevinga si ut frå eit naturfredingsomsyn, og ein eventuell beitenekt i beitesesongen 2015 er ikkje ein tidsavgrensa/ forbigåande restriksjon for dei det gjeld, men i realiteten ein langvarig eller permanent avståing av beiteretten. Med gjeldande forvaltningssone for jerv i området må det påreknas fortsatt tapsproblematikk grunna store rovviltbestandar og vern av desse. Ansvar og kostnad for tiltak ligger dermed på Staten v/miljømyndigheitane, og ikkje på den enkelte beitebrukar.  

  1. Vi varslar  til slutt om at vi vil vurdera å forfølgje vedtaket for rettsleg prøving dersom ikkje vedtaket vert endra i samsvar med gjeldande rett slik denne er å forstå etter Rendalsdommen.

Lillehammer, Sel og Øystre Slidre 17/06 2014

Terje Holen (sign)                             Trond Ellingsbø (sign)                      Arnfinn Beito (sign)