Lammetilskot nok ein gong
Saka og utfallet av at Bondelaget/Forhandlingsutvalget ikkje kan rekna er det mest tragiske som har skjedd småfenæringa økonomisk sett. Ein kan lura på kvifor ikkje eit forhandlingsutvalg (for jordbruket....) reagerte slik, dersom dei fekk inntrykk av at staten ikkje hadde noko å tilby:
a) Da dere (staten) ikkje kan gje fullt tilskot, så droppar vi den nye omlegginga og fortset med same modell. Dette trur eg (redaktøren av sida) at ei seinare forhandling har fått i gjennom. Altså ingen større kostnad, men same og ikkje minst i etterkant av oppgjøret - mykje større vinning for småfenæringa, 1/1 tilskot!!
b) Dersom dei i ein gjeve situasjon måtte gje noko for å fått i gjennom dette, ville det etter mitt syn lojalitetsmessig sett, vore det rette å teke ein prosentvis andel av alle tilskota til alle produksjonar for at ikkje berre ein produksjon måtte ta heile tapet.
Men Bondelaget prater om lojalitet andre vegen og snur det heile på hovudet: Det er sauebøndene som skal teia og vera lojale. På landsmøtet i NB på Lillehammer har det kome fram ein del, og vi håper sjølvsagt at landsmøtet stiller seg kritiisk til spelet rundt lammetilskotet. Prioritet 1 er i alle fall at rett informasjon skal koma fram, slik at alle landsmøteutsendingar får vita korleis utfallet eigentleg vart, og at sanninga om prosessen skal koma fram.
"Nå må vi se framover, sa Lars Petter Bartnes i sin første ledertale tll årsmøtet i Norges Bondelag"
Svar: Ja, du har rett Bartnes, det er naturlegvis keitt å sjå bakover da ein er ansvarleg for at 1/2 milliard kr vart verande i statskassa i staden for i sauenæringa.
"På tide å komme seg opp av sandkassa", seier leder i Oppland Bondelag, Trond Ellingsbø på samme møte
Svar: Ja, du har rett Ellingsbø, Bondelaget må kliva ut av sandkassa, sauenæringa har ikkje råd til at andre leikar matematikk med midlar vi har budsjettert med.
"Beklager at dette glapp gjennom", seier Per Skorge.
Svar: Ja, du har rett med endeleg å beklage Skorge, men det er ikkje nok. I alle andre stillingar ville du fått sparken. Redaktøren av denne sida er krass, men for meg som ein gjennomsnittlegg sauebonde har bl.a. du sørga for at garden vår mistar kr. 150.000 kr i tilskot. Heldigvis er vi 2 til å dela: kr. 75.000 i omvendt fallskjerm for meg som overdrar garden til rekrutten, som dere visstnok skal prioritera. Han startar forøvrig med å tapa kr. 75.000 på at dette "glapp gjennom."
Og eg repeterar: Slike tap er det prosentvis på alle andre aktive sauegardar i Norge.
Grotli i GD har følgjande innspel frå landsmøte i GD nå:
For dere som ikkje har abonnement tek eg med eit utdrag:
"Noe må være galt i Bondelaget. «Krigen» det henvises til har mest av alt handlet om en dramatisk omlegging av ordningen med lammetilskudd. Der mange bønder taper hundretusenvis kroner.
Måten denne saken er håndtert på ble onsdag først beklaget av styrets leder Lars Petter Bartnes. Deretter skulle Bondelagets generalsekretær i tillegg avlaste sin leder med å ta sin del av skylda. I seg selv en merkelig opptreden.
Denne saken må åpenbart ha vært mer dramatisk internt enn det som er framme i det offentlige rom. For hva er det Ellingsbø er betuttet over når attpåtil toppledelsen beklager sin håndtering av en sak som skaper frustrasjon?
I tillegg opplevde årsmøtet at begge nestlederne måtte på talerstolen for å skryte av sin leder og hans håndtering av forhandlingene med Staten. Opplever ledelsen sin autoritet svekket?
Det som virkelig bør bekymre Ellingsbø og et årsmøte, handler om fravær av spenninger og debatter om prioriteringer innad i en næring som er stappfull av interne motsetninger.
Når en organisasjon omtaler uenighet som en trussel, ikke som uttrykk for vitalitet og spenst, etterlates inntrykk av alt annet enn trygghet. Slikt lover ikke godt for ei næring som kontinuerlig blir utfordret av en statsråd og en regjering næringen sier seg uenig med."
Til slutt vil Oppland Sau og Geit opplysa om at dei hadde saka oppe på styremøte 4/6 og vedtok at dei ville senda følgjande skriv til Oppland Bondelag:
Oppland Sau og Geit er svært skuffa over at jordbrukets forhandlingsutvalg i forkant av jordbruksforhandlingane la fram eit krav som medførte at alle som produserte og kjem til å produsera lam som vart/vert slakta i 2015 og 2016 berre får ½ lammetilskot for dei. Vi er klar over at dette var for seint alt den 24/4 da forhandlingsutvalget gjorte kravet offentleg, men av di Oppland er eit av dei aller største sauefylka i landet kunne ein tenkja seg at Oppland Bondelag på lik linje med Oppland Bonde- og Småbrukarlag stod fram som ein pådrivar for å få retta opp tåkelegginga i informasjonsflyten frå forhandlingsutvalget om temaet, og dernest ta til orde både for medlemmane sine i Oppland og å varsla om dette til sentralt ledd i organisasjonen for å få retta det opp. Vi la spesielt merke til uttala i radioen om «det gode jordbruksoppgjøret», den manglande støtta nokre av medlemmane frå Fåvang Bondelag fekk på møtet i Øyer og vi såg av artikkel Oppland Bondelag hadde i OA, at «Judas-pengane» på 30 kr/dyr under 100 sauer vert nemnt, men ikkje eit ord om lammetilskotet. Når enkeltbrukarar med sau skal «sponsa» jordbruksoppgjøret med alt frå kr. 25000,- til kr. 500.000,- vert kr. 3000,- som å pisse i havet. Da ville det vera meir rett å utsetja/eller forkasta heile modellen, og fortset med det gamle systemet. Der fekk vi i alle fall utbetalt det vi hadde krav på kvart år.
Oppland Sau og Geit er svært skuffa over Oppland Bondelag og ber om ei forklaring på kvifor dette kunne henda, kvifor sauehald ikkje teljar noko og korleis bondelagsmedlemmar med sau skal handsamas i framtida i organisasjonen. Vi ber om eit møte innan sommarferien med leiar og nestleiar i Oppland Bondelag, og sendar kopi av dette til Norges Bondelag.
Bjorli, 04/06 2015
Arnfinn Beito, leiar