Nils Inge Hitalnd frå, leiar i Hordaland Sau og Geit, heldt velkomsttale til Landsmøteutsendingane. Han hadde bl.a. med ein fin biletserie frå det flotte kulturlandskapet i heimfylket sitt.

 

 

                                                                                                                                                                           

     

Opplandsbenken på Landsmøtet i NSG i Bergen, frå venstre Tobias Stubrud, Håkon Gjelstad, Anna Ulmo, Alf B. Ouren og Pål Kjorstad. I bakgrunnen Tone Edland frå styret i NSG.

 

                                                  

  

 

 

 

 I tillegg til at ei glad og stolt Ingrid Arneng, som nemnt i førre artikkel, fekk Lykleprisen,  

 

 

 

 

 

så fekk ein kjent kar i sauemiljøet, Per Lindholt, Gromsauprisen. Per er kjent frå gjetarhundmiljøet som bl.a. dommer, men er sjølvsagt aller mest kjent frå "Led-sau" - programmet og alt anna på data som han har hjelpt næringa med.

 

 

 

 

 

Ove Ommundsen vart attvald som leiar, medan Erling Offerdal og Kristin Bakke Lajord, sjå bilete under, trekte seg frå styret. Nye i styret vart Tone Våg frå Nord-Trøndelag og Steinar Bergerud frå Buskerud.

 

 

 

 

 

 

I saka vår om å arbeida for auka tilslutting til sauekontrollen gav Landsmøtet oss full tilslutning. Nå kan organisasjonen i alle 3 ledd starta arbeidet med å auka tilslutninga til sauekontrollen. Kanskje er dette ei sak lokallaga kan bruka som tema i fyrste medlemsmøtet sitt.

Til slutt må dette nemnast: Vertskap for neste Landsmøtet i 2013 er OPPLAND!!

Vi tek sjansen på at landsmøtestad vert Gjøvik.