Mattilsynet er bekymra for auka tap på beite
Mattilsynet er som oftast representert på alle møter i rovviltnemnda i Oppland. Til møtet 13/3 la dei (DK Gudbrandsdal v/distriktssjefen) fram eit notat til nemnda, der dei peika på auke i tap av beitedyr til jerv både i og utanfor forvaltningssona.
Mattilsynet har etter rovviltforliket og etter at dei nye soneinndelingane kom i Oppland, studert tapsutviklinga med håp om at denne skulle endrast til det positive. Men da ikkje forvaltningsregimet har endra seg i dei beiteprioriterte områda, kan det nå sjå ut som Mattilsynet nok ein gong trugar med beitenekt. Fokuset er i fyrste omgang retta mot beitebrukarar med over 10 % i tap i snitt over 3 år. Så spørs det berre om nokon med makt "ser" og gjer noko med dette til vår fordel. Vi vil gjerne ha attendemeldingar på notatet under, og forslag på kva vi som tillitsvalde skal gjera med dette.